Høringssvar fra Bømlo kommune

PS 4/16 Høyring - nytt inntektssystem for kommunane

Dato: 25.02.2016

Svartype: Med merknad

Rådmannen sitt framlegg til vedtak:

Bømlo kommune gir slik uttale til nytt inntektssystem for kommunane.  

  1. Inntektssystemet bør stimulere til å satse på førebyggande arbeid og dermed stimulere til å levere førebyggande tenester. 
  2. Regjeringa må arbeide for at inntektssystemet i større grad enn i dag sikrarlikeverdig tenestetilbod i kommunane. Inntektsforskjellane mellom kommunane i dag er for store til at denne målsettinga kan oppfyllast. 
  3. Skatteandelen vert vidareført slik at denne utgjer 40% av kommunesektoren sine samla inntekter. 
  4. Skatteutjamningsgraden vert auka til 75%. 
  5. Innføring av selskapsskatt som del av finansieringa av kommunane sine velferdstenester vert utsett inntil det ligg føre ein forskingsbasert samanheng mellom kommunen si tilrettelegging for næringsutvikling og selskapsskatt. 
  6. Utdanningskriteriet i delkostnadsnøkkel for barnehagane bør fjernast eller alternativt vektast ned. Som eit alternativ til dette så bør delkostnadsnøkkel for barnehage baserast på den alternative modellen med heiltidssysselsette i høyringsframlegget. 
  7. Basistilskotet bør avviklast i si noverande form og erstattast med eit strukturkriterium. Dette må utviklast og arbeidast grundigare med slik at uheldige utslag vert justert. Kommunar over 10 000 innbyggjarar bør ikkje får reduserte rammer på grunnlag av denne endringa. Dersom regjeringa sitt framlegg om innføring av strukturkriteriet vert innført bør alternativet med 13,5 km avstand leggast til grunn.  
  8. Storbytilskot og vekstkommunetilskot bør avviklast fordi dei kommunane som får slike tilskot vert tilgodesett i dei endringane som ligg i framlegget.

 

Saksprotokoll i Kommunestyret - 08.02.2016

Torunn Laurhammer (AP) på vegne av AP, KrF, SP og V kom med framlegg om eit nytt punkt i tillegg til rådmannen sitt framlegg. Nytt punkt skal vera punkt 1 slik:

Inntektssystemet skal ikkje vera eit middel for å presse fram strukturendringar i kommune Norge. Slike endringar skal vera frivillige slik det vart vedteke i Stortinget.

Det vart først røysta over framlegget frå Torunn Laurhammer (AP). Det vart samrøystes vedteke.  

Deretter vart det røysta over rådmannen sitt framlegg. Det vart samrøystes vedteke.  

Vedtak:

Kommunestyret gjorde samrøystes slikt vedtak:

Bømlo kommune gir slik uttale til nytt inntektssystem for kommunane:  

  1. Inntektssystemet skal ikkje vera eit middel for å presse fram strukturendringar i kommune Norge. Slike endringar skal vera frivillige slik det vart vedteke i Stortinget  
  2. Inntektssystemet bør stimulere til å satse på førebyggande arbeid og dermed stimulere til å levere førebyggande tenester  
  3. Regjeringa må arbeide for at inntektssystemet i større grad enn i dag sikrar likeverdig tenestetilbod i kommunane. Inntektsforskjellane mellom kommunane i dag er for store til at denne målsettinga kan oppfyllast  
  4. Skatteandelen vert vidareført slik at denne utgjer 40% av kommunesektoren sine samla Inntekter  
  5. Skatteutjamningsgraden vert auka til 75%  
  6. Innføring av selskapsskatt som del av finansieringa av kommunane sine velferdstenester vert utsett inntil det ligg føre ein forskingsbasert samanheng mellom kommunen si tilrettelegging for næringsutvikling og selskapsskatt  
  7. Utdanningskriteriet i delkostnadsnøkkel for barnehagane bør fjernast eller alternativt vektast ned. Som eit alternativ til dette så bør delkostnadsnøkkel for barnehage baserast på den alternative modellen med heiltidssysselsette i høyringsframlegget  
  8. Basistilskotet bør avviklast i si noverande form og erstattast med eit strukturkriterium. Dette må utviklast og arbeidast grundigare med slik at uheldige utslag vert justert. Kommunar over 10 000 innbyggjarar bør ikkje får reduserte rammer på grunnlag av denne endringa. Dersom regjeringa sitt framlegg om innføring av strukturkriteriet vert innført bør alternativet med 13,5 km avstand leggast til grunn  
  9. Storbytilskot og vekstkommunetilskot bør avviklast fordi dei kommunane som får slike tilskot vert tilgodesett i dei endringane som ligg i framlegget