Høringssvar fra Fylkesmannen i Rogaland

Høyring - forslag til nytt inntektssystem for kommunane

Dato: 01.03.2016

Svartype: Med merknad

Vi viser til høyringsbrev av 17. desember 2015 med forslag til endringar i inntektssystemet for kommunane. Fylkesmannen har merknader til desse elementa i høyringsnotatet:

Det nye strukturkriteriet

Det blir føreslått å gradera basistilskotet for å gjera inntektssystemet meir nøytralt i høve til kommunestruktur. Kommunar som er «friviljug små» etter strukturkriteriet, vil då få reduksjon i basistilskotet. Det kan verka urimeleg å få trekk i basistilskotet om nabokommunen takkar nei til å danna ny kommune, fordi denne kommunen ikkje får trekk. Berekningar tyder på at det kan bli fleire slike tilfelle berre i Rogaland. Vi kan derfor ikkje rå til at kriteriet blir innført slik det er utforma.

Generelt ser kriteriet ut til å slå ut negativt for dei mellomstore kommunane, sjølv om dei kan ha ein rasjonell storleik når det gjeld tenesteyting. Også dette tilseier etter vårt syn at utforminga av kriteriet bør vurderast meir nøye.

Kostnadsnøklane

Ein bør generelt velja dei modellane som gir størst forklaringskraft. Dette skulle då m.a. tilseia at ein held på dagens modell for sosialhjelp og at ein vel hovudalternativet for barnehage. Vi stør derfor også den nye landbruksnøkkelen.

Når det gjeld framlegget om å ikkje lenger ha talet på norskfødde barn med innvandrar-foreldre som eit kriterium i kostnadsnøkkelen for grunnskule, viser vi til det som blei poengtert i NOU 2010:7 Mangfold og mestring, kap. 6.4.3, om dette. Mykje kan tala for at tilbodet om særskilt språkopplæring er blitt redusert etter at det øyremerka tilskotet er innlemma i rammetilskotet. Vi oppmodar til å ta med dette kriteriet enno ei tid.

Både for grunnskule og barnehage kan det bli auka utgifter til hjelp til minoritetsspråklege barn framover, både på grunn av auka erkjenning av behov for og dermed rett til slik hjelp, og på grunn av auke i talet på slike barn. Det er viktig at dette blir analysert og følgt opp snarleg.

Regionalpolitiske tilskot

Det blir føreslått ei forenkling av desse tilskota og m.a. ei kopling av småkommunetilskotet / tillegget til distriktsindeksen. Vi er skeptisk til det siste. Småkommunar kan ha utfordringar som ikkje er fanga opp i distriktsindeksen.

Det er ein sterk opphopingseffekt i desse ordningane, m.a. gjennom profilen i skjønstilskotet. Store delar av skjønstilskotet skal vera grunngjeve regionalpolitisk (gjennom fylkesrammene), utan at dette er reflektert i retningslinjene for tildelinga.

Vidare har ein ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift som tener som ei skjult overføring av vesentleg omfang.

Det bør derfor utførast ei samla evaluering av alle desse ordningane før småkommune-tilskotet blir endra vesentleg.

Skatteelementa i inntektssystemet

Det er ein omtale av skatten sin del av inntektene og skatteutjamninga, utan at det er føreslått endringar her.

Når det gjeld skatteutjamninga, ser vi at det frå tid til annan kjem framlegg om å endra utjamningsgraden, og då helst å auka nivået.

Utjamningsgraden blei trappa opp frå 55 til 60 % i åra 2009 til 2011. Truleg er dagens utjamningsnivå eit brukbart kompromiss mellom omsyna til utjamning og å behalda lokal verdiskaping. Legitimiteten i skattesystemet er også ein faktor her.

Høgt skattenivå avspeglar høgt lønsnivå i privat sektor, noko som også pressar opp lønsnivå og kostnadsnivå elles for kommunale tenester i desse kommunane. Kostnadsnøkkelen tek ikkje omsyn til dette.

Vi gjer også merksam på at kommunane i Rogaland nyttar ut potensialet i eigedomsskatten når inntektsrammene kjennest for tronge.

Korreksjonsordninga for statlege og private skular

Denne korreksjonsordninga er ikkje vurdert i høyringsnotatet, jf. side 14. Det har vore stor auke i talet på elevar i private skular, og det er svært ujamn fordeling mellom kommunane.

Ordninga har etter det vi kan sjå vore uendra lenge. Vi meiner derfor at det er viktig at denne ordninga nå blir evaluert.

Det blir rapportert om tilfelle der ein kommune med mange slike elevar kan ta inn desse i dei kommunale skulane omtrent utan å oppretta nye klasser/grupper. Det blir då eit stort mishøve mellom trekk og rom for innsparing, og ei skeivfordeling mellom kommunane ved at dei som har få elevar, får for stor tilbakeføring av inntrekte midlar. Ein bør iallfall vurdera trekket pr. elev, dette er truleg for høgt.

Med helsing

Magnhild Meltveit Kleppa

Lone M. Solheim

 

avdelingsdirektør