Høringssvar fra Radio Sunnmøre

Dato: 14.06.2021

Radio Sunnmøre sender utanfor dei såkalla slukkeområda i landet, men skulle ein likevel gjere innskrenkingar på FM, eller "legge ned" FM landet over, så ville store delar av Radio Sunnmøre (dvs heile Sunnmøre og litt til) sine lyttarar vere utan radiosending. DAB dekker ikkje heile Sunnmøre, det er direkte umogleg slik fylket er med fjell og dalar. Men Radio Sunnmøre har eigne sendarar på FM, saman med FM101 samarbeidet, og har difor som einaste lokalradio også sendingar i til dømes nordre del av Sunnmøre der DAB ikkje når. DAB går på og av, og tilbakemeldigar frå lyttarar seier det er eit ustabilt nett, og dei ynskjer heller å lytte til oss via FM.

Ein ting er at DAB fungerar i flate Oslo, men Oslo er ikkje heile Noreg. Vi treng FM i landet vårt for å nå lyttarane våre. La FM, iallfall utanfor slukkeområda, vere som det er i dag. Og la vi få vere på FM i mange mange år framover. Det kjem nok til å ta nokre titals år før DAB gir like gode lyttarforhold som FM i Møre & Romsdal. Så ikkje rør FM -nettet i dette fylket.