Høringssvar fra Vanylven kommune

Merknad oppdaterte kostnadsnøklar

Dato: 23.02.2016

Svartype: Med merknad

Vanylven kommune ser det som ei stor økonomisk utfordring med dei signaliserte oppdaterte kostnadsnøklane.

Vanylven kommune må sjåast som ei ordinær distriktskommune med ein demografi som er prega av ei aldrande innbyggjarsamansetning og lave fødselstal. Det medfører at ein prosentmessig samla sett har ein større andel innbyggjarar som er brukarar av kommunale basistenester. 

Dette gir Vanylven kommune særs negative konsekvensar som fylgje av ei oppdatering av kostnadsnøklane. Den største reduksjonen ligg i fordelinga av midlar til gruppa eldre over 90 år, psykisk utviklingshemma og barn mellom 2 og 5 år. 

Dei mest sårbare gruppene i samfunnet får reduksjon i overføringa av midlar, med den konsekvens at det vert stadig tyngre og levere kvalitetsmessig og forsvarlege tenester til dei gruppene som i stor grad er avhengig av trygge og gode rammer. 

Vanylven kommune ber difor om at dette vert teke hensyn til i det vidare arbeidet med nytt inntektssystem slik at kommunar uavhengig av størrelse får ei forsvarleg økonomisk grunnlag til å levere tenester til dei svakaste gruppene i samfunnet.