Høringssvar fra Norsk Bibliotekforening
Høyringsinnspel til boklova frå Norsk Bibliotekforening
Norsk Bibliotekforening er ein interesseorganisasjon for bibliotek og bibliotekbrukarar, med til saman 2700 personlege og institusjonelle medlemer. Vi organiserer heile bibliotek-Noreg med både folkebibliotek, universitets- og høgskulebibliotek, andre fagbibliotek og skulebibliotek.
Overordna meiner vi at ei boklov må prøve å balansere interessene fyrst og fremst for forfattarane og lesarane, og at reguleringar som følgje av boklova må vera med og sikre at ein så brei litteratur som mogleg blir skriven og utgjeven på dei norske og samiske språka, samstundes som litteraturen blir tilgjengeleg for lesarane uavhengig av sosioøkonomisk status eller kulturell bakgrunn. Biblioteka er eit viktig ledd for å sikre at alle har tilgang.
Vi meiner at Kulturdepartementet sitt framlegg i hovudsak er godt, og at det på ein god måte balanserer dei ulike omsyna boklova må ta.
I dette høyringssvaret vil vi kommentere kvar enkelt paragraf i framlegget til lov.
§1 Formål
Føremålet med lova dekkjer det aller meste. Vi vil likevel meine at i tillegg til bokmål, nynorsk og dei samiske språka burde ein inkludert dei nasjonale minoritetsspråka. Det finst særs lite litteratur på desse språka i dag, men å inkludere dei inneber ei synleggjering som er viktig i seg sjølv. I tillegg er spelereglane klåre når det blir utgitt litteratur på desse språka. Vi tilrår eit tillegg på siste setning som dette:
[…] styrke skriftkulturen på bokmål, nynorsk, de samiske språkene og de nasjonale minoritetsspråkene.
§2 Definisjoner
Dette er ei opplisting som er utfyllande. Vi har tre merknader.
a. b) bok: Her går ein ut frå at tekstutgåva av boka kjem fyrst, og at den innlesne versjonen kjem etterpå. Notatet og lovframlegget tek ikkje høgd for at det er veldig mogleg å sjå for seg det motsette. Opnar lovteksten for at dersom forlaget vel å gje ut lydutgåva fyrst, så slepp ein unna fastpriskravet? Eller vil fastprisen i så fall gjelde berre tekstutgåva og ikkje lydutgåva dersom tekstutgåva er parallellutgåve av lydutgåva?
Det er elles særs positivt at det er ein vid og formatuavhengig definisjon av «bok», det er mange som treng andre format enn tekst for å lesa eller studere. Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek sitt tilbod dekkjer ikkje alle som treng alternativ til tradisjonell tekst. Det er òg bra at departementet vurderer tiltak for å fremje lydbøker, det er gode grunnar til å sjå lydboka som eit kunstnarleg uttrykk som bør støttast på eigen kjøl.
Norsk Bibliotekforening meiner at rekkjefølgjen av utgivingane må vera irrelevant for om verket er omfatta av lova.
i) Eksemplar. Dette er ikkje definert i lovteksten, sjølv om ein brukar både fysiske og digitale eksemplar i høyringsnotatet. Når det gjeld fysiske eksemplar er det intuitivt, men når det gjeld digitale eksemplar finst det i dag ulike lisensmodellar. Vi meiner at ei rimeleg tolking av «eksemplar» er ein fysisk eller digital kopi av boka som kan brukast av ein person om gongen. Dette er ikkje utgreia av departementet, men bør gjerast i samband med den komande forskrifta.
j) Bibliotek. Det er særs positivt at lovteksten brukar «bibliotek» som omgrep. Dette er eit omgrep som dekkjer både folkebibliotek, utdanningsbibliotek (grunnskule til universitet) og fag- og forskingsbibliotek. Vi veit at universitets- og høgskulebiblioteka i dag ikkje får kjøpt e-bøker og digitale lydbøker til same vilkår som folkebiblioteka, og reknar med at framlegget til boklov òg gjeld dei.
§3 Lovens virkeområde
Når det gjeld språk viser vi til kommentaren under § 1.
Vi støtter framlegget i klammene, om at lova må gjelde fagbøker for profesjonsmarknaden og lærebøker for høgre utdanning òg.
Når det er unntak for grunnskule og vidaregåande skule er grunngjevinga at det ikkje er enkeltpersonar som er sluttkundar, men stort sett berre kommunar, fylkeskommunar og andre som driv skular. Innan profesjonsmarknaden og lærebøker for høgre utdanning vil det vera individuelle kundar, og forfattarar som treng same vern som skjønnlitterære forfattarar og sakprosaforfattarar. Å droppe fastpriskravet for profesjonslitteratur eller høgre utdanning vil òg gjera det mogleg å skvise ut bibliotek ved å setje urimelege prisar ved sal til bibliotek. Dette vil gjelde bøker der mange treng biblioteket, t.d. «Veien til førerkortet» eller ymse metodebøker for høgre utdanning. Mange med dårleg sosioøkonomisk bakgrunn kan koma dårleg ut om det blir eigne «bibliotekprisar» på bøker.
Vi vil òg problematisere unntaket for grunnskule og vidaregåande skule når det gjeld sal til enkeltkundar. Det finst mange privatistar som i utgangspunktet ikkje har tilgang til lærebøkene gjennom skulen eller skulebiblioteket. Sjølv om denne marknaden er liten finst han, og det bør i det minste vera skaffe- og leveringsplikt for lærebøker til grunnskulen og vidaregåande skule.
§4 Normalkontrakt
Ingen merknad.
§5 Fastpris på bøker
Etter å ha vurdert saka i samtalar med fleire aktørar, vurderer vi at dersom det skal vera rullerande fastprisperiode på tittelnivå, må han minst vera 18 månader.
Vi er særs usikre på om fastprisperiode på tittelnivå er fornuftig. Det opnar for spekulering i tidspunktet for lanseringa av ulike format. Det er fornuftig med rullerande fastprisperiode, men det er gode argument for at den bør vera på format og ikkje på tittel. Det vil òg vera lettare å handtere i distribusjonssystemet sidan ISBN-nummeret berre identifiserer det enkelte formatet.
Vi er særs opptekne av at det framleis må vera mogleg å gje rabatt til bibliotek. I arbeidet med forskrifter meiner vi at det bør vera høve til å gje inntil 25 % rabatt. Ein reduksjon av rabatten vil føre til redusert innkjøp til biblioteka og eit dårlegare utval. Dette er ei moglegheit og ikkje ein rett til rabatt, så ramma kan hevast i forskrifta frå dagens 20 %.
Vi minner om at bibliotek må reknast som sluttkunde, og at fastprisen i fastprisperioden såleis òg må gjelde e-bøker og digitale lydbøker til bibliotek.
§§6 og 7: Plikt til å skaffe og levere papirbøker og e-bøker / Plikt til å tilby og levere digitale lydbøker
I høyringsnotatet gjer departementet det klart at ein meiner at papirbøker og e-bøker i prinsippet er det same: «Departementet foreslår at leveringsplikten også skal gjelde for eksemplarsalg av e-bøker. Departementet anser e-bøker som fullverdige bøker og ser ingen grunn til å forskjellsbehandle e-bøker og fysiske bøker når det gjelder plikten til å levere bøker.»
Dette prinsippet støttar vi heilt og fullt. Vi meiner at det òg må gjennomførast for bibliotek. I dag er stoda at bibliotek ikkje får kjøpe eksemplar av e-bøker, men betaler ein pris per lån. Anten i form av pakkar á 10 utlån (6 for lydbøker) eller per enkeltlån.
Vi meiner at med den prinsipielle avklaringa om at bok og e-bok er det same, må det gjerast tydelegare at dette òg gjeld bruk i biblioteka. Kulturrådet har inkludert e-bøker i innkjøpsordningane etter ein slik modell: «Tilgangen til e-bøker gis som digitale lisenser gjennom fylkesbibliotekene. Én lisens tilsvarer én e-bok. E-boka kan bare lånes ut til én låner om gangen, og låneren må være registrert som låner i samme fylke som e-boka lånes ut fra.» I Kulturrådet si ordning er lisensen tidsavgrensa til 5 år.
Bortsett frå at tilgangen er tidsavgrensa og geografisk avgrensa, meiner vi at dette må vera grunnmodellen, og at han må slåast fast i forskrifta til boklova. Biblioteka må ha høve til å byggje opp digitale samlingar av både e-bøker og e-lydbøker. Vi meiner at tidsavgrensinga Kulturrådet nyttar er ei unødvendig avgrensing. Biblioteka bør sjølve få avgjera kva som er relevant og tilgjengeleg i deira digitale samlingar, akkurat som i dei fysiske.
Når dette er sagt: digitale format kan gje moglegheiter som det fysiske formatet ikkje gir. I skulebiblioteka er det t.d. ofte brukt klassesett der 30 elevar skal lesa same bok, og i folkebiblioteka er det lesesirklar der biblioteket brukar tid og ressursar på å skaffe same bok til ei større gruppe. Her er det fullt mogleg å sjå for seg at leverandørane kan tilby pakketilbod når fastprisperioden er over, t.d. med ein pris per brukar for ein tidsavgrensa periode.
I den eksisterande tilgangen folkebiblioteka har til både e-bøker og digitale lydbøker har Nasjonalbiblioteket sin tilrådde modell ført til ein eksplosjonsarta kostnadsvekst utan like stor utlånsvekst. Kompleksiteten i dei ulike modellane har gjort det særs utfordrande for både lånarar og bibliotekarar å finne ut kva som er tilgjengeleg litteratur digitalt. Sidan det berre er ein tilrådd modell og ikkje ein avtale eller forskriftsfesting ser vi òg at praktiseringa er ulik frå forlag til forlag og frå fylkesbibliotek til fylkesbibliotek.
Vi meiner derimot at høyringsnotatet er uklårt og delvis motstridande i §7. I dei andre paragrafane der det blir nemnt avtalar mellom dei ulike partane, er det frivillige ordningar. Det gjeld både § 4 om normalkontrakt, § 8 om litteraturabonnement og § 9 om fellesnedsetjingar. Når det i høyringsnotatet står «Det må inngås egne avtaler mellom partene om pris og utlånsmodell for utlån av digitale lydbøker i bibliotek» samstundes som det i lovteksten står «En leverandør skal levere eksemplarer av digitale lydbøker til enkeltsalg i digitale abonnementstjenester, til forhandlere som omsetter lydbøker og til bibliotek.» blir det ein viss motstrid. Kva skjer om partane IKKJE klarer å bli samde om ein avtale om pris og utlånsmodell? Skal leverandørane setje vilkåra einsidig?
Vår klåre oppfatning er at ein grunnmodell må slåast fast i forskrifta og innebera at biblioteka kan kjøpe digitale enkelteksemplar til same pris som andre sluttkundar i fastprisperioden, føresett at enkelteksemplara blir handsama som om dei var fysiske eksemplar. Altså same modell som e-bøkene Kulturrådet kjøper inn. Når tittelen eller formatet er ute av fastprisperioden kan leverandørar/forhandlarar tilby supplerande lisensordningar.
Dette er noko som EU-domstolen òg har peika på i saka C-174/15:
”Artikel 1, stk. 1, artikel 2, stk. 1, litra b), og artikel 6, stk. 1, i Europa-Parlamentets og Rådets direktiv 2006/115/EF af 12. december 2006 om udlejnings- og udlånsrettigheder samt om visse andre ophavsretsbeslægtede rettigheder i forbindelse med intellektuel ejendomsret skal fortolkes således, at begrebet »udlån« som omhandlet i disse artikler omfatter udlån af et eksemplar af en bog i digital form, når dette udlån foretages, ved at dette eksemplar placeres på et offentligt biblioteks server, og ved at det gøres muligt for en bruger at gengive det nævnte eksemplar ved at downloade det til sin egen computer, idet der i udlånsperioden kun kan downloades et enkelt eksemplar, og idet det eksemplar, som den pågældende bruger har downloadet, ikke længere kan anvendes af vedkommende efter udløbet af denne periode.”
Dette vart òg handsama i lovproposisjonen til lov om opphavsrett, der det står dette på s. 126-128 i Prop. 104 (2016-2017):
“Departementet mener at tolkningen som tidligere er lagt til grunn i hovedsak kan opprettholdes, men at det må gjøres en viss modifikasjon på bakgrunn av dommen. Utgangspunktet er at utlånsretten ikke får anvendelse på digitale overføringer, men i tråd med dommen kan det ikke utelukkes at en handling vil omfattes av utlånsretten og avgrensning av denne retten (dvs. konsumpsjonsregelen) dersom den i det vesentlige er sammenlignbar med utlån av fysiske verk, bl.a. sett hen til definisjonen av utlån i utleie- og utlånsdirektivet artikkel 2 nr. 1 bokstav b. Slik sett må begrepet utlån i lovforslaget § 3 andre ledd bokstav a tolkes litt utvidende i forhold til den tradisjonelle oppfatningen, men departementet kan ikke se at en slik tolkning vil være i strid med ordlyden i forslaget (i slike tilfeller som i nevnte sak kan man si at eksemplar av verket frembys til utlån). Som konsekvens vil også konsumpsjonsregelen få anvendelse på utlån som oppfyller kriteriet EU domstolen har oppstilt. Dermed synes det ikke å være nødvendig å foreta noen lovendringer i lys av dommen. Det fremgår av dommen at EU-retten ikke er til hinder for at anvendelse av regelen om innskrenkning av eneretten gjøres betinget av vilkår om konsumpsjon for det digitale eksemplaret (salg eller annen overdragelse av eiendomsrett mv.) i tråd med opphavsrettsdirektivet artikkel 4 nr. 2. Rettstilanden er her i rask utvikling, og departementet mener at eventuelle klargjøringer av ulovfestet rett i lovteksten derfor bør avventes. “
Etter vår meining vil framlegget til ny boklov fylle desse krava, ved at ein konsekvent snakkar om eksemplar med skaffe- og leveringsplikt.
Ei innvending mot dette, kan vera at eit slikt pålegg om å levere e-bøker og digitale lydbøker kan gripe inn i den frie forhandlingsretten til partane. Etter vår meining handlar boklova nettopp om ei avveging mellom ulike omsyn for å fremje litteraturen, og ei likehandsaming av fysiske og digitale format er i kjernen av dette. Eit slikt pålegg er ikkje meir urimeleg enn andre rettar og plikter som følgjer av lova.
Praksisen dei siste åra gjennom både Kulturrådet si innkjøpsordning og det digitale utlånet formidla av Biblioteksentralen og Bokbasen viser at ein no har system som handterer tilgangsstyring på ein slik måte som departementet skildrar i lovproposisjonen og at ein kan handtere ein digital konsumpsjonsregel.
§§8-10
Ingen merknader til lovteksten.
Vi ser at det er viktig med ei forskrift til § 10 med tanke på at det er ein god del vertikal integrasjon mellom leverandørar og forhandlarar. Då er det viktig at det skjer ei regulering som sikrar levelege vilkår for dei uavhengige leverandørane og forhandlarane.
§11 Vilkår for forhandlinger mellom leverandør og forhandler
Her viser vi til Biblioteksentralen sine merknader.
§12 Ikraftsetting
Ingen merknader.
Med venleg helsing
Norsk Bibliotekforening
Vidar Lund
leiar