Høringssvar fra Ål kommune

Høyringsuttale - nytt inntektssystem for kommunane

Dato: 26.02.2016

Svartype: Med merknad

Følgjande høyringsuttale vart samrøystes vedteken av Ål formannskap 22.02.16, sak 13/16:

Vedtak:
Ål kommune gjev denne uttala kring nytt inntektssystem:

  • Den skisserte modellen for endring av basistilskot gir betydelege verknader på omfordeling ut over det som er formålet med endringane. Modellen bør revurderast.

  • Omfanget av regionalpolitiske tilskot bør konkretiserast og sjåast i samanheng med andre regionalpolitiske verkemidlar.
  • Det bør vurderast om ordninga med storbytilskot skal vidareførast. Omfanget bør justerast ned dersom det vert vedteke andre endringar i inntektssystemet som slår positivt ut for folkerike kommunar.

  • Skjønnstilskot bør ikkje nyttast som regionalpolitiske verkemiddel, men berre nyttast til forhold som ikkje vert fanga opp av kostnadsnøkkelen samt hendingar som ein ikkje kan sjå på førehand. Skjønnsramma bør dermed ha likare fordeling mellom fylker (pr. innbyggjar).

  • For å sikre likeverdige tenester til innbyggjarane i alle kommunar, bør skatteandelen haldast låg og skatteinntekter bør utjamnast minst på nivå med dagens ordning.
    Skatteandelen bør vidareførast på 40 % av samla inntekter.
    Skatteutjamningsgraden i den symmetriske delen av inntektsutjamninga bør vera minst 60 %.

  • Ein bør vurdere på nytt om den vedtekne modellen for selskapsskatt vil gi ønska effekt.

 

Vedlegg