Høringssvar fra Masfjorden kommune

Masfjorden kommune sin uttale til forslag nytt inntektssystem

Dato: 01.03.2016

Svartype: Med merknad

Generelt

Masfjorden kommune meiner at totalverknadene av endringane i forslag til nytt inntektssystem for kommunane gir ei uheldig omfordeling av inntekter frå distrikt og mindre kommunar til dei aller største og sentrale byområder og forsterkar sentraliseringa.

 

Ein meiner vidare at det er uheldig med eit høyringsnotat som i liten grad synleggjer konsekvensar av dei ulike vurderingane/forslaga som departementet kjem med, og at for mykje fell inn under «dette vil departementet komme nærare attende til i Kommuneproposisjonen for 2017», og dette medfører at kommunane reelt ikkje har føreseielege økonomiske rammer, noko som er spesielt uheldig i ein fase med innspurt på kommunereformarbeidet for kommunane.

 

Kostnadsnøklar

  • Det er viktig med føreseielege rammer for kommunane. Ei oppdatering av kostnadsnøklane kvart fjerde år meiner ein er dekkande og bør gjennomførast som ei fast norm
  • Masfjorden kommune er i mot endringa som går på distrikt og avstandar, og meiner at sone- og nabokriteriet vert vekta for mykje ned, noko som har skjedd gradvis ved tidlegare endringa av inntektssystemet og.
  • Kommunen har dei seinare åra opplevd ei sterk auke i utgifter til m.a. spesialundervisning, ressurskrevjande brukarar. Departementet har i lita grad å funne forklaringsfaktorar bak denne veksten. For å oppnå eit inntektssystem med full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper må departementet prioritera å identifisera statistisk forklaringsfaktorar for alle kostnadsnøklane.
  • Masfjorden er ueinig i departementet sin argumentasjon for å utelata kommunale vegar frå utgiftsutjamninga. Dei kommunale vegane er ein viktig del av infrastrukturen i landet og opne vegar året rundt er viktig for å sikra velferdstenestene, livskvalitet og tryggleiken til innbyggjarane, og tilrår at det vert arbeid vidare med å få kommunale vegar inn som del av kostnadsnøklane framover for å sikre kommunane full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper.

 

Nytt strukturkriterium

  • I inntektssystemet bør det vere noko større stimulering til å gjennomføre ei strukturreform i kommunal sektor enn det er i dag, og rådmannen støttar difor prinsippa og intensjonane som ligg til grunn for innføringa av eit nytt strukturkriterium.
  •  

Regionalpolitiske tilskot

  • Masfjorden kommune støttar ikkje framlegget om forenkling og samanslåing av dei regionalpolitiske tilskota, som småkommunetilskotet og distriktstilskot Sør – Noreg, og meiner desse må bestå som i dag.

 

Skatteelementa:

  • Masfjorden kommune er samd i prinsippet om at kommunane bør ha ei viss grad av økonomisk sjølvstende og moglegheit for å behalda ein del av inntekter og verdiar som vert skapt i eige lokalsamfunn. Likevel ser ein at mange av elementa i skattesystemet er sensitive for svingingar og dette kan føra til store variasjonar i inntektene i ein kommune frå år til år, eller mellom kommunar.
  • Form for selskapsskatt som er skissert innført att frå 2017 meiner Masfjorden kommune er lite hensiktmessig, og støttar ikkje dette framlegget. Dersom ein vil tilbakeføre ordning med selskapsskatt til kommunane tilrår ein at tidlegare modell for selskapsskatt vert nytta.