Høringssvar fra Tokke kommune

Høyring nytt inntektssystem - Tokke kommune

Dato: 04.03.2016

Svartype: Med merknad
 

Tokke kommune

Arkiv:                064

Saksnr.:            2016/78-3

Saksbeh.:         Tjøstov Djuve

Direkte tlf.:        35075211

Dato:                27.01.2016

 

 

 

Saksframlegg

 

 

Utval

Utvalssak

Møtedato

Kommunestyret

 

 

 

Høyring - nytt inntektssystem

 

 

 

Saksdokument:

Framlegg til nytt inntektssystem frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) dagsett 17.12.2015 (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/forslag-til-nytt-inntektssystem-for-kommunene/id2467858/ ) .

 

Saksutgreiing:

Svarfristen for høyringa er 1.mars 2016 og difor blir saka lagt fram direkte for kommunestyret. KMD sitt framlegg til nytt inntektssystem er på over 100 sider og blir ikkje lagt ved saka, men kan lesast på KMD si heimeside, jf linken over. Der er det også lagt ut andre opplysningar og andre høyringssvar. KS, Regionalt økonomiforum i BTV (RØF)/Rådmannsutvalet i Telemark og Telemarkforsking og LVK har også kome med innspel og KS og Telemarksforsking har gjort utrekningar/vurderingar som underlag for kommunane sine høyringsfråsegner.

 

Bakgrunn for saka:

 

Generelt

Geografi, avstandar, busetjingsmønster, infrastruktur og næringsgrunnlag er svært ulik i Noreg. Dette forklarar at kommunane er forskjellige når det gjeld innbyggjartal og areal. Høyringsframlegget til nytt inntektssystem tek innover seg at geografiske tilhøve avgrensar høve til å hente ut stordriftsfordelar ved kommunesamanslåingar. Avstandar og geografi er forhold som ligg fast og som ikkje kan påverkast av kommunale vedtak. Denne prinsipielle tilnærminga synest å vera fornuftig.

 

Dei verknadsanalysane som er lagt fram så langt syner likevel store omfordelingar. Det er dei store kommunane med folketal over 25 000 som vil tene på omleggingane av inntektssystemet. Endringane i dei regionalpolitiske tilskota dreg i same retning. Dei framlagde endringane kan såleis forsterke sentraliseringseffektane.

 

Inntektssystemet for kommunane fordeler rammetilskotet mellom kommunane og omfordelar skatteinntektene. Skatteinntektene og rammetilskotet utgjer på nasjonalt nivå ca 75% av kommunane sine inntekter. For Tokke kommune utgjer dette ca 60% av inntektene. Årsaken til at Tokke ligg lågt er at kommunen har kraftinntekter og eigedomsskatt i tillegg.

Inntektssystemet inneheld fleire element, - innbyggjartilskotet inkludert kostnadsnykelen i utgiftsutjamninga, dei regionalpolitiske tilskota og dei ulike skatteelementa. Inntektssystemet for kommunane blei innført i 1986, men er endra fleire gonger. Dei største endringane skjedde i 1997, 2009 og 2011. I tillegg har det vore fleire mindre endringar.

I kommuneproposisjonen for 2016 blei det varsla at det ville kome ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet og at dagens kompensasjon for smådriftsulemper ville bli særleg vurdert. I brev datert 17.12.15 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) blei forslag til nytt inntektssystem presentert. Det er lagt opp til at Stortinget skal handsame forslaget i juni 2016 slik at det nye inntektssystemet skal vere gjeldande frå budsjettåret 2017.

Regjeringa ser endringa av inntektssystemet som ein del av kommunereforma. Dei kommunane som vedtek å slå seg saman med ein eller fleire andre kommunar vil behalde dagens ordningar i inntektssystemet i 15 år + 5 års nedtrapping, medan dei som vedtek å halde fram som eigne kommunar vil få effekten av det nye inntektssystemet frå budsjettåret 2017.

 

Kommunesektoren blir i hovudsak finansiert gjennom frie inntekter, dvs. rammetilskot og skatt. Det er skilnadar mellom kommunane på grunn av ulikt kostnadsnivå ved å tilby tenester og ved at skattegrunnlaget er ulikt. Målet med inntektssystemet er m.a å jamne ut desse skilnadane, slik at alle kommunar blir sett i stand til å tilby gode og likeverdige tenester til innbyggarane sine.

Gjennom utgiftsutjamninga er det i prinsippet full utjamning av skilnadar i ufrivillige kostnadar, medan det gjennom skatteutjamninga er delvis utjamning av skatteinntektene. Eit sentralt spørsmål som blir drøfta i høyringsnotatet er i kva grad kommunar skal kompenserast fullt ut for smådriftsulemper i kommunal tenesteproduksjon.

Storleiken på, og utforminga av dei regionalpolitiske tilskota er politisk grunngjeve. Det same gjeld fastsetjing av skattens del av samla inntekter og graden av inntektsutjamning mellom kommunane.

 

I høyringsframlegget frå KMD blir m.a fylgjande presentert:

  • framlegg til nye kostnadsnyklar for kommunane, inkludert ein ny modell der det blir skilt mellom frivillige og ufrivillige smådriftsulemper
  • endringar i dei regionalpolitiske tilskota
  • omtale av skatteelementa i inntektssystemet

 

Kommunar som slår seg saman får behalde basistilskot og eventuelle regionalpolitiske tilskot som dei misser som fylgje av samanslåinga, i 15 år, før tilskotet blir trappa ned over 5 år. I tillegg får dei reformstøtte og dekking av eingongsutgifter ved samanslåinga.

 

Konsekvensar på landsbasis

Samla sett blir det omfordela 1,7 mrd. kr knytt til endring i kostnadsnyklar og innføring av nytt strukturkriterium (eit slags avstandskriterium), med grenseverdi på 25,4 km. Blir grenseverdien lågare (16,5 el. 13,3 km) blir omfordelingsverknadane ca. 1,3 mrd. kr.

 

Det er dei store kommunane som vil vinne på omleggingane. Når det gjeld dei regionalpolitiske tilskota er det ikkje kome konkrete framlegg om satsar, men det blir sagt at meir av desse tilskota skal fordelast etter innbyggjartal. Dette favoriserar også dei store kommunane.

 

Konsekvensar for Telemark

Basera på talmateriale frå KS og Telemarkforsking får me fram fylgjande bilete for Telemarkskommunane:

Når det gjeld dei regionalpolitiske tilskota – distriktstilskot Sør-Noreg og småkommunetilskot er Telemarkforsking sine føresetnader og utrekningar nytta.

Telemark vil samla sett tape over 41 mill. kr. pr. år på omlegging av inntektssystemet.

Dersom grenseverdien for strukturkriteriet blir sett lågare (16,5 km eller 13,3 km) blir tapet ca. 32 mill. kr. samla for Telemark. For Tokke sin del er det små skilnadar mellom dei ulike alternativa.

 

Det er dei store kommunane i Telemark Skien og Porsgrunn som stort sett vil vinne på endringane. Kommunane i fylket som har dei største avstandane – Fyresdal, Tokke og Vinje vil koma ut stort sett som i dag, medan dei andre kommunane vil til dels få store tap på omleggingane. Men eit endeleg framlegg til inntektssystem kan sjølvsagt sjå annleis ut. Det vil også bli overgangsordningar som i dag slik at moglege tap kan takast over fleire år.

 

 

Utgiftsutjamning - kostnadsnyklar

Framlegg til nye kostnadsnyklar byggjer på faglege analysar som det er vanskeleg å overprøve. Det blir difor lagt til grunn at dette fangar opp dei forholda som forklarar dei ufrivillige kostnadsskilnadane i kommunane knytt til levering av velferdstenester.

 

Rådmannen tilrår den alternative modellen med bruk av tal heiltidstilsette i staden for utdanningsnivå i kostnadsnøkkelen for barnehage. Dette er grunngjeve med at denne modellen vil ha større legitimitet i kommunane. Det samsvarar også betre med dei politiske prioriteringane som nyleg er gjort innan barnehageområdet.

 

Skatt og inntektsutjamning

Det er ikkje gjort framlegg om endringar i skatteandel og inntektsutjamning mellom skattesterke og skattesvake kommunar, og det kan difor sjå ut som det ikkje er nødvendig å kommentere dette. Rådmannen ser likevel ein fare for at tradisjonelt skattesterke kommunar vil presse på for å auke skatteandelen opp frå dagens 40%. Ein slik auke i skatteandel er omtala i Sundvolden-erklæringa til regjeringa. Skatteandelen blir fastsett i dei årlege statsbudsjetta. Dei tradisjonelt skattesterke kommunane står paradoksalt nok i fare for å tape på den ordninga som er vedteke om at kommunane skal få behalde ein del av veksten i verdiskapinga. På grunn av nedgangen i sysselsetjinga i oljebasera verksemder så er det nå reduserte skatteinntekter i mange kommunar. Desse kommunane (t.d. større bykommunar) vil då truleg i staden prøve å få ein større skatteandel i inntektssystemet. Ein større skatteandel er negativt for mindre folkerike, skattesvake distriktskommunar.

Rådmannen meiner òg at det er viktig å understreke at kommunen ikkje ynskjer nokon endring i skattelovgjevinga som kan kome til å opne for inntektsutjamning av eigedomsskatt, konsesjonskraftinntekter og konsesjonsavgifter. Dette er ein kompensasjon til kommunar som er påført ulemper som fylgje av storsamfunnet sitt behov for fornybar energi.

 

Regionalpolitiske tilskot

Det bør sjåast nærare på dei regionalpolitiske tilskota. Ved å heve skatteinntektsgrensa på 120 % opp til den grensa som gjeld for veksttilskotet (140 %) vil Tokke kommune få utløyst distriktstilskot Sør-Noreg med ca 5 mill. kr. På grunn av 120%-grensa får ikkje Tokke småkommunetilskot i dag. Tabellen under syner kva for kommunar i landet som i så fall vil få utløyst distriktstilskot Sør-Noreg i 2017 – om dei same reglane som gjeld for distriktstilskot Sør-Noreg i dag blir nytta. Der gjeld m.a. ei kritisk grense på 46 for distriktsindeksen for å vere kvalifisert for slikt tilskot. Tokke ville altså få utløyst rundt 5 mill. kr (mot 0 kr i dag), og Vinje rundt 6 mill.

 

(Kjelde: Telemarksforsking. Illustrasjonsutrekningar basert på fordeling etter dei same satsane som gjeld for distriktstilskot Sør-Noreg i 2016.)

 

Kommunalt sjølvstyre og inntektsutjamning

Lokalt sjølvstyre er eit av grunnprinsippa for finansiering av kommunesektoren basera på at kommunane skal ha økonomisk sjølvstende og høve til å få ein del av lokale inntekter og verdiskaping. Dette må vegast opp mot prinsippet om at kommunane skal vera i stand til å gje likeverdige tenester til innbyggjarane sine dvs. det bør ikkje vera for store inntektsskilnader.

Det kommunale sjølvstyret er ein svært viktig verdi for KS. Det betyr at den statlege styringa bør avgrensast og den lokale retten til å skattleggje blir oppretthalden.

Ei avgrensing av denne retten til å skattleggje vil bety svekking av kommunane sine insentiv for å leggje til rette for verdiskaping. Dette kan gje samfunnsøkonomiske tap og kan gjera det meir vanskeleg å finansiere velferdsstaten.

 

Dagens inntektsutjamning balanserar omsyna til lokalt sjølvstyre og kommunane sine høve til å gje likeverdige velferdstilbod.

 

Framlegget om å auke den lokale retten til å skattleggje ved å tilføre kommunane inntekter frå selskapsskatten er eit godt framlegg for å styrke det lokale sjølvstyret. Framlegg om tilbakeføring av selskapsskatt bør også omfatte auka verksemd innanfor naturbasera næringar. Den framlagde modellen tilgodeser berre kommunar med næringsverksemd som medfører sysselsetjing då den er basera på vekst i lønsgrunnlaget. Utbygging av naturbasera næringar gjev nødvendigvis ikkje auka sysselsetjing i kommunane og desse kommunane får difor ikkje tilbakeført sin del av lokal næringsvekst i den føreslegne modellen.

Modellen for tilbakeføring må dessutan utformast slik at den ikkje gjev utilsikta verknadar.

 

Rådmannen si tilråding:

  • Tokke kommunestyre syner til rådmannens saksutgreiing, dette er ein del av høyringsfråsegna frå Tokke kommune.
  • Tokke kommune legg til grunn at framlegg til nye kostnadsnyklar fangar opp dei forholda som forklarar dei ufrivillige kostnadsskilnadane i kommunane knytt til levering av velferdstenester.
  • Bruk av tal på heiltidstilsette i staden for utdanningsnivå i kostnadsnykelen for barnehage bør nyttast.
  • Høyringsframlegget til nytt inntektssystem tek innover seg at geografien avgrensar høvet til å hente ut stordriftsfordelar ved kommunesamanslåingar. Avstandar og geografi er forhold som ligg fast og som ikkje kan påverkast av kommunale vedtak. Denne prinsipielle tilnærminga synest å vera fornuftig.
  • Det bør arbeidast vidare med strukturkriteriet slik at det ikkje gjev utilsikta verknadar og for store omfordelingar.
  • Det er unaturleg at det ikkje er same skatteinntektsgrensa for regionalpolitiske tilskot over inntektssystemet. Me oppfattar det ikkje som aktuell politikk å senke grensa for utløysing av veksttilskot, og ser det difor som aktuelt og naturleg at skatteinntektsgrensa for distriktstilskotet for Sør-Noreg (inkl. for småkommunetillegget for dei med færre enn 3200 innbyggjarar) blir heva til 140 %.
  • Skatteinntektsandelen i kommuneopplegget bør haldast innanfor rundt 40 pst, slik som har vore tilfelle dei seinare åra.
  • Dagens inntektsutjamning balanserar omsyna til lokalt sjølvstyre og kommunane sine høve til å gje likeverdige velferdstilbod.
  • Framlegget om å auke den lokale retten til å skattleggje ved å tilføre kommunane inntekter frå selskapsskatten er eit godt framlegg for å styrke det lokale sjølvstyre. Framlegg om tilbakeføring av selskapsskatt bør også omfatte auka verksemd innanfor naturbaserte næringar.

Saksprotokoll i Kommunestyret - 16.02.2016

Framlegg frå Olav Urbø, Sp:

Tokke kommune er sterkt kritisk til at ein blandar kommunereform inn i inntektssystemet med

eit såkalla strukturkriterium.

Strukturkriterium er subjektivt, og subjektive kriterium høyrer ikkje heime i eit inntektssystem.

Det vart røysta over rådmannen sin tilråding.

Samrøystes vedteke.

Det vart så røysta over framlegget frå Olav Urbø, Sp:

Samrøystes vedteke.

Vedtak

  • Tokke kommunestyre syner til rådmannens saksutgreiing, dette er ein del av

høyringsfråsegna frå Tokke kommune.

  • Tokke kommune legg til grunn at framlegg til nye kostnadsnyklar fangar opp

dei forholda som forklarar dei ufrivillige kostnadsskilnadane i kommunane knytt

til levering av velferdstenester.

  • Bruk av tal på heiltidstilsette i staden for utdanningsnivå i kostnadsnykelen for

barnehage bør nyttast.

  • Høyringsframlegget til nytt inntektssystem tek innover seg at geografien

avgrensar høvet til å hente ut stordriftsfordelar ved kommunesamanslåingar.

Avstandar og geografi er forhold som ligg fast og som ikkje kan påverkast av

kommunale vedtak. Denne prinsipielle tilnærminga synest å vera fornuftig.

  • Det bør arbeidast vidare med strukturkriteriet slik at det ikkje gjev utilsikta

verknadar og for store omfordelingar.

  • Det er unaturleg at det ikkje er same skatteinntektsgrensa for regionalpolitiske

tilskot over inntektssystemet. Me oppfattar det ikkje som aktuell politikk å senke

grensa for utløysing av veksttilskot, og ser det difor som aktuelt og naturleg at

skatteinntektsgrensa for distriktstilskotet for Sør-Noreg (inkl. for

småkommunetillegget for dei med færre enn 3200 innbyggjarar) blir heva til

140 %.

  • Skatteinntektsandelen i kommuneopplegget bør haldast innanfor rundt 40 pst,

slik som har vore tilfelle dei seinare åra.

  • Dagens inntektsutjamning balanserar omsyna til lokalt sjølvstyre og

kommunane sine høve til å gje likeverdige velferdstilbod.

  • Framlegget om å auke den lokale retten til å skattleggje ved å tilføre

kommunane inntekter frå selskapsskatten er eit godt framlegg for å styrke det

lokale sjølvstyre. Framlegg om tilbakeføring av selskapsskatt bør også omfatte

auka verksemd innanfor naturbaserte næringar.

 

Tokke kommune er sterkt kritisk til at ein blandar kommunereform inn i inntektssystemet med

eit såkalla strukturkriterium.

Strukturkriterium er subjektivt, og subjektive kriterium høyrer ikkje heime i eit inntektssystem.