Høringssvar fra Samnanger kommune

Samnanger kommune - uttale

Dato: 04.03.2016

Svartype: Med merknad

 Samnanger kommune meiner at inntektssystemet for kommunane i hovudsak er eit fornuftig og rettvist system for å fordela inntektene til kommunane. Inntektssystemet skal byggja på tre grunnleggjande prinsipp om full kompensasjon for strukturelle kostnadsulemper, ikkje vera eit refusjonssystem og eller eit insentivsystem. Det er derfor viktig at utforming av nytt inntektssystem vert gjort nøytralt utan direkte tilknyting til kommunereform og debatten om kommunesamanslåing.

Omsynet til det lokale sjølvstyret og lokal forankring av inntekter er eit viktig prinsipp for vidare finansiering av kommunesektoren. Inntektsordningane som tilgodeser kraftkommunar er i hovudsak grunngjeve med at kommunar som avstår verdfulle naturressursar til storsamfunnet har eit legitimt krav på ein del av den verdiskapinga som finn stad. Skatte- og avgiftsordningar som i dag vert haldne utanfor inntektsutjamninga, t.d. eigedomsskatt, konsesjonsavgifter og konsesjonskraft, må også i framtida haldast utanføre.

 

Kostnadsnøklar

 Det er viktig med føreseielege rammer for kommunane. Ei oppdatering av kostnadsnøklane kvart fjerde år fører til store omfordelingar mellom kommunane kvar gong nøklane vert oppdaterte. Kostnadsnøklane bør av den grunn oppdaterast minst annakvart år, og vektinga mellom sektorane bør skje kvart år. For å unngå at nokre effektar vert overvurderte enkelte år og for å redusera svingingar bør det nyttast gjennomsnitt av siste 4 år.

Samnanger kommune synes det er uheldig at kommunar med mindre enn 20 000 innbyggjarar og kommunar frå Hordaland og nordover gjennomgåande kjem dårleg ut av endringane i kostnadsnøklane. Kostnadsnøklane bør vera politisk nøytrale, ikkje vera insentivskapande og byggja på prinsippet om full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper.

Delkostnadsnøkkelen for barnehagar bør baserast på den alternative modellen utan bruk av utdanningsnivå som kriterium.

 Ein vesentleg del av mottakarane av ressurskrevjande tenester er psykisk utviklingshemma, og enkeltkommunar kan ha særs høge utgifter knytt til tenestetilbodet til desse personane. I departementet sitt framlegg til delkostnadsnøkkel for pleie og omsorg er dette kriteriet vekta betydeleg ned. For å oppretthalda prinsippet om full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper er det viktig at budsjetta for toppfinansieringa av ressurskrevjande brukarar vert styrka slik at ein unngår å redusera tenestetilbodet.

 Samnanger kommune meiner at nøklane ikkje i tilstrekkeleg grad tek høgde for smådriftsulemper. Dette vert ytterlegare problematisk med forslag til endringar i basistilskotet og i småkommunetilskotet.

 

Strukturkriteriet

Slik strukturkriteriet er omtala, meiner Samnanger kommune at dette vil gi for store omfordelingsverknader mellom ulike kommunar. Utrekningar KS har gjort viser at det er dei største byane som vil tena mest på omlegginga til tross for at det er her me finn dei kortaste reiseavstandane. Inntil departementet finn ein annan metode å operasjonalisera strukturkriteriet på, må dagens basistilskot oppretthaldast.

 

Det er bykommunar med meir enn 30 000 innbyggjarar og dei aller minste kommunane med lange reiseavstandar som tener på innføringa av dette kriteriet. Samnanger kommune meiner at verknadane - særleg om ein nyttar 25,4 km som kriterium – er så omfattande for så mange kommunar at det vil føra til store konsekvensar for tenestetilbodet til svært mange. Det kan i neste omgang gi uønska og uheldige konsekvensar for framtidig busetjing i landet.

Kommunar med ein sentralisert busetting vert straffa i det nye systemet. Slike kommunar kan få ein låg reiseavstand på strukturkriteriet utan at det seier noko om reiseavstand til nabokommunar. Kommunar blir såleis klassifiserte som frivillig små fordi folk bur tett i eigen kommune. Dersom departementet går vidare med å bruka den føreslegne modellen til å berekna om kommunar er frivillig eller ufrivillig små, må det utviklast eit system som fangar opp reiseavstandar til nærkommunar, ikkje internt i eigen kommune slik det er lagt opp til i forslaget.

Berekningar viser at modellen som er skissert i høyringsframlegget vil føra til store omfordelingar mellom kommunane. Samstundes med omlegginga av inntektssystemet skjer det store endringar i sektoren i samband med kommunereforma. I ein periode med to store endringsprosessar samstundes vil det vera vanskeleg å oppretthalda prinsippet om likeverdige tenester for innbyggjarane. Det vil vera uansvarleg av regjeringa å innføra denne modellen samstundes som mykje er uavklara i kommunereforma. Det bør setjast ned eit utval som i lys av resultatet av kommunereforma utviklar modellen vidare. Utvalet sitt mandat må vera å sikra full kompensasjon for smådriftsulemper til tenester, medan smådriftsulemper på kommunenivå som er frivillige ikkje blir kompensert fullt ut. Ein slik modell kan få verknad frå 1.1.2020.

 

Distriktstilskot

Samnanger kommune har forståing for at innbyggjartal åleine ikkje skal løysa ut distriktstilskot. Me støttar framlegget om ei forsiktig dreiing av politikken frå storleik på kommunen til reelle distriktsutfordringar. I eit slikt system er det viktig med tillit til den statistiske modellen som bereknar dei reelle distriktsutfordringane. Samnanger kommune er ikkje trygg på at utrekningane som er gjort i framlegget fangar opp den reelle situasjonen.

Samnanger vurderer også småkommunestilskot som ei ordning som skal kompensera for smådriftsulemper. Dette er uavhengig av distriktsindeks, og me meiner at dette ikkje er ivareteke i forslaget.

 

Skatteelementa

Samnanger kommune støttar ikkje framlegget til ny modell for selskapsskatt då den byggjer på forklaringsfaktorar for vekst der kommunane berre rår over ein særs liten del.

Dersom det skal gjennomførast endringar i selskapsskatten, må det føreligga betre kunnskap om samanhengen mellom selskapsskatt og kommunane si tilrettelegging for næringsutvikling.