Høringssvar fra Austrheim kommune

Melding om vedtak - Nytt inntektssystem - høyring

Dato: 01.03.2016

Svartype: Med merknad

 

Kommunestyret - 018/16:

Det er gjort følgjande vedtak i saka:

Austrheim kommunestyre har fylgjande uttale til framlegg til nytt inntektssystem for kommunane: 1.Endringar i inntektssystemet bør bygge på utgreiingar frå eit  offentleg utval som er bredt samansatt  og med medlemmer frå kompetente fagmiljø. Framlegga bør sendast på ei grundig høyring  slik at faglege og samfunnsmessige konsekvensar av endringane er gjenstand for offentleg debatt før  Stortinget fatter beslutning.

2.Fordeling av skatt Austrheim kommune er samd i prinsippet om at kommunane bør ha ei viss grad av økonomisk sjølvstende og mogelegheit for å behalda ein del av inntekter og verdiar som vert skap i eige lokalsamfunn. Likevel ser ein at mange av elementa i skattesystemet er sensitive for svingningar som kan føre til store variasjonar i inntektene i ein kommune, eller mellom kommunar, frå år til år. Dette set vilkåret om likeverdige tenester til innbyggjarane på prøve. Det er derfor viktig å vurdere den skatteutjamninga vi har i dag, for å sikre prinsippet om grad av økonomisk sjølvstende og mogelegheit for å behalda ein del av inntekter og verdiar skapt i eige lokalsamfunn. Skatteutjamingsprosenten bør reduserast frå 60% til 55%.

3. Dei regionalpolitiske tilskota I høyringsnotatet er det lagt opp til endring av dei regionalpolitiske tilskota. Distriktstilskot Sør- Noreg og småkommunetilskotet for kommunane i Sør- Noreg vert slått saman til eit nytt Sør- Norgetilskot. Småkommunestilskotet bør vidareførast slik det fungerer idag. Premisset om at kommunane kan delast inn i « frivillige» og «ufrivillige» små kan ikkje aksepterast. Det bør fortsatt vera rom for både små og store kommuner, både geografisk og befolkningsmessig.

4.Kostnadsnøklene For å sikre føreseielege rammer og full kompensasjon for ufrivilleg kostnadsulempe for kommunane, må kostnadsnøklane oppdaterast oftare enn idag, og då minst annakvart år. Vurderinga av vektinga mellom sektorane bør skje kvar år. For dei områda som har hatt ein sterk auke siste år, som spesialundervisning, barnevern, sosialhjelp og brukarar med stort behov innan pleie og omsorg, må departementet dokumentere betre dei statistiske forklaringsfaktorane for nøklane. Mange av brukarane med stort behov er psykisk utviklingshemma. I dei nye kostnadsnøklane er dette kriteriet vekta ned, utan at den føreslegne toppfinansieringa til brukarar med stort behov dekkar dette. Dette kan få som følgje at tenestenivået for desse brukarane kan bli redusert.

5. Strukturkriterium Alle kommunar mottar eit basistilskot som i 2016 er på kr. 13,2 mill. kr. Innføring av strukturkriteriet vil gje Austrheim ein reduksjon i overføringa. Strukturkriteriet bør fjernast som kriterium for tildeling av tilskot.

6.Overgangsordning Ved endringar i inntektssystemet er det naturleg at dei som taper i eit nytt system vert kompensert i ein overgangsperiode.

7. Skjønnsmidler Ordninga med tildeling av skjønnsmidler bør forsterkast  med utgangspunkt i dei tildelingskriteriene som vert nytta i dag og den uvissa som ligg i framtida pga. arbeidsmarknadssistuasjonen.

8.Slik endringane i inntektssystemet er lagt fram, vert det av mange oppfatta som ein trussel mot i framtida å stå som eigen kommune. Dette er etter Austrheim kommunestyre si meining ei klar tilsidesetting av demokratiske prosessar som bør liggja til grunn for ein eventuell samanslåing av kommunar.