Høringssvar fra Stord kommune

Høyringsuttale

Dato: 22.02.2016

Svartype: Med merknad


Saksprotokoll i Formannskapet - 10.02.2016
Høyringsuttale:
1. Stord kommune meiner at framlegg til endringar i kostnadsnøklane i det store og heile speglar ulikskapar i demografi, geografi og kommunestorleik på ein god måte. Kostnadsnøklane bør oppdaterast jamleg for å fange opp demografiske og strukturelle endringar.
2. Kommunen vil likevel peika på at inntektssystemet fortsatt ikkje godt nok tek opp i seg særlege utfordringar knytt til regionsenterfunksjonar, ved at desse kommunane har høgare utgifter til sosiale kostnader, og som følgje av at ein må dimensjonera tenestene for studentar og tidvis store innslag av gjestearbeidarar.
3. Inntektssystemet har og i liten grad teke opp i seg kommunen sitt ansvar for pleietrengande under 66 år. Det er likevel positivt på at innslagspunktet for ressurskrevjande tenester ligg an til å verta
justert ned, og vil på det sterkaste oppmoda om at dette vert følt opp i kommuneproposisjonen.
4. Kommunen støttar forslaget om å erstatta basistilskotet med eit strukturkriterium. Forslaget må likevel utviklast og bearbeidast. Stord er blant dei mest tettbygde kommunane i landet og har eit innbyggjartal nær 20 000. Kommunen bør derfor ikkje får reduserte rammer som følgje av ei omlegging med ambisjon å fjerna frivillige smådriftsulemper. Kommunen støttar intensjonen med å innføra eit strukturkriterium men meiner at slike utslag vil svekka legitimiteten til forslaget.
5. Innslagspunktet for veksttilskot må vurderast. Stord kommune har over år hatt utfordringar som følgje av kostnader knytt til vekst, men er ikkje blitt kompensert sidan ein ligg under innslagspunktet. Det er i tillegg urimeleg at kommunen også får eit trekk som følgje av at veksttilskotet vert finansiert ved ei omfordeling innanfor den samla ramma.
6. Skatteutjamningsgraden bør aukast til 75%. Når ein i delar av landet må rekne med større svingingar i skatteinntektene enn tidlegare vil dette vere eit viktig bidrag frå staten til kommunar som opplever sviktande skatteinntekter. I tillegg vil det vera eit argument for å auka utjamningsgraden dersom deler av selskapsskatten vert gjort kommunal. Store svingingar i denne var mellom årsakene til at den i si tid vart teken bort
7. Regjeringa bør arbeide vidare med inntektssystemet for å finne kriterier for folkehelse og anna førebyggjande arbeid som hindrar utgifter.

Handsaming:
Samrøystes vedteke