Høringssvar fra Bygland kommune
Høyring forslag til nytt inntektssystem for kommunene
Svartype:
Med merknad
Bygland Formannskap syner til høyringsnotat om forslag til nytt inntektssystem for kommunane.
Endringar i kostnadsnøkkelen:
- Framlegget om å leggje mindre vekt på PU-kriteriet vil gje store utfordringar for dei kommunar som dette rammer – utan at det på noko vis er mogleg for kommunane å avbøte dette. Vi meiner dette framlegget har vesentlege ulemper som ikkje kan avbøtast.
- Utfordringane for kommunar med uvanleg store utgifter i barnevernet blir ikkje løyst i framlegget. Småkommunar med uvanleg høge utgifter til barnevernet vil framleis slite med dette då sjønnsmidlane ikkje ser ut til å kunne avbøte dette meir enn før.
Strukturkriteriet m.v:
- I det store og det heile legg framlegget om nytt inntektssystem opp til å straffe «frivillige» småkommunar. Bygland har så store avstander at vi ser ut til å kome greit ut av det, men andre kommunar i Aust-Agder blir til dels sterkt ramma. Dette vil på kort sikt kunne føre til kommunesamanslåingar fordi kommunestyre i ein del kommunar ikkje ser anna råd. Slik påverker dette framlegget frivillighetsaspektet i kommunereforma.
- Vi er ikkje forbausa over at inntektssystemet legg opp til kommunesamanslåing, dette er regjeringa sin uttalte politikk. Men vi vil gjere det klårt at vi er sterkt usamde i ein slik måte å gjere dette på.
- At framlegget til inntektssystem også ser ut til å straffe middelsstore kommunar, og føre til sterk inntektsvekst til dei aller største kommunane har vi vondt for å forstå grunnlaget for.
Skatt:
- Det er av avgjerande betydning av distriktskommunar får ein forutsigbar og konjunkturuavhengig skatteinntekt som kompensasjon for utnytting av naturressursar. Endring i eigedomsskatt og andre skattereglar må ta omsyn til dette.