Høringssvar fra Aukra kommune

Høyringssvar - forslag til nytt inntektssystem for kommunene

Dato: 29.02.2016

Svartype: Med merknad

Forslag om endringar i basistilskot vil være ugunstig for små og mellomstore kommunar. Kriteriet som er valt for utmåling av basistilskot, er basert på om kommunen sine smådriftsulemper er frivillig eller ufrivillig. Kriteriet er valt med utgangspunkt i pågåande kommunereform og må sjåast som påtrykk til samanslåing i større kommunar. Aukra kommune er derfor kritisk til forslaget om at berre kommunar med særleg spreidd busetnad skal få fullt basistilskot.

Dei 13,2 millionar kr. som i dag utgjer basistilskot, betyr mykje for små kommunar, og profilen i framlegget må derfor vurderast som distriktsfiendtleg.

Formannskapet peiker på at endringane, ved dei to høgaste grenseverdiane, vil få negative konsekvensar for Aukra kommune dersom ein held fast på same kommunestruktur som i dag. Når det og, gjennom høyring av endringar i Eigedomsskattelova, er knytt uvisse til mogeleg bortfall av vesentlege del av eigedomsskatt , kan Aukra kommune sine rammevilkår verta vesentleg dårlegare om inntektssystemet vert vedteke slik det ligg føre. 

Forslag til nye kostnadsnøklar er hovudsakelig ei rein oppdatering basert på endring i befolkningssamansetning, levekår, reiseavstandar og andre strukturelle forhold. Kommunen har ingen merknader til denne.