Høringssvar fra NORLA, senter for norsk litteratur i utlandet
NORLA, Senter for norsk litteratur i utlandet, fremmer norsk litteratureksport gjennom promosjonsarbeid og tilskot til omsetjing. Drifta er finansiert av Kulturdepartementet. NORLA er del av det norske verkemiddelapparatet for internasjonalisering av norsk litteratur.
Fråsegna frå NORLA vil kort kommentere forslaga i utkastet fordi det norske litteratursystemet har betydning for internasjonalisering og vegen ut i verda for bøker og forfattarar.
I kapittel 2.2 Det litterære systemet i Norge i høyringsnotatet, blir den internasjonale marknaden nemnd som ein måte å måle om eit lands litteratur held høg kvalitet. Internasjonalt gjennomslag for mange norske forfattarar er ein indikator på kvalitet saman med mangfald og sjangerbreidd i utgiving og det at lesing held seg på eit høgt nivå.
Kapitlet går gjennom faktorar som har bidratt til utviklinga av ein litteratur av høg kvalitet, som innkjøpsordning, faste avtaler mellom forlag og bokhandel (Bokavtalen), mellom forlag og forfattar (normalkontraktar), unntak frå meirverdiavgift og unntak frå konkurranselovgining.
I NORLAs gir tilskot for å dekke kostnadene til omsetjing, og utanlandske forlag kan søke om dette. I 2019 innvilga NORLA tilskot til 572 utgivingar til 47 språk, som omtalt i høyringsnotatet. 404 av tilskota gikk til skjønnlitterære bøker for vaksne og for barn og unge i alle aldrar. Det var 168 sakprosautgivingar innafor narrativ non-fiction, populærvitskap og kunnskapslitteratur som fikk omsetjingsstilskot. Når vi tel opp talet på titlar og forfattarar i materialet, ser vi at det omfattar 372 ulike titlar, og 257 ulike forfattarar. Det fortel at det er stor breidd i litteraturen som reiser over landegrensene frå Norge.
At mange ulike stemmer frå Norge kan lesast på mange språk er eit gode for lesarane. Gjennom bøkene får dei tilgang til eit meir mangfaldig syn på vår samtid og får høve til å bli kjent med andre geografiske område enn det frå før kjente. Å kunne presentere eit lands ulike litterære stemmer internasjonalt bidrar til ytringsfriheit.
I ei undersøking vist i bransjebladet The Bookseller var norsk på 9. plass i salsstatistikken for omsett skjønnlitteratur i Storbritannia i 2021. Norsk litteratur nyt stort gjennomslag internasjonalt, ikkje minst dersom ein vurderer dette i høve til folketalet. Som ein følgje av den litterære breidda blir mange norske forfattarar internasjonalt kjente og får internasjonale prisar.
Litteratursystemet som er bygd opp i Norge gjennom tiår, og som er basert på dei nemnde verkemidla der faste bokprisar er sentralt, påverkar utbreiing av lesing og rekruttering av forfattarar som får høve til å utvikle internasjonale forfattarskap til glede for lesarane. NORLA støttar derfor framlegget til faste bokprisar i boklova.
I forslag til boklov blir det i § 4. Normalkontrakt opna for at forfattarar, illustratørar og omsetjarar kan samarbeide med leverandørar om normalkontraktar som inneheld avgjerder om honorarsatsar for forfattarar og illustratørar, provisjonssatsar for deires agentar, og omsetjararhonorar. Dette for å gjere det mogleg for partane i den norske bokbransjen å halde fram med standardiserte og kollektive avtalar etter partanes ønske. Departementet kan gi forskrift om særlege tilfelle der normalkontraktar skal brukast.
NORLA støtter dette, som er ei vidareføring av dagens praksis i bokavtalen. Men vi ber departementet sjå nærmare på om provisjonssatsar for agentar høyrer heime her sett opp mot den internasjonale marknaden. Vi har ikkje hatt anledning til å vurdere dette i detalj, men vil sjå nærmare på det, gjerne i dialog med departementet.