Høringssvar fra Øygarden kommune

Øygarden kommune gjev slik uttale

Dato: 25.02.2016

Svartype: Med merknad

Den delen av framlegget som gjeld basistilskot i framlegget er ugunstig for mange små og mellomstore kommunar. Øygarden kommune er kritisk til den omfordelinga i sentraliserande retning som ligg i at det berre er kommunar med særleg spreidd busetnad som skal motta fullt basistilskot. Dei 13,2 millionar kr som i dag utgjer basistilskot, betyr mykje for desse kommunane, men lite for kommunar som er store. Dermed er profilen i framlegget distriktsfiendtleg og kan svekkje det lokale sjølvstyret.

Kommunestyret peiker på at endringane vil slå negativt ut for Øygarden om ein gjer val om å halda fram som eigen kommune, særleg om 25,4 km-alternativet vert valt. Når det i tillegg er knytt uvisse til kva som skjer med framlegget når det gjeld bortfall av eigedomsskatt, kan Øygarden kommune sine rammevilkår verta vesentleg endra i negativ forstand, om inntektssystemet vert vedteke slik det ligg føre. 

Når det gjeld den delen av omlegginga som gjeld oppdatering av demografiske kostnadsnøklar, har kommunen ingen merknader.