Høringssvar fra Vindafjord kommune

Høyringsuttale frå Vindafjord kommune - nytt inntektssystem

Dato: 29.02.2016

Svartype: Med merknad

Høyringsuttale frå Vindafjord kommune

Vedtatt i Vindafjord formannskap 9. februar 2016, sak F017/16

Det overordna formålet med eit inntektssystem, er å utjamne ufrivillige forskjellar i utgifter og inntekter, slik at alle kommunane i landet har mulighet til å gi eit likeverdig tenestetilbod til innbyggarane. Hovudelementa i framlegget til nytt inntektssystem er:

  • Nye kostnadsnøklar for kommunane, inkludert ein modell der det blir skilt mellom frivillige og ufrivillige smådriftsulemper
  • Endringar i dei regionalpolitiske tilskota
  • Oppsummering av skatteelementa i inntektssystemet

Nye kostnadsnøklar: I utgangspunktet er framlegg til nye kostnadsnøklar ei rein oppdatering av dei nøklane som gjeld i dag. Dei ulike kriteria i nøklane er justert i høve til vekting, og det er gjort mindre endringar i samansetninga av kriteria for nokre av nøklane. Vindafjord kommune har ingen særskilte kommentarar til desse nøklane, med unntak av delkostnadsnøkkelen for barnehage. Der er det peikt på ein alternativ nøkkel. Den opprinneleg nøkkelen har hovudvekt på barn i alderen 2-5 år, og tar elles omsyn til barn 1 år med kontantstøtte og utdanningsnivå i kommunen. Den alternative nøkkelen har hovudvekt på barn 1-5 år og tar elles omsyn til talet på heiltidstilsette i aldersgruppa 20-44 år. Vindafjord kommune meiner at det kan vere meir relevant å ta omsyn til talet på heiltidstilsette i den aldersgruppa som har barn i barnehage i staden for å sjå på det generelle utdanningsnivået i kommunen. Utdanningskriteriet ville vore meir relevant dersom det hadde vore målt på aldersgruppa 20-44. Ulempen med å ta omsyn til talet på heiltidstilsette, kan vere at land-kommunane vil kome dårlegare ut fordi det tradisjonelt er fleire som arbeider deltid enn i by-kommunane. Det er den opprinnelege nøkkelen som er lagt til grunn ved utrekning av utslag i dei enkelte kommunane. For Vindafjord kommune vil samla utslag av nye kostnadsnøklar utgjere eit tap på kr 194 pr. innbyggar, eller kr 1 695 000 totalt.

Strukturkriterium: Det blir lagt opp til å skilje mellom frivillige og ufrivillige smådriftsulemper, ved å bruke eit strukturkriterium til å fastsette kommunane sitt basistilskot. Ein legg opp til å måle reiseavstand for den enkelte innbyggar for å møte 5 000 innbyggarar. Talet ein kjem fram til skal så brukast til å gradere basistilskotet, som i dag er likt for alle kommunane. Det vil bli sett ein grenseverdi for kor lang reiselengde som tilseier full kompensasjon. Kommunar med korte reiseavstandar, vil etter ny modell få avkorting i basistilskotet. Ulempen med strukturkriteriet, er at det ikkje treff særleg godt i høve til det som er intensjonen. Sidan ein måler reiselengde til berre 5 000 innbyggarar, vil bruken av strukturkriteriet på større kommunar i hovudsak berre gi informasjon om intern reiselengde i kommunen. Resultatet blir at kommunar opp mot 20 000 innbyggarar vil få lågare basistilskot enn i dag, sjølv om desse kommunane ikkje er hovudmålgruppa for ufrivillige smådriftsulemper. Dei kommunane som vil tene på det nye kriteriet, har folketal på 3 000 eller færre, og 20-25 000. Kommunar med folketal mellom 15-20 000 vil tape på framlegget. Tala er basert på ein grenseverdi på 25,4 km. Dette er ikkje heilt i tråd med ekspertutvalet sine anbefalingar om kommunestørrelsar på minimum 15-20 000 innbyggarar. Vindafjord kommune har ein gjennomsnittleg reiseavstand på 12,4 km. Dersom dette blir innført, vil Vindafjord kommune tape kr 291 pr. innbyggar. Totalt utgjer det kr 2 552 000. Lågare grenseverdiar vil gi lågare tap. Gjennomsnittleg reiseavstand i Rogaland er 13,9 km. Vindafjord kommune meiner at ein bør arbeide meir med strukturkriteriet, slik at det treff betre i samsvar med intensjonen.

Regionalpolitiske tilskot: Dei regionalpolitiske tilskota blir foreslått samla i to nye tilskot,- Nord-Norgetilskot og Sør-Norgetilskot. Det gamle små-kommunetilskotet er foreslått vidareført innan dei to nye tilskotsordningane. Satsane vil bli differensiert ut frå kommunen sin verdi på distrikts-indeksen. Denne indeksen synleggjere graden av distriktsutfordringar. Låg indeks tilseier høge distriktsutfordringar. Grensa for å få del i små-kommunetilskotet er 46. Vindafjord kommune er indeksert til 64. Snittet i Rogaland er 69. Det blir vidare forslått at tilskota i større grad skal fordelast etter innbyggartal og mindre pr. kommune. Det vil gi størst negativ effekt for dei minste kommunane. Framlegget inneheld ikkje satsar for desse nye tilskota, og verknaden for enkeltkommunar er såleis ikkje kjent. Vindafjord kommune meiner tilskota bør utformast slik at effekten blir dempa for dei minste kommunane.

Skattemodell: Høyringsforslaget foreslår ingen endring av dagens modell for skatt og skatteutjamning, men viser til at dette er noko som må fastsetjast årleg i samband med kommuneopplegget i statsbudsjettet. Skatteandelen utgjer i dag 40% av kommunesektoren sine inntekter. Eksisterande skatteutjamningsmodell bidrar til å utjamne skatteinntektene pr. innbyggar på ein god måte. Både grad av skatteandel og utforming av utjamningsmodell er viktige faktorar i høve til å fordele kommunane sine inntekter på ein slik måte at ein har moglegheit for å gi eit likeverdig tilbod til innbyggarane sine. Det er for tida knytt stor usikkerhet til skatteinntektene. Med omsyn til å gi kommunane forutsigbare rammevilkår, meiner Vindafjord kommune at skatteandelen ikkje bør aukast ut over dagens nivå.

Oppsummering: Framlegget til nytt inntektssystem ser ut for å favorisere kommunar med innbyggartal under 3000 og over 20-25 000. Det betyr at kommunar i med innbyggartal mellom desse nivåa vil kunne tape på omlegginga. Det er underleg i lys av ekspertutvalet sin anbefalingar om kommunestørrelsar på minimum 15-20 000 innbyggarar. Vindafjord kommune med sine 8 700 innbyggarar vil tape på dette. Vindafjord kommune er inne i ein prosess der ein utgreier ulike alternativ for kommune-samanslåing. Alternativa er samanslåing av Vindafjord og Etne, eller samanslåing av dei fire kommunane på indre Haugalandet,- Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Uavhengig av val, vil ein framleis ha problem med å nå opp i eit folketal som gir positiv utteljing. Dei geografiske utfordringane er heller ikkje uvesentlege. Vindafjord kommune meiner at framlegg til nytt inntektssystem må endrast på følgjande område:

  •  Framlegget må endrast slik at ikkje mellomstore kommunar blir «straffa» – jf strukturkriteriet
  • Ved utforming av delkostnadsnøkkel for barnehage er det meir relevant å ta omsyn til talet på heiltidstilsette i den aldersgruppa som har barn i barnehage i staden for å sjå på det generelle utdanningsnivået i kommunen
  • Skatteandelen bør ikkje aukast ut over dagens nivå på 40% 

Vindafjord kommune ønskjer eit mangfald av kommunar. I framtida vil vi fortsatt ha små og store kommunar, både geografisk og befolkningsmessige. Dersom vi vil ha eit likeverdig tenestetilbod til alle innbyggjarar i alle kommunar, må vi ha eit kommunalt inntektssystem som sikrar det.

Vedlegg