Høringssvar fra Hareid Kommune

Melding om vedtak frå møte i kommunestyret 18.2.2016

Dato: 24.02.2016

Svartype: Med merknad

PS 13/16 Høyring - Forslag til nytt inntektssystem kommunar

Kommunestyret si handsaming:

PS 13/16 vart handsama før PS 12/16

Truls Håbakk FRP, fremja fylgjande endringsforslag:

« Hareid kommune seie seg nøgde med at Regjeringa gjennom dette fremmar eit heilheitleg forslag til endring i inntektssystemet for kommunane som sikrar gode velferdstenestar i heile landet. Samstundes vil forslaget fjerne urimelege skeivheiter i dagens inntektssystem.

Hareid kommune meiner det er heilt nødvendig med endringar i dagens inntektssystem, fordi dette ikkje er tilpassa dei betydelege endringane i demografi, kommunikasjon og næringsgrunnlag som har funne stad i Noreg gjennom mange år. Endringar i dagens inntektssystem er dirfor naudsynte for å bidra til ein meir tenleg kommunestruktur som kan sikre gode og meir likeverdige velferdstenestar i heile lande. Kommunar som bestemmer seg for å slå seg saman, vil behalde basistilskotet og regionalpolitisk tilskot som i dag, i heile 15 år uavkorta, og deretter få ein nedtrapping over 5 år. Dette vil etter Hareid kommune si vurdering gi forutsigbarheit og god tid til omstilling for desse kommunane. I tillegg får dei reformstøtte og omstillingsstøtte.

Nærmare om ulike element i forslaget og Hareid kommune sitt syn på desse:

Basistilskotet

Med dagens inntektssystem får alle kommunar 13,2 millionar kroner i basistilskot, som i hovudsak går til administrasjon. Det betyr at små kommunar med få innbyggarar får veldig høgt tilskot pr. innbyggar, medan store kommunar får låge tilskot pr. innbyggar. Dersom ikkje dagens system for basistilskotet endrast vil det bety at kommunar som slår seg saman, på sikt får mindre basistilskot, målt pr. innbyggjar. Dagens ordning lønnar derfor små kommunar og straffar kommunar som ynskjer å slå seg saman med ei eller fleire nabokommunar.

Hareid kommune meiner difor det er rett og naudsynt å gjere dei grepa som regjeringa her foreslår. Hareid kommune meiner det er openbart urimeleg at ei kommune med 600 innbyggjarar skal få like høgt basistilskot som ei kommune med 60.000 innbyggjarar.

Fleire faglege utgreiingar viser at kommunestørrelse ikkje nødvendigvis gir eit godt bilete av kva det kostar å drive ei kommune. Små kommunar i tettbygde strøk kan slå seg saman med andre og dermed redusere kostandene til administrasjon av kommuna. Slike kommune bør få lågare tilskot til administrasjon enn pr. i dag. Kommunar i spredtbygde strøk med store avstandar er i større grad ufrivillig små, og bør dirfor få full kompensasjon. Hareid kommune meiner dette er rimeleg og ei fornuftig avveging av ulike omsyn, gitt den geografien Noreg faktisk har. Det skal fortsatt bli gitt kompensasjon for utgifter til kommunale tjenestar som skyldast longe avstandar og spredd busetting. Kommunar med spredd busetting vil for eksempel få høgare tilskot til grunnskule og heimetenseste. Verknadar for Hareid kommune

Hareid kommune har forståing for at endringane som regjeringa legg opp til vil kunne gje kortsiktige utfordringar, men meir tenlege i eit større perspektiv på sikt.»

Toril Oda Ringstad AP, tok permisjon frå møtet kl. 20:20

20 voterande

Røysting:

Det vart røysta slik:

Endringsforslaget vart røysta opp mot tilrådinga frå FSK – tilrådinga vedteken med 11 røyster for – 9 røyster mot.

Vedtak:

Hareid kommune er ei kommune som nyttar nynorsk i all kommunal sakshandsaming og kommunestyret seier seg difor lei for at høyringsnotatet ikkje ligg føre på nynorsk.

Kommunestyret er samd i at dagens inntektssystem har trong for ein revisjon, men meiner samstundes at forslaget, som er sendt til høyring, vil kunne representere ei dreiing i retning av endå større sentralisering og bidra til at tenestetilbodet i distrikta vert svekka i høve tenestetilbodet i meir tettbygde strok.

Kommunestyret påpeikar at det ikkje er nokon garanti for at større kommunar gir eit betre og meir effektivt tenestetilbod. Kostnadane ved ei eventuell samanslåing er ikkje kjende og må belysast. Desse må også sjåast i

samanheng med ein eventuell reduksjon av kommunens inntekter som følgje av eit nytt inntektssystem.

Anne-Karete Mork

Utvalsekretær

Anders Riise

Ordførar