Høringssvar fra Austevoll kommune

Høyringsuttale frå Austevoll kommune

Dato: 01.03.2016

Svartype: Med merknad

Austevoll formannskap handsama sak om høyringsuttale knytt til forslag til nytt inntektssystem for kommunane i sak 19/16, i møte 29. februar 2016. Austevoll kommune avgir følgjande uttale:

1.  Austevoll kommune slår fast at dei tilrådde endringane i kostnadskriteriene medfører ein reduksjon i rammeoverføringar på kr 5,7 millionar. Dette utgjer 3,65 prosent av det samla rammetilskotet i budsjettet for 2016 og vil såleis ha negative konsekvensar for tenesteproduksjonen i Austevoll kommune.

Austevoll kommune meiner nedjustering av kostnadskriterier for barnehage, pleie og omsorg, helse, og tenester til menneske med nedsett funksjonsevne, utfordrar kommunens evne til å tilby gode kjernetenester til innbyggjarane. I framlegg til reviderte kostnadsnøklar kjem 25 av 33 kommunar i Hordaland dårlegare ut. Det er avgjerande at kostnadsindeksane svarar på dei reelle skilnadene i utgiftsbehovet til kommunane, noko som jamvel er prinsippet bak utjamningssystemet i Noreg.

2. Austevoll kommune rår til at den høgste grenseverdien i strukturkriteriet, grenseverdi A, blir forkasta. Austevoll kommune meiner grenseverdi A ikkje tek omsyn til faktiske tilhøve. Austevoll kommune meiner at strukturkriteriet i mange høve kan treffe rett, men at særskilte forhold, som til dømes avhenge av ferje, ikkje er tilstrekkeleg lagt vekt på. Austevoll kommune har ikkje fast vegsamband til fastlandet.

3. Austevoll kommune er positiv til at kommunane skal få halde på delar av selskapsskatten i nytt inntektssystem. Inntekter frå selskapsskatten bør ikkje inngå i utjamningsgrunnlaget.  Dersom selskapsskatten blir ein del av utjamninga forsvinn likevel mykje av insentivet selskapsskatten skal ha til å stimulere til positivt næringsarbeid i kommunane. Inntekter frå selskapsskatten bør deror ikkje inngå i utjamningsgrunnlaget.

4. Austevoll kommune har ingen særskilte merknader til tilrådde endringar i småkommune- og distriktstilskota.

5. Austevoll formannskap ynskjer mindre utjamning av skatteinntekter og ynskjer at skatterike kommunar får behalde meir enn 40 øre pr. krone over snittet.

Venleg helsing
Morten Storebø
ordførar