Høringssvar fra Giske kommune

Uttale til framlegget til nytt inntektssystem for kommunale

Dato: 17.02.2016

Svartype: Med merknad

Giske formannskap er nøgde med at saka er sendt ut på høyring og at det er lagt opp til ei breiprosess.

Giske formannskap behandla utkastet til nytt inntektssystem i møte 15.2.16 og har følgandekommentar til utkastet:

«Verknaden av endringane i inntektssystemet slår til dels kraftig og relativt raskt inn ikommunane sin økonomi, sidan endringa vert iverksett frå 1.1.2017. For fleirtalet avkommunar vert endringane negative og vil krevje til dels omfattande driftsomleggingar,dersom ein skal sikre ei sunn økonomisk utvikling framover. Endring av inntektssystemetkjem på eit tidspunkt der kommunane er inne i ein aktiv og relativt kritisk fase i arbeidet med kommunereforma. Dette er uheldig og vil kunne ta kraft og fokus vekk frå det viktige arbeidet som må gjerast i høve reforma. Ingen kommunar anten ein vel å delta i å etablere ein ny kommune eller ein vel å halde fram aleine etter 2020, kjem uberørt ut av reformarbeidet.

Kommunane bør derfor få høve til å bu seg på dei endringane dei må gjennomføre for å møtesituasjonen frå 2020. Regjering og Storting bør vere opptatt av å sikre eit best mulegutgangspunkt for kommunane fram til 2020, ikkje berre etter 2020.

Ut frå dette meiner Giske formannskap at hovudendringane i inntektssystemet mellom annainnføring av eit ev strukturkriterium, bør skje frå 1.1.2020.

Giske formannskap vil elles peike på at det synest å vere trong for å arbeide meir medoperasjonalisering av strukturkriteriet. Kriteriet slår særdeles uheldig ut for kommunar som,ut frå KMD si vurdering er store nok til å halde fram som eigne kommunar. Dette er eittankekors. Det bør derfor utgreiast alternative modellar. Til dømes kan strukturkriteriet kunnenyttast til differensiering av basistilskot for kommunar der ein ønsker å skille mellomufrivillege og frivillege kostnadsulemper pr innbyggarar, medan kommunar over dennestørrelse får berekna basistilskot som i dag. J fr. høyringsutkastet: «Bakgrunnen for dennegrensen er forskning som viser at det i hovedsak er kommuner med færre enn 5 000 innbyggere som har smådriftsulemper knyttet til lavt innbyggertall».

 

Vedlegg