Høringssvar fra Førde kommune

Høyringssvar frå Førde kommune - forslag til nytt inntektssystem

Dato: 26.02.2016

Svartype: Med merknad

Førde kommune har følgjande innspel til regjeringa si høyring om forslag til nytt inntektssystem for kommunane:

  1. Førde kommune støttar ei omlegging av inntektssystemet i ei retning der ein i større grad enn i dag skil mellom frivillege og ufrivillege smådriftsulemper gjennom å innføre eit strukturkriterium. Grenseverdien bør minimum settast til 25,4 km.

    Førde kommune meiner inntektssystemet i større grad må sikre inntekt og tenester i dei mellomstore kommunane mellom 10.000 og 30.000 innbyggarar. Førde kommune ber regjeringa utvikle strukturkriteriet vidare og rår til at basiskriteriet ikkje vert gradert for kommunar med over 10.000 innbyggarar.
    Slik kriteriet er utforma i høyringsforslaget, vil det ramme regionsenterkommunane i Sogn og Fjordane særleg hardt.

  2. Førde kommune støttar også ei omlegging av småkommunetilskotet slik at det i større grad blir gradert etter kva distriktspolitiske utfordringar dei minste kommunane har.

  3. Skatteandelen av kommunane sine inntekter må ikkje aukast, og inntektsutjamninga må heller ikkje svekkast.

  4. Innføring av selskapsskatt som ei kommunal inntekt frå 1. januar 2017 bør utsetjast til ein har betre (forskningsbasert) kunnskap om det er ein samanheng mellom selskapsskatt og kommunane si tilrettelegging for næringsutvikling.

  5. Delkostnadsnøkkelen for barnehagar bør baserast på den alternative delkostnadsnøkkelen der kriteria er barn 1-5 år og antal heiltidstilsette 20-44 år.

Vedlegg