Høringssvar fra Øystre Slidre kommune

Høringssvar -- forslag til nytt inntektssystem for kommunene

Dato: 29.02.2016

Svartype: Med merknad

KS-009/16 Vedtak:

  1. Kommunestyret i Øystre Slidre kommune støttar departementets forslag til justeringar av

kostnadsnøklane, men føreset at innslagspunktet i ordninga for ressurskrevjande brukara

nedjusterast tilsvarande den reduserte vektinga av PU over 16 år.

  1. Øystre Slidre kommune kan ikkje godta den sterke omfordelinga som er foreslått frå små

til store kommune.

  1. Øystre Slidre kommune meinar at det bør bli brukt meir tid til å vurdere alternative

metodar knytt til forslaget til endring av utrekning av basistilskott ( strukturkriteriet).

  1. Øystre Slidre kommune ser det som viktig at ordning med skjønnstilskott blir vidareført.
  2. Øystre Slidre kommune meinar at dei regionalpolitiske tilskotta er viktige . Dei bidreg til

at distriktskommunane kan motvirke negative effektar av distriktsutfordringar. Det er

dermed viktig at dei samla bevilgningane til distriktspolitiske tilskott blir oppretthalde

minst på same nivå som i dagens inntektssystem. Det skal fortsatt gis kompensasjon for

utgifter til kommunale tjenester som skyldes lange avstander og spredt bosetting og det er

viktig at småkommunetilskuddet blir videreført.

  1. Øystre Slidre kommune ser det som avgjerande at nivået på inntektsutjevninga

(skatteutjamning) blir oppretthalde for at kommunane skal kunne oppretthalde eit

likeverdig tenestetilbod.

  1. Øystre Slidre kommune avviser at det skal setjast ein sluttdato for inndelingstilskotet. Det

vil bety eit veldig tidspress for kommunar som vurdera å slå seg saman

  1. Øystre Slidre kommune meiner at inntektssystemet for kommunane skal brukast til å

skape likeverdige levekår over heile landet, og ikkje som eit pressmiddel for å få til

kommunesamanslåingar.

***

Rett møtebok:

Vedlegg