Forsiden

Høringssvar fra Noregs Mållag

Dato: 16.11.2022

Svartype: Med merknad

Høyringssvar – framlegg til Lov for omsetning av bøker (bokloven)

Me viser til framlegg til lov for omsetning av bøker (bokloven) som Kultur- og likestillingsdepartementet sende ut på høyring 18. august 2022. Noregs Mållag er glade for å få levere høyringssvar og vil med dette kome med våre innspel til framlegget.

Generelle kommentarar:

Me vil fyrst understreke at nynorsk litteratur står i all hovudsak sterkt i Noreg i dag. Kvalitetsmessig er han på høgde med det beste som blir gjeve ut på bokmål, og forfattarnamn som er store internasjonalt gjev ut litteratur som opphaveleg er skriven i nynorsk språkdrakt. Også innanfor barne- og ungdomslitteraturen og sakprosaen blir det gjeve ut bøker med høg kvalitet på nynorsk.

Diverre når ikkje nynorsk litteratur like godt ut til lesarane som litteratur på bokmål. Utanom biblioteka, er tilgangen på desse bøkene i beste fall varierande. Særleg barne- og ungdomslitteratur på nynorsk kan vere vanskeleg å finne i bokhandelen, sjølv i det nynorske kjerneområdet, der nynorsk er opplæringsspråk i skulen.

Det er også vanskelege tilhøve for faglitteratur på norsk, både på bokmål og nynorsk. Dette må boklova vere eit verkemiddel for å endre på.

Merknader til dei konkrete føresegnene

§ 1

Noregs Mållag meiner boklova må vere eit middel for få meir nynorsk litteratur ut til folk. Det må bety ei styrking av skjønnlitteratur for vaksne, barne- og ungdomslitteratur, sakprosa på nynorsk og faglitteratur på norsk. Derfor er me glade for at boklova har ein språk- og litteraturpolitisk føremålsparagraf.

Me meiner at tilhøvet mellom bokmål og nynorsk ikkje er formulert presist nok i framlegget til boklova. I utkastet står det skrive at lova skal «styrke skriftkulturen på bokmål, nynorsk og de samiske språkene.» Noregs Mållag meiner det er naturleg at boklova, til liks med lov om språk (språklova), anerkjenner at styrkeforholdet mellom nynorsk og bokmål er skeivt. Me viser då til språklova § 1, siste ledd, der det er slått fast at det offentlege har «[…] eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket.»

Det er også meininga til Noregs Mållag at minoritetsspråk må få ein plass i føremålsparagrafen, då ingen av desse er nemnde i framlegget. Sjølv om det knapt eksisterer ein litteratur på kvensk, romani og romanes i dag, ser ikkje Noregs Mållag nokon grunn til at lova ikkje skal femne desse språka, for å understreke at ei styrking av denne litteraturen er ønskeleg.

Noregs Mållag meiner det er viktig at boklova speglar dei språkpolitiske høva i Noreg korrekt. Litteratur er språkpolitikk, då litteratur er blant dei fremste teikna på at eit språk lever og vil overleve tida. Derfor er boklova også eit språkpolitisk tiltak. Noregs Mållag meiner det må bli lagt til ein ordlyd i føremålsparagrafen som tydelegare får fram at det offentlege har eit særskilt ansvar for å styrkje nynorsken, samiske språk og minoritetsspråk.

Noregs Mållag føreslår derfor følgjande ordlyd i føremålsparagrafen:

Lovens formål er å legge til rette for bredde, mangfold og kvalitet i norsk litteratur og å sikre god tilgjengelighet til litteraturen for alle i Norge.

Loven følger opp formålet i lov om språk, og skal sikre bokmål, nynorsk og de samiske språkene og skriftkulturene i Norge. Det språkpolitiske ansvaret omfatter et særlig ansvar for å fremme og styrke skriftkulturen på nynorsk, de samiske språkene og de nasjonale minoritetsspråkene.

Loven skal også ivareta forfatter- og leserinteresser og legge til rette for et mangfold av aktører og bidra til å fremme kultur- og kunnskapsformidling.

Me vil her også presisere at tilhøva for nynorsk og samisk er ulike, og såleis krev ulike tiltak. Å styrkje norsk som språk som heilskap, krev målretta tiltak for nynorsk. Og å styrkje norsk er noko anna enn å styrkje samisk. Når lova skal bli til praktisk politikk, og til forskrift, må desse realitetane bli tekne omsyn til.

§ 3
Noregs Mållag stør framlegget som står i klammer under § 3, altså at lova òg skal gjelde for fagbøker for profesjonsmarknaden og lærebøker for høgare utdanning.

I høgare utdanning er det enkeltpersonar som er sluttkundar, ikkje kommunar eller fylkeskommunar. Noregs Mållag meiner den beste måten å sikre eit føreseieleg inntektsgrunnlag for dei forfattarane som vel å skrive faglitteratur på norsk, er ved å la lova, og dermed fastprisordninga, også gjelde her.

Me trur dette er eit tiltak som vil styrkje norsk som fagspråk, og slik også vere det beste tiltaket for faglitteratur på nynorsk.

Resten:

Noregs Mållag har inga meining om resten av lovframlegget.