Høringssvar fra Vest-Telemarkrådet

Høyring - forslag til nytt inntektssystem for kommunane

Dato: 01.03.2016

Svartype: Med merknad

Kommunal- og moderniseringsdepartementet                                                                                 

Postboks 8112 Dep

0032 Oslo                                                                      29. februar  2016

Høyring – forslag til nytt inntektssystem for kommunane.

Vest-Telemarkrådet er negativ til innretningen i det nye inntektssystemet, der omlegginga i stor grad vil favorisere dei større kommunane.

Det går fram at departementet skil mellom “frivillige og ufrivillige smådriftsulemper i kommunal tenesteproduksjon”, og at det berre er “ufrivillige” smådriftsulemper som som skal kompenserast fullt ut. Dei regionalpolitisk tilskota skal i større grad ytast per innbyggjar i staden for per kommune.

Forslaget inneber at dei 10 største byane får betydeleg auke i overføringane, der til dømes auken til Oslo kommune åleine er på 402 millionar kroner.

  • Vest-Telemarkrådet er negative til innretningen i det nye inntektssystemet, og at dette vert nytta som press for å få til kommunesmanslåingar.
  • Vi ynskjer at inntektssystemet skal ta vare på kvalitetane ein finn i dei små kommunane, og ikkje berre fremje stordrift og sentralisering.
  • Skatteutjamninga må vidareførast på dagens nivå.
  • Småkommunetilskottet må rettast mot den enkelte kommune og ikkje gjerast avhengig av innbyggjartalet
  • Vi er imot at det blir innført eit strukturkriterium, og anser at dette i realiteten er bruk av tvang for å få kommunar til å slå seg saman.

Venleg helsing

Vest-Telemarkrådet

 

Erik Skjervagen                                                         Kjell Gunnar Heggenes

Regionordførar                                                          Regionrådsleiar

 

Vedlegg