Høringssvar fra Åseral kommune
Høringssvar fra Åseral kommune - forslag til nytt inntektssystem for kommunene
Saksprotokoll i Kommunalutvalet - 29.02.2016
Før uttale til nytt inntektssystem er det beklagelig at ein ikkje har fått greie på oppgåvene som er tiltenkt kommunane. Dette burde Stortinget ha presisert.
Åseral kommune protesterer og mot at inntektssystemet blir brukt for å tvinge fram kommunesamanslåing.
Åseral kommune syner og til LVK sitt høringsbrev datert 27.01.2016 og støtter dette.
I tillegg ynskjer ein å presisere fylgjande:
1. Høyringsnotatet brukar same modell som Rattsø (1996) og Borge-utvalet (2005). Denne modellen vart og nytta i 2011. Busetnadskriteria er framleis betydeleg undervurdert i den nye kostnadsnøkkelen.
2. Strukturkriteriet: Skal i framlegget brukast til å avkorta basistilskotet. Dette blir feil då det rammar sektortilskota. Basistilskot inngår som element i ei rekkje sektornøklar og desse er i utgangspunktet vurdert for lågt.
3. Regionalpolitiske tilskot: Forslaget gir auka vekt på beløp pr. innbyggjar og mindre beløp pr. kommune. Det same skal vurderast for skjønstilskotet. Ei slik omlegging er uheldig, då den rammar dei kommunane som i dag vert underkompensert ved for låg vekt for basisdelen av kostnadsnøklane.
4. Skatt: Selskapsskatt skal vere kommunal skatt. Denne skal inngå i inntektsutjamninga. Blir inntektene sett på som ein del av kommuneramma vil det bety omfordeling frå næringssvake til næringssterke kommunar.