Høringssvar fra Nanker Phelge

Selskapsskatt og dei svakaste blandt oss

Dato: 23.01.2016

Svartype: Med merknad

Ein skal vel ikkje berre lata høyra frå seg når ein har noko negativ å kome med, så eg begynner positivt.
At meir av selskapsskatten skal tilbakeførast til kommunane er ein god ting.  Det stimulerer til aktivitet, og for oss som bur i små kommunar så kan dette føre til at janteloven vert tona ned.  Dei som bestemmer i kommunane lyt då sjå positivt på prosjekt som har innteningsevne, og ikkje kosta på seg for mykkje politisk korrekte prosjekt som det "hadde vore koselig om det vart noko av..."
Alikevel er det ein annan ting som er viktigare når det gjeld selskapsskatt, og eg vel meg Hemsedal for å illustrere eksempelet.  Eg trur det vil gjelde for mange kommunar som er sesongdestinasjonar.
Skistar ein stor aktør i Hemsedal som går som ei kule.  Her er driftsresultat som annan landbasert aktivitet kan sjå langt etter.  På overnatting finnes det fleire andre store selskap i Hemsedal, eller Hallindal for den del.  Selskapskatten frå alle disse havnar ikkje i kommunekassane i Hallingdal.  I Hemsedal så bur det ca 2 000 personar året rundt, og i sesongen så aukar dette til 3 000,  Disse 1 000 personane betaler personskatten sin til heimkommunen.

Resultatet er at Hemsedal kommune må halde infrastruktur og kommunale tenester til mange fleire enn dei 2 000 som bur der, og som ein får skatteinntekter frå.  Kommuneøkonomien i kommunar som er sesongdestinasjonar lider under det faktum at det berre er rekninga som ligg att til dei i sluttenden.

Så til ein annan ting, som er mindre positivt med høyringsforslaget;
Ut av høyringsforslaget les eg at pengar til dei svakaste i samfunnet skal verta styrt av antall diagnosar i kommunen.  Dette er eit forferdeleg forslag som straffar kommunar som er inkluderande og flinke til å setje inn tiltak tidleg i livet til dei som ikkje fekk ein god start.  Dette høyringsforslaget eg her kommenterer er kome på bordet som fylgje av kommunereformen, og på generell basis så ynskjer eg den velkommen sidan me treng større kommunar av fleire grunnar. Eg har budd i mange små og større kommunar, og eit fellestrekk har vorte veldig tydeleg for meg.  I små kommuner favnar innbyggarane meir om dei svakaste, og dei vert meir del av vårt felles ansvar.  Mange personar med spesielle utfordringar har levd lange og gode liv i små kommunar utan nokon diagnose.
Det er ei side til, og det er fagmiljøa knytta til dette;  Skal dei få styre kor mykkje pengar som kjem inn i deira system ved å "justere" antal personar med diagnosar.  Nei takk, slik kan me ikkje ha det.  Etter år med nære familiemedlem til behandling i disse fagmiljøa så ser eg at yrkesstoltheita ikkje stikk så veldig djupt.  Eg stolar ikkje på at dette er eit miljø som klarer eit slikt annsvar.
Mitt forslag er å sjå på alle kommunar over +/- 5000 innbyggarar, og sei at der skal være ein grunnbemanning med ei definert utdanning og finansiering.  Sjå deretter på regionar der alle vil ha mindre enn 1t kjøyretid og legg behandlingskapasitet dit. La denne regionale behandlingsplassen få pengar basert på kor mange dei har til behandling til ei kvar tid, og ikkje på kor mange diagnosar dei set.  Det går heilt sikkert ann å finne treffsikre modellar for å berekne dette (til forveksling lik periodisering av avskrivingar jmf skatteloven).

Kommunar som evnar å skape gode miljø, og ivareta sine svakaste vil ha kjente rammer og være sikra eit minimumstilbod til dei som treng det.  Det vil verta sterke fagmiljø i regionane som får ein finansieringsmodell som svingar i takt med konjungturane i samfunnet, og som ikkje er dreven av diagnosar.  Kommunar som ignorerer dei svakaste vil ikkje verta premierat med aukte tilskot for aukande antall diagnosar.
At det kostar pengar for ein kommune i samarbeid med NAV å tilrettelegge resten av livsløpet til disse svakaste blandt oss bør heller ikkje henge på ein diagnose.  Og det er vel det som er den eigentlege flaskehalsen.  Ingen diagnose, ingen leiligeit, ingen stønad, ingen tilrettelagt arbeidsplass, ingen tilrettelagt utdanning.  Dei som jobbar i NAV systemet har stort annsvar, men ingen myndigheit.  Dette vert vel eigentleg ei oppfordring til alt statleg...lat det fylgja myndigheit med annsvaret.