Høringssvar fra Radøy kommune

Høyringsuttale til forslag om nytt inntektssystem i kommunane

Dato: 04.03.2016

Svartype: Med merknad

Kommunestyret godkjenner følgjande høyringsuttale:

Det vert vist til høyringsbrev frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet med forslag til nytt inntektssystem for kommunane.

Radøy kommune meiner at endeleg vedteke inntektssystem burde vore del av avgjerdsgrunnlaget for vedtak om kommunestruktur. Radøy kommune meiner at inntektssystemet framleis må ha som hovudformål å sikra likeverdige tenester til alle innbyggarane i Norge uansett kor dei bur.

 På følgjande punkt har Radøy kommune merknader til forslag til nytt inntektssystem:

Kostnadsnøklar

  • Vi ber departementet motverka uheldige, utilsikta endringar mellom distrikta, t.d. vil kommunane i fylka langs kysten samla sett koma svært dårleg ut samanlikna med kommunar i det sentrale austlandsområdet.
  • Det er viktig med føreseielege rammer for kommunane. Ei oppdatering av kostnadsnøklane kvart fjerde år fører til store omfordelingar mellom kommunane kvar gong nøklane vert oppdatert. Kostnadsnøklane bør av den grunn oppdaterast minst annakvart år, og vektinga mellom sektorane bør skje kvart år. For å unngå at nokre effektar vert overvurdert enkelte år og for å redusera svingingar bør det nyttast gjennomsnitt av siste 4 år.
  • Kommunane har dei seinare åra opplevd ei sterk auke i utgifter til spesialundervisning, barnevern, sosialhjelp og ressurskrevjande brukarar i pleie og omsorg. Graden av vekst varierer mellom kommunane. Departementet har i lita grad å funne forklaringsfaktorar bak denne veksten. For å oppnå eit inntektssystem med full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper må departementet prioritera å identifisera statistisk utsagnskraftige forklaringsfaktorar for alle kostnadsnøklane.
  • Ein vesentleg del av mottakarane av ressurskrevjande tenester er psykisk utviklingshemma, og enkeltkommunar kan ha særs høge utgifter knytt til personar med psykisk utviklingshemming. I departementet sitt framlegg til delkostnadsnøkkel for pleie og omsorg er dette kriteriet vekta betydeleg ned. Radøy kommune meiner at nedvektinga som vert føreslegen er for sterk. Toppfinansieringa for ressurskrevjande tenester vil berre i liten grad kompensera for inntektstapet som følgje av dette, og konsekvensen kan bli reduserttenestenivå til psykisk utviklingshemma.

 

Nytt strukturkriterium

  • Radøy kommune ber departementet finna løysingar som hindrar at kommunane i Hordaland under eitt taper til kommunane i Oslofjordområdet.

Vi ber departementet om å sikra at t.d. ein ny kommune bygd på Lindås, Meland og Radøy (pluss evt fleire) kjem positivt ut etter 20 år.

Vi finn det urimeleg at ein ny kommune som vert danna på grunnlag av kommunereforma kjem økonomisk dårleg ut etter 20 år, samanlikna med t.d. Bergen, som utan å gjera ei einaste grensejustering, tener over kr. 80 mill. årleg frå dag 1.

  • I inntektssystemet bør det vera noko større stimulering til å gjennomføra ei strukturreform i kommunal sektor enn det er i dag, og rådmannen støttar difor prinsippa og intensjonane som ligg til grunn for innføringa av eit nytt strukturkriterium.
  • Departementet bør arbeida vidare med å operasjonalisera strukturkriteriet for å unngå at kommunar mellom 10 000 og 20 000 innbyggjarar i så stor grad som foreslått får nedgang i tilskot. Ein måte å gjere dette på kan vere å følgje opp KS sin alternative modell om at basiskriteriet berre vert gradert for kommunar med mindre enn 12 000 innbyggjarar, og at det vert lagt inn ein glidande overgang for kommunar mellom 10 000 og 12 000 innbyggjarar (av omsyn til stabilitet på tilskotsnivået). Graderinga av basis får med dette først fullt gjennomslag for kommunar med mindre enn 10 000 innbyggjarar. I et slikt alternativ vil alle kommunar med over 12 000 innbyggjarar koma ut i pluss med eit likt beløp per innbyggjar, medan kommunar frå 0 til 12 000 innbyggjarar vil koma noko dårlegare ut enn i framlegget frå departementet.

Alternativet frå KS vil dermed i større grad enn departementet sitt framlegg støtta opp under intensjonane i kommunereformarbeidet med omsyn til ønska kommunestorleik

  • Berekningar viser at modellen som er skissert i høyringsframlegget vil føra til store omfordelingar mellom kommunane. Samstundes skjer det store endringar i samband med kommunereforma. Med to så store endringar samstundes vil det vera vanskeleg å oppretthalda prinsippet om likeverdige tenester for innbyggjarane. Det vil vera uansvarleg av regjeringa å innføra denne modellen samstundes som mykje er uavklara i kommunereforma. Det bør setjast ned eit utval som i lys av resultatet av kommunereforma utviklar modellen vidare. Utvalet sitt mandat må vera å sikra full kompensasjon for smådriftsulemper til tenester, medan smådriftsulemper på kommunenivå som er frivillige ikkje blir kompensert fullt ut. Ein slik modell kan få verknad frå 1.1.2020.
     

Regionalpolitiske tilskot

  • Radøy kommune støttar framlegget om ei forsiktig dreiing av desse tilskota frå størrelse på kommunen til meir å ta omsyn til reelle distriktsutfordringar. I eit slikt system er det viktig med tillit til den statistiske modellen som bereknar dei reelle distriktsutfordringane. Det er og vera rett at det skjer ei dreiing i retninga av at tilskotet vert gjeve meir basert på innbyggjartal enn ein fast sum per kommune.
  • Veksttilskotet bør inngå som del av inndelingstilskotet ved kommunesamanslåingar, då vekstutfordringane til dei aktuelle kommunane ikkje fell vekk ved samanslåingar.

Skatteelementa:

Radøy kommune er samd i prinsippet om at kommunane bør ha ei viss grad av økonomisk sjølvstende og moglegheit for å behalda ein del av inntekter og verdiar som vert skapt i eige lokalsamfunn. Likevel ser ein at mange av elementa i skattesystemet er sensitive for svingingar og dette kan føra til store variasjonar i inntektene i ein kommune frå år til år, eller mellom kommunar. Dette set vilkåret om likeverdige tenester til innbyggjarane på prøve. Det er difor viktig å oppretthalda minimum den skatteutjamninga vi har i dag.