Forsiden

Høringssvar fra Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur

Dato: 28.09.2022

Svartype: Med merknad

NK er positive til at lova får ein språk- og litteraturpolitisk føremålsparagraf. I kapittel 4.1 gjer departementet greie for samanhengen mellom språklova og boklova. Gjengivinga av tilhøvet mellom bokmål og nynorsk er likevel ikkje presist nok. I dette lovframlegget er det berre slått fast at bokmål og nynorsk er jamstilte skriftspråk. Språklova er meir presis. I § 1 er det i siste leddet slått fast at det er «[…] eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket».

Vi minner om at prinsippet om å vurdere stoda for nynorsk spesielt når ein vurderer regelverk eller politikk for norsk språk. Det har vore gjeldande frå St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining, og lovfesta i språklova frå 1.1.2022. I merknadene til dei enkelte paragrafane er det om § 1 tredje ledd slått fast at dette «[…] lovfestar eit prinsipp om å vurdere situasjonen for nynorsk som mindretalsspråk spesielt – til dømes i politikkutvikling eller regelverkspraktisering som gjeld norsk språk. […] «Fremje» skal tolkast slik at det er pålagt det offentlege å auke bruken av nynorsk på ein måte som går vidare enn det som følgjer av særlovgiving til §§ 12–18».

Nynorsk kultursentrum ønskjer med bakgrunn i dette å føreslå at § 1 vert endra til:

§ 1. Formål

Lovens formål er å legge til rette for bredde, mangfold og kvalitet i norsk litteratur og å sikre god tilgjengelighet til litteraturen for alle i Norge.

Loven følger opp formålet i lov om språk, skal sikre bokmål, nynorsk og de samiske språkene og skriftkulturene i Norge. Det språkpolitiske ansvaret omfatter et særlig ansvar for å fremme nynorsk og de samiske språkene som mindretallsspråk.

Loven skal også ivareta forfatter- og leserinteresser og legge til rette for et mangfold av aktører og bidra til å fremme kultur- og kunnskapsformidling.

Dette tydeleggjer mindretalsansvaret, og bør etter vårt syn opne for at forskriftene som det vert laga heimlar for i denne lova, kan inkludere særlege tiltak for å fremme litteratur på nynorsk og dei samiske språka. NK meiner departementet må greie ut og finne løysingar for at boklova kan vere eit betre verkemiddel for å sikre tilgangen til nynorsk litteratur.

Nynorsk kultursentrum bed også departementet legge fram ei vurdering av tiltak som kan sikre at bokpolitikken følgjer opp intensjonane i språklova, og sørgjer for fleire bøker på nynorsk og dei samiske språka, saman med ein proposisjon om boklova.

Nynorsk kultursentrum stiller gjerne opp i møte for å utdjupe og drøfte framlegg til løysingar på fleire av problemstillingane som er lagt fram i dette høyringsnotatet.

Reidar Sandal
styreleiar

Per Magnus Finnanger Sandsmark
direktør