Høringssvar fra Finnøy kommune

Nytt inntektssystem - førebels høyringsuttale frå Finnøy kommune

Dato: 01.03.2016

Svartype: Med merknad

Formannskapet i Finnøy vil handsame høyringsforslag til nytt inntektssystem 9. mars (sak FSK-018/16). Saksframlegg FSK-018/16 vart utsendt i dag, 1. mars. Forslag til vedtak vert sendt inn til dep. som førebels høyringsuttale frå Finnøy kommune. Vedtaket vil verte ettersendt.

Førebels høyringsuttale:

Forslag til vedtak

Finnøy kommune avgjer høyringsuttale i tråd med tilråding i frå rådmannen.

Rådmannen tilrår følgjande høyringsuttale:

  1. Finnøy kommune viser til at forslag til nye kostnadsnøklar i høyringsnotatet er oppdatert på fagleg grunnlag, og har på den bakgrunn ingen merknader til forslaget.
  2. Finnøy kommune støtter prinsippet om at kommunar ikkje bør kompenserast for frivillige smådriftsulemper på kommunenivå. Finnøy kommune støtter også føremålet om å gjere inntektssystemet meir nøytralt i forhold til kommunestruktur. På den bakgrunn er Finnøy kommune positiv til forslaget om å innføre eit nytt strukturkriterie.
  3. Finnøy kommune viser samstundes til at strukturkriteriet også vil føre til omfordeling for kommunar som ikkje har smådriftsulempar, m.a. gjennom omfordeling frå mellomstore til store kommunar. Finnøy kommune meiner at ein i tida fram mot kommuneproposisjonen bør utgreie strukturkriteriet nærare. Ein bør både sjå på grenseverdiane knytt til reiseavstand, tal innbyggarar som ein skal nå og om det er mogleg å avgrense strukturkriteriet til å gjelde små- og eventuelt mellomstore kommunar (t.d. kommunar med under 12 000 innbyggarar).
  4. Finnøy kommune meiner vidare at ved innføring av strukturkriteriet bør ein bruke kriteriet med størst reiseavstand (25,4 km). Dette fordi denne grenseverdien, eventuelt endå høgare reiseavstand, skil betre mellom kommunar med frivillige og ufrivillige smådriftsulemper.
  5. Finnøy kommune meiner at kommunar med vedtak om samanslåing i 2016 som får endringar i basistilskottet frå 2017 i denne mellomperioden må vere garantert eit rammetilskott på nivå med inndelingstilskottet til den nye kommunen.
  6. Finnøy kommune støtter forslag til endring av dei regionalpolitiske tilskotta. Det er fornuftig at tilskotta vert meir målretta i forhold til distriktsutfordringar, og ikkje berre i forhold til kommunestørrelse.