Høringssvar fra Etne kommune

Høyringsuttale - forslag til nytt inntektssystem for kommunane

Dato: 25.02.2016

Svartype: Med merknad

K-001/16 Vedtak (13 mot 8 røyster):

Etne kommune meiner det er viktig at inntektssystemet framleis vil utjamna dei økonomiske føresetnadane til kommunane, slik at det er mogleg å gje eit likeverdig tenestetilbod til innbyggjarane over heile landet uavhengig av kommunestørrelse. Eit av dei viktigaste element i inntektssystemet er omfordeling av skatteinntekter frå kommunar med høge skatteinntekter til kommunar med låge skatteinntekter. Sjølv med dagens utjamning er det store skilnader mellom kommunane når det gjeld inntektsnivå. Etne kommune kan ikkje støtte endringar i inntektssystemet som fører til mindre utjamning, og større skilnader i tenestetilbod, enn slik det er i dag. Etne kommune ber om at ein vurderer auke i inntektsutjamninga.

 

Etne kommune finn det utfordrande å ta stilling til dei ulike høyringsforslaga utan at det er tatt med verknadstabellar for dei føreslåtte endringane, særleg sidan anslaga frå KS viser relativt store utslag avhengig av valde verdiar for den nye strukturkriteriet.

 

Etne kommune ser også store utfordringar i eit kriterium som skil frivillige og ufrivillige smådriftsulemper der ikkje alle kommunar lenger skal motta kompensasjon for smådriftsulemper på kommunenivå. Endeleg utforming av ein slik modell blir presentert i kommuneproposisjonen 2017 og er difor uråd å ta stilling til i denne høyringa.

 

Om inntektssystemet skal innrettast i tråd med intensjonane i kommunereforma verkar forslaget med eitt nytt strukturkriterium i basiskriteriet lite treffsikker, slik den er skissert i forslaget. Val av tal på personar det skal målast reiselengde til og val av grenseverdiar for reiselengde som kvalifiserer til fullt basiskriterium er i all hovudsak ei skjønnsbasert vurdering. Dette talar for at strukturkriteriet bør haldast utanfor kostnadsnøkkelen, som er basert på mest mogleg objektive kriteria.

 

Etne kommune føreset at redusert vekt på kriteriet psykisk utviklingshemma over 16 år, som eit minimum, vert fullt ut kompensert gjennom auka tilskot gjennom toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester. Kommunen meiner det er viktig at denne ordninga ikkje svekkast ytterlegare framover.

 

Etne kommune har ambisjonar om at folkehelseperspektivet skal vera overordna i kommunal planlegging og prioritering framover. Dette er ei nasjonal satsing initiert av regjering og Storting. Inntektssystemet bør ha med eit insentiv for ei positiv satsing på folkehelse i kommunane.

 

Etne kommune meiner det bør utarbeidast eit kriterium i kostnadsnøkkelen for barnehage som tar omsyn til kor mange barn med rett til barnehageplass som faktisk går i barnehagen. Lågt utdanningsnivå samsvarer ikkje alltid med behov for barnehageplass.

 

Etne kommune meiner at selskapsskatten ikkje bør bli gjeninnført som kommunal skatt. Modellen for tilbakeføring av selskapsskatt er ikkje tråd med kommunane sitt behov for føreseielege inntekter.

 

Regjeringa sitt framlegg til nytt inntektssystem fører til stor usikkerhet blant kommunane i sluttfasen av prosessen med ny kommunestruktur. Inntektssystemet skal ikkje vera eit middel for å presse fram strukturendringar i kommune Norge. Slike endringar skal vera frivillige slik det vart vedteke i Stortinget. Etne kommune vil peika på at framlegget legg opp til auka overføringar til dei største kommunane. Noko som vil føra til ytterlegare sentralisering av landet.

 

Vedlegg