Forsiden

Høringssvar fra Litteraturselskapet Det Norske Samlaget

Dato: 18.11.2022

Svartype: Med merknad

Høyringssvar til forslag til ny boklov

Litteraturselskapet Det Norske Samlaget (Litteraturselskapet) takkar for høvet til å senda inn høyringssvar til forslaget til ny boklov.

Litteraturselskapet stør i all hovudsak forslaget til boklov slik det er formulert frå departementet si side. Det norske boksystemet, med dei verkemidla og rammevilkåra det inneber, har vist seg å vera svært vellukka, og ei boklov vil bidra til å styrkja dette.

Det er lagt ned eit grundig forarbeid til lovforslaget og for overordna merknader viser vi til høyringssvar innsendt frå Nynorsk forum. Litteraturselskapet er samd i at boklova må ha ein språk- og litteraturpolitisk føremålsparagraf. Lovutkastet har dette, men lova tek ikkje tilstrekkeleg omsyn til norsk språkpolitikk. Det språkpolitiske ansvaret omfattar eit særleg ansvar for å fremja nynorsk som det minst bruka norske skriftsspråket.

I resten av dette høyringssvaret vil vi konsentrera oss om dei punkta der departementet har alternativ og ber om svar på desse, og punkt relatert til det.

Det første gjeld kva type utgivingar lova skal omfatta.

§ 3. Lovens virkeområde

Loven gjelder for omsetning av bøker på bokmål, nynorsk eller samiske språk utgitt av norsk leverandør for salg gjennom norsk forhandler.
Loven gjelder likevel ikke ved salg til sluttkunde i en annen stat. Loven gjelder for omsetning av skjønnlitteratur, sakprosa, [fagbøker for profesjonsmarkedet og lærebøker for høyere utdanning,] uansett publiseringsformat.

Her stør Litteraturselskapet alternativ 1, at lova også bør gjelda for fagbøker for profesjonsmarknaden og lærebøker for høgare utdanning. Også for denne bokgruppa har det norske boksystemet fungerert godt, sikra ein brei og allsidig produksjon av akademisk litteratur og god distribusjon til sluttkunde.

Høyringsnotatet går systematisk igjennom argumenta for å inkludera fagbøker for profesjonsmarknaden og lærebøker for høgare utdanning, og vi sluttar oss til dei argumenta som er lagt til grunn, at studentar føretrekk papirbøker (eventuelt støtta av digitale tillleggsressusar) og at campusbokhandel, slik pensummarknaden har utvikla seg, står for eit omfattande informasjons- og rettleiingsarbeid overfor studentane.

Vi vil nytta høvet til å streka under at for fagbøker for profesjonsmarknaden og lærebøker for høgare utdanning er fastpris særleg viktig. Dei språklege grunnane – at fagspråk er avgjerande for å sikra eit fullverdig og samfunnsberande språk – er godt kjent. I tillegg er det verd å ta med at dette er utgjevingar det tek lang tid å utvikla (fleire år) og at det også tek lang tid å få dei vurdert av pensumveljarar og etablert på pensumlistene. Tidsperspektivet tilseier at både forfattarar og forlag må ha føreseielege rammevilkår for å kunne investera tid, ressursar og økonomiske middel i dette arbeidet. Vi vil også nytta høvet til å understreka at for mindre forlag og for små fagområde er fastpris særleg viktig, slik det også er framheva i høyringsnotatet.

I høyringsnotatet side 25–26 blir det peikt på at fastpris på lærebøker for høgare utdanning kan hindra innovasjon av digitale forretningsmodellar på dette området. Slik vi ser det vil forslaget om å kunna tilby rabatt på pakkar med ulike format av same tittel avgrensa denne potensielt uheldige verknaden. Når det gjeld strøymetenester, som allereie er utvikla for bokgrupper omfatta av fastpris, er det springande punktet om heilt nye titlar som framleis er i fastpris kan inngå i slike tenester. Dette meiner vi lett kan løysast ved å tilretteleggja for eksemplarsal av desse utanom abonnement, slik det er foreslått for lydbøker.
Det andre gjeld lengda på fastprisperioden.

§ 5. Fastpris på bøker

Leverandøren skal sette en fastpris for hvert publiseringsformat for den enkelte tittel. Fastprisen gjelder for leverandører og forhandlere i [12][18] måneder fra første gang tittelen utgis av en norsk leverandør.

Litteraturselskapet stør her framlegget om atten månader rullerande fastpris. Dette vil bidra til meir føreseielege vilkår for forfattarar, forlag og forhandlarar og sikra breidde og mangfald. Når det gjeld strøyming er det då viktig at det vert lagt til rette for eksemplarsal i fastprisperioden, og dette gjeld både lydbøker og ebøker.
Det tredje gjeld avanseregulering.

§ 11. Vilkår for forhandlinger mellom leverandør og forhandler

Avtaler regulert av denne loven kan ikke inneholde særlig gunstige vilkår basert på eierskap mellom leverandør og forhandler.
[For papirbøker som har fastpris i henhold til § 5, skal det være en maksimalsats og en minimumssats for innkjøpsrabatt fra leverandør til forhandler. Dette er ikke til hinder for at leverandør og forhandler kan inngå individuelle avtaler om andre ytelser, så lenge gjensidige tiltak bidrar til å oppnå lovens formål og er målbare. Rabatter i henhold til § 8 gjelder uavhengig av denne bestemmelsen.

Departementet gir forskrift om størrelsen på satsene.

Departementet kan gi forskrift om rabatter for innkjøp av e-bøker og digitale lydbøker.]

Litteraturselskapet stør departementets forslag om avanseregulering (maksimalsats og minimumssats) slik det er formulert i lovutkastet for bokgruppe 3 til 5, men ber om at det vert gjort unntak for bokgruppe 2 (fagbøker for profesjonsmarknaden og lærebøker for høgare utdanning).

Bokgruppe 2 (fagbøker for profesjonsmarknaden og lærebøker for høgare utdanning) vert i dag selt både i campusbokhandel, vanleg fysisk bokhandel, nettbokhandel og direkte frå forlaga. Salet er i all hovudsak avhengig av at boka eller ein stor del av boka er pensum, men campusbokhandel tilrettelegg for sal ved å hente inn pensumlister frå institusjonane, tilby bøker på campus og gjennom informasjon og rettleiing til studentane. Fordi dette salet artar seg litt annleis enn salet i gruppe 3 til 5, er den gjennomsnittlege rabatten frå forhandlar til leverandør ein del lågare, og det må den også vera ettersom økonomien i mange verk er marginal og ikkje tener seg inn før etter sal over mange år (dette er eit særpreg for pensumlitteratur for høgare utdanning).

For å oppsummera

Litteraturselskapet stør framlegget til boklov med forslag til mindre justeringar.

  • At fagbøker for profesjonsmarknaden og lærebøker for høgare utdanning vert omfatta av lova.
  • At det vert atten månader rullerande fastpris, føresett at det i digitale abonnementstenester vert lagt til rette for eksemplarsal av ebøker i fastpris
  • At det vert avanseregulering for bokgruppe 3 til 5, men ikkje for bokgruppe 2

På vegner av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget

Svein Olav B. Langåker

rådsordførar
sign.

Vedlegg