Høringssvar fra Skjåk kommune

Høringsuttale - forslag til nytt inntektssystem for kommunane

Dato: 02.03.2016

Svartype: Med merknad

Vedtak i Skjåk kommunestyre - 25.02.2016

Skjåk kommune vedtek følgjande uttale til regjeringa sitt forslag om endringar i inntektssystemet for kommunane:

 

  1. Kommunen støtter forslaget om endra kostnadsnøklar og endra sektorvekting.
  2. Modellen for berekning av strukturkriteriet framstår som uferdig og må synleggjera betre kva den meiner å oppnå. Grenseverdien for reiseavstand må setjast lågt.
  3. Dei regionalpolitiske verkemidla må vidareførast på nivå som gjev kommunar med store distriktsutfordringar inntektsmessig grunnlag til å vidareføre gode velferdstenester.
  4. Det er viktig å vidareføre dagens inntektsutjamning på minst 60%, og skattedelen må ikkje aukast.
  5. Kommunar som blir ramma urimeleg hardt pga endringane i inntektssystemet, må gjevast skjønnsmidlar, jfr noverande INGAR-opplegg.
  6. Utforming av nytt inntektssystem må gjerast nøytralt og utan tilknyting til kommunereforma.
  7. Inndelingstilskottet må ikkje tidsavgrensast.
  8. Kvar enkelt kommune må halde fram med å få inntekter knytt til kraft, inkludert eigedomsskatt, konsesjonsavgift, naturressursskatt og konsesjonskraft, utan at dette blir jamna ut mot overføringar elles. Dette er grunngjeve med lokaldemokrati og at dette er verdiskaping med utgangspunkt i at lokalsamfunna har gjeve frå seg av sine lokale verdiar og ressursar. Dette prinsippet må ikkje avvikast.