Høringssvar fra Skald forlag
Høyringssvar frå Skald forlag
Høyringssvaret gjeld i hovudsak §§ 5,10 og 11 i lovforslaget der vi oppsummert tilrå følgjande:
- · Rullerande fastpris i 18 månadar (§ 5)
- · Avanserammer mellom 35–50 % (§ 11)
- · Erstatte kronebasert med prosentbasert marknadsstøtte (§ 11)
- · Rettferdig fordeling av frakt på levering og retur (§ 10)
Bakgrunn
Skald forlag er eit lite nisjeforlag som held til i Leikanger i Sogn. Forlaget blei grunnlagt i 1991 og gir ut bøker innan sakprosa og skjønnlitteratur. Vi er per i dag 4 tilsette. Det er forlagssjef, Simone Stibbe, som står ansvarleg for høyringssvaret. Stibbe er oppvaksen i Tyskland og har master i bok- og kulturvitskap frå Universitetet i Leipzig. Ho skreiv i 2004 hovudfagsavhandling om norsk litteraturpolitikk.
I Skald stiller me særs høge redaksjonelle, visuelle og produksjonstekniske krav til utgivingane våre. Målet vårt er å gi ut bøker med kvalitet i alle ledd – frå det skrivne ordet til materiale og innbinding. Bøkene våre skal vare lenge.
Skald forlag står per i dag utanfor Forleggerforeningen, og det i hovudsak på grunn at vi har opplevd organisasjonen for svak som representant for oss som nisjeforlag – ikkje at vi ønskjer frislepp på bokpris og rammevilkår.
Generell merknad til boklova
Vi meiner det er på høg tid at vi får ei boklov, og er positivt innstilt til det framlegget til boklova som no ligg føre (datert 18.08.22). Bransjeavtalen frå 2004 har etter vårt syn aldri fungert særleg godt som noko anna enn det den opphavleg var meint til: nemleg å vera eit mellombels rammeverk. At dei største aktørane i begge foreiningane sit med eigarskap på kvar side og på mange måtar forhandlar med seg sjølve, må vera utfordrande. Vi meiner at Forleggarforeininga i altfor liten grad har kunne representere mangfaldet av små- og nisjeforlag vi har i landet i forhandlingane. Vi treng boklova for å likestille norske aktørar i bokbransjen, sikre eit mangfald og dempe konsekvensane av ein bransje som i for stor grad er prega av vertikalt integrerte eigarstrukturar. Boklova er på overtid, og ho må kome på plass før dei slitte rammene knekker heilt.
For oss er det viktig at boklova blir så sterk og tydeleg som mogleg på dei punkta som er viktige for nettopp små- og nisjeforlaga – som på mange måtar utgjer mangfaldet i forlagsfloraen. Difor vil vi i vårt høyringssvar konsentrere oss om nokre utvalde punkt som vi trur vi kan gje verdifull innsikt i. I tillegg er det eit viktig poeng for oss å vise at ein må sjå samanhengen mellom fastpris, avanseregulering og marknadsstøtte.
Rullerande fastpris (§ 5)
Fastprisen er eit sentralt og viktig verkemiddel som sikrar at eit mangfald av bøker når ut til lesarar i heile landet, og gir små bokhandlarar høve til å konkurrere mot stadig aukande nettsal. Vi treng bokhandlarar over heile landet, og vi treng fleire enn dei vi har i dag.
Dagens korte fastprisperiode med ein fast sluttdato (1. mai påfølgjande året) har forsterka jaget etter salskampanjar enormt dei siste 20 åra, ein mekanisme som berre har blitt sterkare i takt med at bokhandelskjedane har vakse seg større. Berre nokre få månadar gamle titlar ligg plutseleg til låge prisar i salskurvane rundt om i landet. Allereie tidleg på våren får forlaga førespurnadar om såkalla «nedkreditering» av fjorårets bøker med rabattar opp til 75 %. At prisen på bøker blir «dumpa» på same tid kvart år fører til at bokkjøparane heller ventar til boka kjem på sal enn å kjøpe ho til fullpris.
Maidatoen er også svært uheldig for nye bøker som kjem ut på våren. Bokhandlarane er så opptekne med salskampanjar at det er liten plass til nye titlar – noko som forsterka presset på ein allereie overfylt bokhaust, der mange titlar langt i frå får den merksemda dei fortener. Den korte fastprisperioden resulterer også i eit sterkt aktualitetspress i media. På nokre få månadar skal journalistane og kritikarane omtale dei viktigaste bøkene, før dei forsvinn frå butikkane igjen. I Tyskland, til samanlikning, er det ikkje uvanleg at utgivingar blir omtalte eit år etter dei er komne ut.
Ein lengre fastprisperiode vil kunne dempe slike effektar, men enda viktigare er kanskje at fastprisbindinga blir rullerande, altså avhengig av utgivingsdato for boka, framfor ein fastsett dato. Det rullerande gjer at bøkene etter kvart hamnar utanfor prisbindinga – noko som dempar jaget etter store salskampanjar og på denne måten gir meir rom for nye titlar i bokhandelen året rundt.
Vi støtter difor forslaget i boklova om fastpris i 18 månadar frå første utgivingsdato (rullerande).
Avansetak (§ 11)
I dag ligg store delar av den økonomiske byrda på forlaga. Det er ikkje uvanleg at forhandlarar, og her spesielt bokhandelskjedene, tek halvparten (50%) av prisen som avanse berre for å ta ein tittel inn i det såkalla «sortimentet». Tek kjedene i tillegg eit såkalla «fellesuttak», dvs. at det sentralt blir fordelt eit samla tal eksemplar av ein tittel til dei ulike butikkane som høyrer til kjeda, kan rabatten bli auka med opptil 3 prosentpoeng, kanskje enda meir om det er snakk om veldig store kvantum.
Det er blitt vanleg at forlag må inngå kontraktar med bokhandelskjedene for at titlane deira kan bli vurderte som ein del av «sortimentet» og for å kunne få tilbod om fellesuttak. Dei fleste kjedekontraktar inneheld, i tillegg til høge grunnrabattar, ein bonusklausul som gir konsernet enda nokre avanseprosent på toppen. Denne praksisen saman med nedkrediteringssystemet har gjort at gjennomsnittsrabatten har auka dramatisk dei siste åra, utan at forhandlarar kan vise til noko målbar marknadsinnsats for dei ekstraprosentane. Det blir først gjort når ein har inngått avtale om marknadsstøtte (jf. lenger nede).
Avansar over 50 % mellom forlag og bokhandel er, sett frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv, ein indikasjon på at fastprisbindinga kan påverke sluttprisen og dermed gjere bøkene dyrare for sluttkundane, altså lesarane. Difor må ei boklov som innfører fastpris for bøker også innføre avansetak på maksimalt 50 %. Samstundes treng vi eit minimumstak for sikre like vilkår for alle forhandlarar, også dei små uavhengige kulturbokhandlarane.
Minimumsavansen for bøker har dei siste åra i praksis vore 40 %, men også det inneberer allereie ei forskyving av inntekt- og kostnadsfordelinga. Tidleg på 2000-talet opererte vi framleis med ein grunnrabatt på 35 %, noko som også i dag hadde vore ei sunnare fordeling mtp at forlaga, i tillegg til sine faste kostnadar, også skal dekkje forfattarhonorar og produksjonskostnadar. Det har dei siste åra vore eit enormt press på å få redusert produksjonskostnadane, noko som har ført til at mange forlag i dag produserer så billeg som mogleg – dvs. lite haldbare limfreste, digitaltrykte bøker som ikkje toler tidas tann. Dette gir lesaren ei dårlegare leseoppleving og gir boka kort levetid i bibliotek.
Blant våre kontaktar i tysk forlagsbransje høyrer vi at det der framleis er vanleg med 35 % i grunnrabatt, dvs. når bokhandelen berre bestille eitt eksemplar. Bransjeorganisasjonen og juristane som overvaker prisbindingslova er også veldig tydelege på at avansane bør halde seg under 50 % for at fastprisbindinga ikkje verkar prisdrivande.
Vi meiner at det bør innførast avanserammer mellom 35 % og 50 % for å utjamne ubalansen i avansepraksisen og leggje til rette for godt produserte bøker utan at det går utover sluttprisen lesarane må betale. Avansetaka bør vera absolutt, dvs. utan moglegheit til å kunne unngå desse, heller ikkje ved kjøp av store kvantum, men at mengda selde eksemplar kombinert med maksrabatt vil kunne kompensere for ev. ekstra marknadsinnsats frå forhandlarside. Det seier seg sjølv at «hol i taket» vil svekke «konstruksjonen», og dermed intensjonen til boklova.
Marknadssamarbeid (§ 11)
Samstundes kan ein ikkje innføre avansetak utan å fjerne den kronebaserte marknadsstøtta. For tillet ein det, vil det i praksis føre til ei forflytting av pengeflyten frå rabatt til «marknadsstøtte».
Vi tolkar lovforslaget slik at bonusutbetalingar, slik dei ofte er avtalte i kontraktane dei enkelte forlaga har med bokhandelskjedene, vil vera forbodne i den nye boklova sidan dei nok vil falle inn under «generell markedsstøtte». Men det som bekymrar oss, er opninga for individuell marknadssamarbeid i lovforslaget, § 11: […] «Dette er ikke til hinder for at leverandør og forhandler kan inngå individuelle avtaler om andre ytelser, så lenge gjensidige tiltak bidrar til å oppnå lovens formål og er målbare.»
Per i dag er det, i tillegg til høge rabattar, også blitt vanleg å be forlaga om fleire tusen kroner i marknadsstøtte for ein tittel som bokhandelskjedene faktisk har tru på kan selje godt, for ein får ikkje «tilbod» om å betale marknadsstøtte for titlar som ikkje blir tekne ut som fellesuttak. (jf. debattinnlegget på Bok365, først publisert Klassekampen 29.09.22). Det er veldig sannsynleg at «tapet» kjedene får ved innføring av avansetak, vil dei prøve å minimere via den individuelle marknadsstøtta.
Om vi skal sjå til Tyskland igjen, så finst det der ein praksis for ein såkalla «Werbekostenzuschlag» (reklamepåslag) på inntil 2 prosentpoeng for ekstraordinære marknadstiltak. Dette er altså ikkje noko nytt å tenkje seg at marknadsstøtta vi operer med i dagkan bli implementert i eit rabattsystem som operer innanfor dei rammene boklova set.
Vi meiner at marknadssamarbeid og marknadsstøtte i form av kronesummar slik det blir praktisert i dag, vil kunne føre til ei undergraving av lova og i verste fall forsterke forskjellane mellom store og små aktørar i marknaden, både på leverandør- og forhandlarsida. Marknadssamarbeid utover tilpassa rabattar innanfor avanserammene (35 %–50 %) bør difor ikkje vera tillate. Det å leggje inn «kompensasjon» for ekstra marknadsinnsats i rabattane vil vere eit insentiv for forhandlarane, og vil kunne forhindre ei utvikling der makstaket på 50 % blir den «vanlege» rabatten. Ein ønskjeleg praksis må vera at den vanlege rabatten for uttak av eit eks. av ein tittel må vera minimumstaket, medan ei ev. satsing, større uttak og marknadsføringstiltak gir grunnlag for forhandling om ekstra marknadsrabattar innanfor makstaket.
Oppsummert, så meiner vi altså, at ein må sjå fastpris, avansetak og marknadsstøtte i samanheng for å kunne finne ei fungerande løysing som vil kunne dempe konsekvensane av den vertikale integrasjonen og er i tråd med måla til boklova om «å legge til rette for bredde, mangfold og kvalitet i norsk litteratur og å sikre god tilgjengelighet til litteraturen for alle i Norge». Ei finjustering av desse tre delane vil også vera viktig for å oppnå mest mogleg like vilkår for bokhandlarar i og utanfor kjedene, noko som igjen er viktig for at uavhengige bokhandlarar kan etablere seg og på den måten bidra med å sikre mangfaldet i utvalet av bøker hos forhandlarane.
Ei endring av § 11 kan t.d. sjå slik ut: «[…] For papirbøker som har fastpris i henhold til § 5, skal det være en maksimalsats og en minimumssats for innkjøpsrabatt fra forlag til forhandler. Innenfor disse rammene kan forlag og forhandler har individuelle rabattavtaler, så lenge gjensidige tiltak bidrar til å oppnå lovens formål og er målbare.»
Rettferdig fordeling av frakt på levering og retur (§ 10)
I lovutkastet er det argumentert for at like vilkår for frakt, levering og betaling er med å minimere forskjellane mellom forhandlarar, og det er ønskjeleg at dette skal halde fram. Dette er vi svært samde i, samstundes ligg per i dag kostnadane for retur i for stor grad hos forlaga. Konkret vil det seie at forlaga betaler ordrelinje og fraktkostnadar for levering av bøkene samt ordrelinje for retur inntil distributør, medan bokhandlarane dekkjer fraktkostnadane med returbøkene.
Som tidlegare nemnt, får bokhandelsleddet ei ganske mykje større avanse av bokprisen for å dekkje faste kostnadar enn forlaga sit igjen med etter å ha dekka honorar og produksjon av bøkene. Då er det vanskeleg å forstå at forlaga, som dessutan tek risikoen retur av bøkene, i tillegg skal betale kostnadar for sjølve returbehandling hos distributør.
Vi meiner at frakt og leveringsvilkår også må vera rettferdig fordelte mellom leverandør og forhandlar, og at den mest rettferdige modellen vil vera om forlaga dekkjer alle kostnadane rundt leveringa av bøker (ordrelinjeavgift og frakt), medan bokhandlarane dekkje alle kostnadar rundt returbehandling (frakt og ordrelinje).
Tek ein i tillegg i betraktning at distributørane også er ein del av dei større forlagskonserna, blir det enda tydelegare kor viktig det er å rydde opp i denne skeivfordelinga.