Høringssvar fra Møre og Romsdal fylkeskommune

Nytt vekstsystem for havbruksnæringa - Implementering av Meld.St.16 (2014-2015) Førutsigbar og miljømessig bærekraftig vekst i norsk lakse- og ørretoppdrett

Dato: 21.09.2016

Svartype: Med merknad

 Fylkesutvalet I Møre og Romsdal fylkeskommune fatta følgjande vedtak i møte 19.09.2016

1.Møre og Romsdal fylkeskommune støttar at eit nytt system for vekst basert på miljøindikatorar blir innført i norsk lakse- og aureoppdrett.

2.Møre og Romsdal fylkeskommune minner om at tildeling av løyve etter akvakulturlova er ei oppgåve som blei overført frå Fiskeridirektoratet sine regionkontor til fylkeskommunane i samband med innføringa av forvaltingsreforma i 2010. Vi krev derfor at Nærings- og fiskeridepartementet vidarefører fylkeskommunane sitt ansvar i samband med løyve til produksjonsområde.

3.Møre og Romsdal fylkeskommune frarår at avgrensinga på tal lokalitetar i laksetildelingsforskrifta § 34 blir oppheva. Fleire lokalitetar enn naudsynt kan føre til unødige arealbeslag og uryddige lokalitetsstrukturar.

4.For å auke fleksibiliteten til fleire oppdrettsbedrifter tilrår Møre og Romsdal fylkeskommune at alternativ 2 - ein generell tilgang til å nytte eit løyve innanfor produksjonsområdet det høyrer til og eit tilgrensande område, blir valt.

5.Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at det må vere vanskeleg å få innvilga unntak frå handlingsregelen. Vi tilrår ei unntaksordning basert på alternativ 2: – Færre enn 0,1 vaksne holus og ingen medikamentell behandling mot lakselus.

6.Møre og Romsdal fylkeskommune tilrår at brot på vilkåra for innvilga unntak frå handlingsregelen skal føre til at innvilga produksjonsauke basert på unntaket blir trekt tilbake.

 

Formelt svar på høyringa frå Møre og Romsdal fylkeskommune blir sendt per brev