Høringssvar fra Hjartdal kommune

Høyringsuttale - nytt inntektssystem til kommunane

Dato: 15.02.2016

Svartype: Med merknad

Hjartdal kommunestyre har vurdert forslaget til nytt inntektssystem frå 2017 for kommunane, og kjem med følgjande kommentarar:

  1. Det er uheldig at forslaget til nytt inntektssystem ikkje blei presentert i starten av kommunereformprosessen. Dette undergraver regjeringa sitt eige mål med kommunereforma - eit styrka lokaldemokrati og meir lokal mynde til kommunane - fordi gode lokalpolitiske prosessar krev tid og kunnskap både for folkevalde og innbyggjarar.
  2. Det er positivt at forslaget til nytt inntektssystem inneber at det framleis vil bli gitt full kompensasjon for smådriftsulemper knytt til tenesteytinga. Det er viktig for å oppretthalde busetting og samfunnsutvikling i distrikta generelt og Hjartdal spesielt.
  3. Ein (del)kostnadsnøkkel for kommunale vegar må bli innarbeidd i kostnadsutjamninga. Dette er grunngjeve med at mange småkommunar har ufrivillige lange vegar som følgje av store avstandar.
  4. Kommunar som har delteke aktivt i kommunereforma, men ikkje har kome fram til ei løysing, har ikkje nødvendigvis vald frivillig å vere liten. Da er det urimeleg at inntektssystemet legg opp til å straffe kommunar som blir ståande aleine etter 1. juli 2016.
  5. Grenseverdien for strukturkriteriet må bli sett på eit nivå som gjer at det ikkje rammer distrikt med lange reiseavstandar og lågt folketal på ein negativ måte. Grenseverdien bør derfor ikkje vere høgare enn det midtre alternativet (16,3 km).
  6. Ved færre og større kommunar vil det vere behov for å styrke løyvingane til dei distriktspolitiske tilskota slik at sentraliseringseffektane blir redusert. Hjartdal kommunestyre forventar at dette kjem til syne i dei framtidige budsjettvedtaka i Stortinget.      
  7. I og med at talet på innbyggjarar blir vektlagt så sterk i det nye inntektssystemet er det naturleg at storbytillegget blir fjerna som eiga ordning og midlane omfordelt etter den nye nøkkelen.
  8. Ein auke i skatteandelen vil føre til at regjeringa sin eigen målsetting om likeverdige tenester i heile landet blir svekka. Skatteandelen på 40% må derfor vidareførast.
  9. Det er bra at det ikkje er foreslått endringar i skattelovgivinga knytt til naturressursskatt, eigedomsskatt og konsesjonsavgift. Dette er ein kompensasjon for dei ulemper enkelte kommunar er påført som følgje av varige naturinngrep for å sikre fornybar kraft til storsamfunnet. Denne kompensasjonen må heilt og fullt tilfalle dei kommunane som bærer ulempene.