Høringssvar fra Vestnes kommune

Vestnes kommune

Dato: 29.02.2016

Svartype: Med merknad

Vestnes formannskap viser til brev av 17.12.2015 fra Kommunal- og moderniseringsdepartementet med forslag til nytt inntektssystem for kommunene og gjev følgende høyringsuttale:

1.

Vestnes kommune meiner det er viktig å ha et inntektssystem for kommunane som sikrar at alle innbyggjarane får tilgang til så likt tenestetilbud som mogeleg, uansett kvar i landet ein bur.

2.

Inntektssystem bør være forutsigbart over tid, og bygd opp på en slik måte at det ikkje er for vanskeleg å forstå.

3.

Skatteandelen må videreførast og bør ikkje aukast ut over dagens nivå (40 % av kommunesektoren sine samla inntekter). Inntektsutjamninga må ikkje svekkast.

4.

Vestnes kommune vil prioritere å legge til rette for næringsutvikling og vekst. At ein kan få behalde noko av selskapsskatten kan være positivt i dette arbeidet.

Innføring av selskapsskatt som ei kommunal inntekt fra 1. januar 2017 bør utsettast til ein har forskningsbasert dokumentasjon på om det er sammanheng mellom selskapsskatt og kommunen si tilrettelegging for næringsutvikling. Pr. i dag er det for usikkert kva effekt selskapsskatt vil ha for næringsutviklinga, det kan og gje utilsikta ulikskap mellom kommunane

5.

Innslagspunktet for tilskudd til ressurskrevande tenester må justerast ned tilsvarande nedvektinga av kriteriet psykisk utviklingshemma 16 år og over. Den statlege kompensasjonsgraden må ikkje reduserast frå dagens nivå (80%)