Forsiden

Høringssvar fra Språkrådet

Dato: 03.11.2022

Svartype: Med merknad

Språkrådet viser til høyringsbrevet frå Kulturdepartementet (datert 18.08.2022) med forslag til lov om omsetning av bøker (bokloven).

Høyringssvaret frå Språkrådet gjeld §§ 1, 3, 5, 6 og 7 i lovforslaget.

Dette er dei viktigaste innspela frå Språkrådet:

  • Lova bør gjelde også for dei nasjonale minoritetsspråka (§§ 1 andre ledd og 3 første ledd).
  • Lova bør gjelde også for fagbøker for profesjonsmarknaden og lærebøker til høgare utdanning (§ 3 andre ledd). Departementet bør vurdere om det er høveleg med ein lengre fastprisperiode for fagbøker, lærebøker for høgare utdanning og bøker på dei samiske språka og dei nasjonale minoritetsspråka (§ 5).

Bakgrunn for merknadene frå Språkrådet

Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og følgjer opp språkpolitikken som er fastlagd i Prop. 108 L (2019–2022) Lov om språk (språklova).

Lova gir det offentlege ansvar for å bruke, utvikle og styrkje bokmål og nynorsk og dei samiske språka og eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, som er det minst brukte skriftspråket. Dette inneber at stoda for nynorsk skal bli vurdert særskilt, til dømes i politikkutvikling eller lovarbeid.

Sidan bokmål og nynorsk er skriftspråk, er dei heilt avhengige av ein sterk skriftkultur for å overleve. Bokpolitikken er dermed avgjerande for stoda til dei to skriftspråka.

Språklova gir også det offentlege eit ansvar for å verne og fremje dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk. Det inneber at det offentlege skal setje i verke tiltak for å auke bruken av dei nasjonale minoritetsspråka og verne dei mot negative sanksjonar.

Merknader frå Språkrådet

§ 1 formål: Generelt om lovforslaget

Språkrådet er positive til at formålsparagrafen har fått ei tydeleg språkpolitisk forankring. Departementet har dessutan gjort eit svært godt arbeid med å innarbeide språkpolitiske aspekt ved lova i høyringsnotatet.

Språkrådet meiner samtidig at dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes bør takast med i paragrafen om verkeområdet og i formålsparagrafen, og foreslår dermed eit nytt andre ledd til § 1:

«Loven skal også ivareta forfatter- og leserinteresser og legge til rette for et mangfold av aktører, bidra til å fremme kultur- og kunnskapsformidling og styrke skriftkulturen for bokmål, nynorsk, de samiske språkene og de nasjonale minoritetsspråkene.»

Språklova § 6 stadfestar kva språk som er nasjonale minoritetsspråk. I merknadene til § 3 første ledd forklarer vi kvifor dei nasjonale minoritetsspråka bør med.

Nasjonale minoritetsspråk

Merknad til § 3 første ledd

Bøker på dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes bør vere omfatta av lova.

Språklova § 6 slår fast at dei nasjonale minoritetsspråka er likeverdige med norsk som «språklege og kulturelle uttrykk». I merknadene i språklovsproposisjonen går det fram at skilnaden mellom dei nasjonale minoritetsspråka og norsk går ut på at norsk som hovudspråket og forvaltningsspråket har ei anna rolle i landet, men at dei nasjonale minoritetsspråka har same verdi som «bruksspråk og kulturarv».

Formålsparagrafen i boklovsforslaget gir boklova ein språkpolitisk dimensjon. Boklova skal etter § 1 «legge til rette for bredde, mangfold og kvalitet i norsk litteratur» og «styrke skriftkulturen» på språka ho omfattar. Dette bør bli forstått i samanheng med språka som «kulturelle uttrykk» etter språklova. Skilnaden mellom forvaltningsspråket norsk (og samiske språk) og dei nasjonale minoritetsspråka er ikkje grunn nok til å skilje mellom dei i denne samanhengen.

§ 1 c i språklova gir offentlege organ plikt til å «verne og fremje» dei nasjonale minoritetsspråka. I følgje merknadene inneber dette at offentlege organ skal setje i verk tiltak for å auke bruken av språka, og at språka skal «vernast mot negative sanksjonar».

Det å ikkje inkludere dei nasjonale minoritetsspråka i verkeområdet til boklova er ein negativ sanksjon. Departementet påpeikar at det ikkje finst mykje litteratur på desse språka. Språkrådet vil peike på at dette først og fremst tyder at den litteraturen som finst, må vere lett tilgjengeleg for språkbrukarane, same kor dei er i landet, eller kor dei prøver å få tak i den litteraturen. Å utelate minoritetsspråka frå skaffe-, tilbods- og leveringspliktene vil vere ei direkte hindring på vegen mot det språkpolitiske målet – om at desse språka skal brukast meir.

Departementet viser til stønadsordningar for litteratur på dei nasjonale minoritetsspråka. I merknadene til § 1 i språklova kjem det klart fram at ansvaret for desse språka primært skal følgjast opp i samband med andre oppgåver. Ei særordning er dermed ikkje tilstrekkeleg for å følgje opp ansvaret. Språkrådet vil påpeike at ordningane som gir stønad til litteraturproduksjon, ikkje sikrar tilgangen til distribusjonsinfrastrukturen som bøker får i §§ 6 og 7 i boklovsforslaget. Desse ordningane veg derfor uansett ikkje opp for ei utelating av dei nasjonale minoritetsspråka frå verkeområdet til boklova.

Norsk teiknspråk

Sidan boklova regulerer omsetning av skrivne bøker (og lydbøker som ei avleiing av dei), er ikkje teiknspråkleg litteratur omfatta av lova. Norsk teiknspråk har ikkje noka skriven form. Ettersom film og video svarar til skrift, finst tekstar på norsk teiknspråk berre i det formatet.

Ansvaret for å «verne og fremje» norsk teiknspråk er det same som for dei nasjonale minoritetsspråka. Språklova § 7 slår fast at norsk teiknspråk er likeverdig med norsk «som språkleg og kulturelt uttrykk». Språklovsproposisjonen stadfestar dessutan at «teiknspråkbrukarar har rett til å lære, møte og bruke språket sitt», og at kva «verne og fremje» tyder, avheng av ei konkret vurdering for kvart enkelt språk.

Sidan litteraturen på norsk teiknspråk har eit anna format, må tiltaka for denne litteraturen derfor vere annleis enn dei for dei andre språka. Språkrådet vil gjere departementet merksam på at om det ikkje finst tiltak for teiknspråkleg litteratur vil norsk teiknspråk vere utsett for ein negativ sanksjon på litteraturfeltet. Departementet bør – i tråd med den vedtekne språkpolitikken – sørgje for at teiknspråk får ein plass i litteraturpolitikken, og setje i verk tiltak som kan styrkje den litterære kulturen til norsk teiknspråk på lik linje med litteraturen til dei andre språka som er omfatta av boklova.

Fagbøker og lærebøker til høgare utdanning

Merknad til § 3 andre ledd

Språkrådets syn er at berre alternativ 1 er i tråd med språkpolitikken.

I språklovsproposisjonen heiter det at om norsk skal vere eit fullstendig og samfunnsberande språk, må det finnast fagspråk på alle fagområde. Proposisjonen slår samstundes fast at mange område ikkje har norsk fagspråk. I merknaden til språklova § 1 første ledd heiter det at plikta til å auke bruken av norsk språk inneber at norsk «erobrar» område som er dominerte av engelsk i dag. Boklova kan derfor ikkje bli innretta på ein måte som svekkjer situasjonen for norsk fagspråk.

Norsk fagspråk er avgjerande for norsk som samfunnsberande språk, og fagbøker og lærebøker for høgare utdanning er særs viktige verkemiddel for å utvikle og styrkje fagspråk på bokmål og nynorsk. Derfor må verkeområdet til lova omfatte fagbøker og lærebøker for høgare utdanning.

Fagspråket må finnast også i dei små faga om norsk skal vere eit reelt komplett språk. Språkrådet merkar seg at departementet viser til at erfaringane frå andre land tilseier at fripris vil gjere at smalare titlar, inkludert dei frå små fag, vil bli dyrare. Ei endring til fripris for fagbøker kan i så fall ha store konsekvensar for fagspråket i dei mindre faga. Ein auka konsentrasjon rundt bestseljarar vil svekkje mangfaldet i den norskspråklege faglitteraturen.

Særleg om nynorsk fagspråk
Språklova gir offentlege organ eit særskilt ansvar for å styrkje nynorsk. Det inneber at verknadene for nynorsk må bli vurderte i alle tilfelle, også i samband med fagspråk. Nynorsk står svakt i akademia. Berre éin prosent av doktorgradsavhandlingar blir skrivne på nynorsk.

Den statlege lærebokordninga for høgare utdaning bidrar til ein viss grad til å styrkje nynorsk i bokgruppa, men ho er ikkje ei erstatning for breiare tiltak som gir ein god infrastruktur for den nynorske faglitteraturen. Tal Språkrådet har fått frå Sikt, viser at 8 av 142 norskspråklege fagbøker og 16 av 254 lærebøker var på nynorsk i 2021.[1] Det er særleg viktig å styrkje det allereie marginaliserte nynorske fagspråket.

Det offentlege skal ikkje gjere noko som svekkjer stillinga til nynorsken. Men stillinga til nynorsken kan bli svekt med dei meir ustabile marknadstilhøva for mindre populære bøker som departementet teiknar opp som eit mogeleg utfall av alternativ 2. Skal boklova vere i tråd med språkpolitikken, må fagbøker og lærebøker for høgare utdanning omfattast av verkeområdet til lova.

Ein del fagbøker for profesjonsmarknaden blir òg selde i allmennmarknaden. Språkrådet meiner at dette er eit argument for å inkludere denne bokgruppa i verkeområdet til lova. Når fagbøker har eit allment nedslagsfelt, gjer dei fagspråket meir allment tilgjengeleg for lesarar utanfor universitets- og høgskulesektoren, og dei gjer den norske sakprosaen meir mangfaldig.

Dersom denne bokgruppa ikkje blir omfatta av verkeområdet, kan det føre til at det blir vanskelegare for allmenne lesarar utanfor UH-sektoren å få tilgang til bøkene.

Digitale læremiddel
I diskusjonen kring alternativ 2 tek departementet opp situasjonen for digitale læremiddel, abonnement og innkjøpa som UH-biblioteka gjer. Språkrådet påpeikar at etter både språklova (§ 1) og universitets- og høgskulelova (§ 1-7) har UH-sektoren som offentlege organ eit språkpolitisk oppdrag. Det oppdraget inkluderer også biblioteka i sektoren, same kva lovverk som gjeld for norskspråklege fagbøker.

Alle typar fagbøker bør omfattast av verkeområdet til lova, og universitetsbiblioteka må sørgje for at den norskspråklege litteraturen er tilgjengeleg. Departementa bør sikre ordningar som gjer det mogeleg for universitetsbiblioteka å tilby norskspråkleg faglitteratur så vel som engelskspråkleg. Men slike ordningar må ikkje gå ut over andre måtar å skaffe norske fagbøker på, slik alternativ 2 vil gjere. Alternativ 2 frå departementet – å ikkje la fagbøker vere omfatta av fastpris og skaffe- og leveringsplikt – vil svekkje tilgangen på fleire format og gjere det vanskelegare for lesarar utanfor institusjonane å få tilgang på faglitteratur.

Lengda på fastprisperioden

Merknad til § 5

I boklovshøyringa i 2013 var lengda på fastprisperioden eit av spørsmåla, og Språkrådet meinte da at fagbøkene måtte ha ein lengre fastprisperiode. Hovudsaka er at norskspråklege fagbøker og lærebøker for høgare utdanning skal ha stabile forhold. Departementet bør vurdere om denne bokgruppa bør ha ein lengre fastprisperiode, slik at dei språk- og litteraturpolitiske måla kan nåast. Den same vurderinga bør gjerast når det gjeld bøker på samiske språk og dei nasjonale minoritetsspråka.

E-bøker, lydbøker og bibliotek

Merknad til §§ 6 og 7

Det er språkpolitisk viktig at biblioteka får enklare tilgang til lydbøker og e-bøker. Biblioteka må få høve til å skaffe så mange norskspråklege e-bøker og lydbøker som brukarane etterspør, og i tilgjengelege format. Dei som etterspør e-bøker og lydbøker, bør ikkje bli møtte med berre eit engelskspråkleg tilbod.

Det er også viktig for dei samiske språka og dei nasjonale minoritetsspråka å følgje med i den digitale utviklinga. Dersom dei blir inkluderte i infrastrukturen for e-bøker og lydbøker, vil bøker på desse språka bli lettare tilgjengelege for språkbrukarane.

____________

[1] Samanlikninga er mengda bøker som er registrerte med «nynorsk» mot dei som er registrerte med «bokmål» eller «norsk» som språk. Vi går ut frå at dei som registrerer språket til bøkene sine som «norsk», har skrive dei på bokmål. Grunnlaget er registreringar i Cristin.