Høringssvar fra Eidfjord kommune

Høyring "Forslag til nytt inntektssystem i kommunane" frå Eidfjord kommune

Dato: 17.02.2016

Svartype: Med merknad

Til: Kommunal og moderniseringsdepartementet

       www.regjeringen.no/2467858

 

Vår ref.

Saksh.:

    

Arkivkode

Arkivsak

Dato:

16/771

Telefon:

53 67 35 17

K1 - 103  

15/871-6

02.02.2016

 

 

Høyringsuttalelse frå Eidfjord kommune

 

«Forslag til nytt inntektssystem i kommunane»

Det vert vist til høyringsbrev frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet med forslag til nytt inntektssystem for kommunane.

Eidfjord kommunestyre meiner at inntektssystemet for kommunane i hovudsak er eit fornuftig og rettvist system for å fordela inntektene til kommunane. Inntektssystemet skal byggja på tre grunnleggjande prinsipp om full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper, ikkje vera eit refusjonssystem og ikkje vera eit insentivsystem. På nokre punkt meiner Eidfjord kommunestyre at forslaget bryt med desse prinsippa og me vil koma med fylgjande merknadar:

 

Kostnadsnøklar

  • Det er viktig med føreseielege rammer for kommunane. Ei oppdatering av kostnadsnøklane kvart fjerde år fører til store omfordelingar mellom kommunane kvar gong nøklane vert oppdatert. Kostnadsnøklane bør av den grunn oppdaterast minst annakvart år, og vektinga mellom sektorane bør skje kvart år. For å unngå at nokon effektar vert overvurdert enkelte år og for å redusera svingingar bør det nyttast gjennomsnitt av siste 4 år.
  • Kommunane har dei seinare åra opplevd ei sterk auke i utgifter til spesialundervisning, barnevern, sosialhjelp og ressurskrevjande brukarar i pleie og omsorg. Graden av vekst varierer mellom kommunane. Departementet har i lita grad å funne forklaringsfaktorar bak denne veksten. For å oppnå eit inntektssystem med full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper må departementet prioritera å identifisera statistisk utsagnskraftige forklaringsfaktorar for alle kostnadsnøklane.

 

  • Ein vesentleg del av mottakarane av ressurskrevjande tenester er psykisk utviklingshemma, og enkeltkommunar kan ha særs høge utgifter knytt til personar med psykisk utviklingshemming. I departementet sitt framlegg til delkostnadsnøkkel for pleie og omsorg er dette kriteriet vekta betydeleg ned. For å oppretthalda prinsippet om full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper er det viktig at budsjetta for toppfinansieringa for ressurskrevjande tenester vert styrka slik at tenestetilbodet ikkje vert redusert.
  • Departementet føreslår at kommunane fortsatt skal få full kompensasjon for smådriftsulemper på tenestenivå. Samstundes vert kriterium for busetjingsmønster, sone og nabo, vekta ned i framlegget. Eidfjord kommunestyre meiner at dette er feil då reknemodellane ikkje klarar å ta omsyn til naturlege barrierar for sentralisering som til dømes rasfarlege vegar.
  • Eidfjord kommunestyre meiner begge forslag til delkostnadsnøkkel for barnehagar har for låg forklaringskraft på kommunenivå. Kommunar med høg del tilsette innan jordbruk, fiske, og servicenæringar kjem dårleg ut av begge modellane, tilsynelatande utan korrelasjon med reell dekningsgrad i kommunane. I val mellom dei to modellane støttar Eidfjord den alternative modellen.

 

Strukturkriteriet

 

  • Eidfjord kommunestyre meiner det meiner det er bra at strukturkriteriet tek omsyn til kommunar med lange reiseavstandar.

 

 

Distriktstilskota

  • Eidfjord kommunestyre støttar framlegget om ei forsiktig dreiing av politikken frå størrelse på kommunen til reelle distriktsutfordringar. I eit slikt system er det viktig med tillit til den statistiske modellen som bereknar dei reelle distriktsutfordringane. Fylkesmannen si ramma for skjønnsmidlar bør styrkast for å ta høgd for skjønnsmessige vurderingar som fell utanfor modellen.

 

Skatteelementa

  • Eidfjord kommunestyre er einig i prinsippet om at kommunane bør ha ei viss grad av økonomisk sjølvstende og moglegheit for å behalda ein del av inntekter og verdiar som vert skapt i eige lokalsamfunn. Likevel ser ein at mange av elementa i skattesystemet er sensitive for svingingar og dette kan føra til store variasjonar i inntektene i ein kommune frå år til år, eller mellom kommunar. Dette set vilkåret om likeverdige tenester til innbyggjarane på prøve. Skatte- og avgiftsordningar som i dag vert halden utanfor inntektsutjamninga, til dømes eigedomsskatt, konsesjonsavgifter og konsesjonskraft, må og i framtida haldast utanfor.
  • Eidfjord kommunestyre støttar ikkje framlegget til ny modell for selskapsskatt då den byggjer på forklaringsfaktorar for vekst der kommunane berre rår over ein særs liten del.