Høringssvar fra Granvin herad

Høyringssvar nytt inntektssystem frå Granvin herad

Dato: 23.02.2016

Svartype: Med merknad

Det vert vist til høyringsbrev av 16.12.15 om nytt inntektssystem for kommunane med høyringsfrist 1.3.16.

Granvin herad takkar for høve til å kommentera framlegget og gjorde den 18.2.16 slikt vedtak:

1.     Granvin herad meiner det er viktig å nytta inntektssystemet aktivt som eit distriktspolititisk verkemiddel. For å sikra likeverdige tenester til alle er det naudsynt med både omfordelingar og forfordelingar mellom kommunane. Dette gjeld både i høve inntektssystemet og skattesystemet. Me meiner det er for mange uklare element i framlegget til nytt inntektssystem til at det er forsvarleg å gjennomføra omlegginga allereie fom 1.1.17. Dette gjeld skatteopplegget, konsekvensane for nye samanslåtte kommunar, rammetilskotet for samanslåtte kommunar fram til 1.1.2020 og innretninga på distriktstilskota. Nokre av desse uklarheitene vil bli klarlagd i kommueproposisjonen våren 2016, og vil slik ikkje bli del av høyringsprosessen. Dette er eit demokratisk problem.

 2.     Granvin herad meiner at distriktsprofilen i inntektssystemet er for svak og får skeive utslag når strukturkriteriet ikkje måler avstandar mellom kommunar, men innan kommunen. Ein variabel som i utgangspunktet allereie er tatt høgd for i kostnadskriteria. Sjølv om talet på små kommunar vil bli mindre etter kommunereforma, vil Noreg framleis ha eit monaleg tal små kommunar under 3200 innbyggjarar. Desse kommunane vil også i framtida vere avhengig av den innovasjon og utvikling av tenestene som dei mellomstore distriktskommunane kan stå for. Det er derfor svært uheldig at kommunane mellom 5000 – 20 000 innbyggjarar jamt over tapar i det nye inntektssystemet.

 3.     Inntektssystemet må vere konsisten i den forstand at dersom ein meiner at nokre kommunar er ufrivillig små, må dei kompenserast fullt ut. Innretninga på distrikstilskota må difor vere av ein slik karakter at dei minste kommunane ikkje tapar på omlegginga. Fylkesmannen si ramma for skjønnsmidlar bør styrkast for å ta høgd for skjønnsmessige vurderingar som fell utanfor modellen.

Kostnadsnøklar

 4.     Det er viktig med føreseielege rammer for kommunane. Ei oppdatering av kostnadsnøklane kvart fjerde år fører til store omfordelingar mellom kommunane kvar gong nøklane vert oppdatert. Kostnadsnøklane bør av den grunn oppdaterast minst annakvart år, og vektinga mellom sektorane bør skje kvart år. For å unngå at nokon effektar vert overvurdert enkelte år og for å redusera svingingar bør det nyttast gjennomsnitt av siste 4 år.

5.     Kommunane har dei seinare åra opplevd ei sterk auke i utgifter til spesialundervisning, barnevern, sosialhjelp og ressurskrevjande brukarar i pleie og omsorg. Graden av vekst varierer mellom kommunane. Departementet har i lita grad å funne forklaringsfaktorar bak denne veksten. For å oppnå eit inntektssystem med full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper må departementet prioritera å identifisera statistisk utslagskraftige forklaringsfaktorar for alle kostnadsnøklane.

6.     Granvin heradsstyre er ueinig i departementet sin argumentasjon for å utelata kommunale vegar frå utgiftsutjamninga. Dei kommunale vegane er ein viktig del av infrastrukturen i landet og opne vegar året rundt er viktig for å sikra velferdstenester, livskvalitet og tryggleiken til innbyggjarane. Kommunane kan i liten grad velja å privatisera vegar utan å påføra innbyggjarane store private kostnadar, samstundes opplever kommunar at stat og fylkeskommune omklassifiserer sine vegar til kommunale vegar. Kommunale vegar er ei nasjonal velferdsteneste med særs variable utgifter mellom kommunane på grunn av ufrivillige klimatiske og geografiske forhold. Granvin heradsstyre ber departementet om å revurdera avgjerda si og innlemma kommunale vegar som ein eigen delkostnadsnøkkel.

7.     Ein vesentleg del av mottakarane av ressurskrevjande tenester er psykisk utviklingshemma, og enkeltkommunar kan ha særs høge utgifter knytt til personar med psykisk utviklingshemming. I departementet sitt framlegg til delkostnadsnøkkel for pleie og omsorg er dette kriteriet vekta betydeleg ned. For å oppretthalda prinsippet om full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper er det viktig at budsjetta for toppfinansieringa for ressurskrevjande tenester vert styrka slik at tenestetilbodet ikkje vert redusert.

8.  Departementet føreslår at kommunane fortsatt skal få full kompensasjon for smådriftsulemper på tenestenivå. Samstundes vert kriterium for busetjingsmønster, sone og nabo, vekta ned i framlegget. Granvin heradsstyre meiner at dette er feil då reknemodellane ikkje klarar å ta omsyn til naturlege barrierar for sentralisering som til dømes rasfarlege vegar.

Skatteelementa

9.     Granvin heradsstyre er einig i prinsippet om at kommunane bør ha ei viss grad av økonomisk sjølvstende og moglegheit for å behalda ein del av inntekter og verdiar som vert skapt i eige lokalsamfunn. Likevel ser ein at mange av elementa i skattesystemet er sensitive for svingingar og dette kan føra til store variasjonar i inntektene i ein kommune frå år til år, eller mellom kommunar. Dette set vilkåret om likeverdige tenester til innbyggjarane på prøve. Granvin heradsstyre ser det som viktig å oppretthalda minimum den skatteutjamninga me har i dag.

 10.  Granvin heradsstyre støttar ikkje framlegget til ny modell for selskapsskatt då den byggjer på forklaringsfaktorar for vekst der kommunane berre rår over ein særs liten del.