Høringssvar fra Askvoll kommune

Nytt inntektssystem for kommunane - høyringsuttale frå Askvoll kommune

Dato: 04.03.2016

Svartype: Uten merknad

 

  • Askvoll kommune støttar ei omlegging av inntektssystemet i ei retning der ein i større grad enn i dag skil mellom frivillege og ufrivillege smådriftsulemper gjennom å innføre eit strukturkriterium.
  • Askvoll kommune støttar også ei omlegging av småkommunetilskotet slik at det i større grad blir gradert etter kva distriktspolitiske utfordringar dei minste kommunane har.
  • Skatteandelen av kommunane sine inntekter må ikkje aukast, og inntektsutjamninga må heller ikkje svekkast.
  • Askvoll kommune er kritisk til at kriteria som skal kompensere for meirutgifter ved lange reiseavstander og stort areal er vekta ned i det nye inntektssystemet. Det vert vanskelegare for kommunar som Askvoll å sikre gode og tenlege offentlege tenestetilbod i grendene med mindre tilgang på økonomiske ressursar.