Høringssvar fra Sande Kommune MR

Framlegg til nytt inntektsssystem for kommunane - høyringsuttale

Dato: 17.02.2016

Svartype: Med merknad
  • Sande kommune ser med uro på regjeringa sitt framlegg til nytt inntektssystem ved at stadig større andel av driftsulempene i tenesteytinga vert definert som frivillige kostnader.
  • Sande kommune er uroa over at regionalpolitiske tilskot i form av småkommunetilskotet skal differensierast
  • Sande kommune er uroa over at eingongstilskot og reformtilskot i samband med kommunereforma vert gitt på bekostning av framtidige rammeoverføringar til kommunen. Sande kommune ønskjer ikkje at ei slik kopling vert gjort. Grunngjeve i at ein ufrivillig både kan tape eingongstilskot, reformtilskot og framtidige rammeoverføringar for høve utafor kommunens eigen kontroll. Kor vidt Sande kommune vil lukkast med kommunereforma er også avhengig av andre kommunar ønskje og vilje til reform.

Vedlegg