Høringssvar fra Tysvær kommune

Nytt inntektssystem for kommunane - høyring

Dato: 02.03.2016

Svartype: Med merknad

Tysvær kommunestyre har følgjande merknader til dei endringane i inntektssystemet som er fremja av Regjeringa i høyringsutkast mottatt i brev av 17. desember 2015:

 

Innretning av inntektssystemet

Tysvær kommune har forståing for at det i nytt inntektssystem for kommunane for blir lagt til grunn eit prinsipp om å skilja mellom frivillige og ufrivillige smådriftsulemper.

 

Nytt strukturkriterium

Tysvær kommune støttar i prinsippet omlegging frå likt basistilskott pr. kommune til gradert strukturtilskott. Strukturtilskottet kan til ein viss grad nyttast til å skilja mellom frivillige og ufrivillige smådriftsulemper. Slik innretninga er skissert, blir imidlertid kommunar med over 25000 innbyggjarar, og også ein del kommunar med mindre enn 3000 innbyggjarar, dei store vinnarane, medan alle kommunar mellom 10 000 og 20 000 innbyggjarar taper på omlegginga. Innretninga må endrast, slik at robuste kommunar mellom 10 000 og 20 000 innbyggjarar ikkje blir dei store taparane.

 

Utgiftsutjamninga

Tysvær kommune ser det som nødvendig å vidareføra ordninga med full kompensasjon for smådriftsulemper grunna busettingsmønster som medfører dyrare tenesteproduksjonen. Tysvær kommune vil tapa vesentleg på det framlegget til nye nøklar som er fremja i høyringa, primært som følgje av at vektinga av eldre innbyggjarar blir større. Dette synes å vere godt fagleg fundert, samstundes som det er ei stor utfordring at framlegget vil gi redusert handlingsrom for Tysvær og andre kommunar med mange barn og unge. Det nye strukturkriteriet som i forslaget er lagt inn som del av dei nye kostnadsnøklane, bør haldast utanom kostnadsnøkkelen.

 

Regionalpolitiske tilskott

Tysvær kommune støttar prinsipielt ei omlegging til regionalpolitiske tilskott gradert ut frå distriktsindeks og innbyggjartal. Dette samsvarar med den omlegginga til strukturtilskott som er foreslått, og vil støtta prinsippet om å skilje mellom frivillige og ufrivillige smådriftsulemper.

 

Vurdering inn mot kommunereformen

Tysvær kommune er i samtalar med ein nabokommune om samanslåing. Ein eventuell ny kommune får behalda inndelingstilskott som om ein framleis var 2 kommunar i 15 + 5 år. Men i perioden 2017 – 2019 vil dei to kommunane kvar for seg få store inntektstap før inndelingstilskotet slår inn. Tysvær kommune meiner at kommunar som gjer vedtak om samanslåing innan 1. juli 2016, og dette blir stadfesta av Stortinget, må sikrast mot inntektstap i perioden 2017-2019.

 

Vedlegg