Høringssvar fra Gaular kommune

Framlegg til endringar i inntektssystemet. Fråsegn frå Gaular kommune.

Dato: 29.02.2016

Svartype: Med merknad

Gaular formannskap. Vedtak i sak 12/16:

1. Gaular kommune meiner at dei føreslegne endringane i inntektssystemet er så omfattande og har så store konsekvensar at dei bør utgreiast på same måte som tidlegare utgreiingar om endringar i inntektssystemet. Det er naturleg at slike endringar vert utgreidd og vurdert i utval med representantar frå ulike interessegrupper og fagfolk (t.d. NOU).

2. Det er uhelding at endringar i inntektssystemet vert knytta opp mot det pågåande arbeidet med kommunereform, og at kommunane må ta viktige steg i ei utgreiing om samanslång før ein kjenner det endelege resultatet av Stortinget si handsaming av kommueproposisjonen for 2017.

3. Kommunen vil peike på at kriteria reiseavstand og Sør-Norgetilskotet truleg vil gje Gaular kommune ein inntektssvikt på inntil om lag 8,3 mill. Av omsyn til konsekvensane for tenestetilbodet bør slike endringar ikkje gjennomførast.

Dersom dette likevel vert gjennomført bør alternativet med 16,5 km reiseavstand veljast og Sør-Norgetilskotet gjerast uavhengig av distriktskriteriet. Endringane bør eventuelt gjennom-førast gradvis.

4. Gaular kommune meiner at inntektssystemet i større grad må sikre inntektene og tenestene i dei mellomstore kommunane som har mellom 10 og 30000 innbyggjarar.  Gaular kommune ber regjeringa utvikle strukturkreteriet vidare.

 

5. Barnehage. Kommunen støttar nytt kriterie barn 1-5 år og tal heiltidstilsette 20-44 år.

 

6. Endringar i skatt.

Skatten sin del av kommunane sine frie inntekter bør ikkje aukast. Før det vert teke standpunt til om selskapsskatt skal overførast til kommunane bør det greiast ut kva konsekvensar dette vil ha for den enkelte kommune. Det er og naudsynt å få dokumentert nærare kva samanheng det er mellom kommunane sitt arbeid med næringsutvikling og verksemder i kommunen.

 

Vedlegg