Høringssvar fra Høgskulen på Vestlandet
Svar på høyring om ny boklov
Vi viser til høyringsbrev med forslag til ny boklov, og takkar for at Høgskulen på Vestlandet (HVL) får kome med innspel.
Ei arbeidsgruppe ved biblioteket på Høgskulen på Vestlandet har arbeida fram eit grunnlag for dette høyringssvaret ilag med språkpolitisk utval.
I dette svaret vil vi konsentrere oss om fem punkt i høyringa.
(4.3) Lova sitt verkeområde
(4.3.2) Departementet ber om høyringsinstansane sine synspunkt på om fagbøker for profesjonsmarknaden og lærebøker for høgare utdanning skal være omfatta av verkeområdet:
Høgskulen på Vestlandet støttar det første alternativet: At fagbøker for profesjonsmarknaden og lærebøker for høgare utdanning blir omfatta av lova sitt verkeområde. Vi er bekymra for kva som vil skje med den frie lærebokproduksjonen, viss leverandørar får moglegheit til å lukke lærebøker inn i digitale abonnementstenester i staden for at dei blir omsett fritt slik som i dag. Vi som jobbar med studentar og vitskapeleg tilsette noterer oss at desse brukargruppene i hovudsak etterspør lærebøker i trykt form og gjerne på norsk.
(4.5.2) Lovfesting og fastpris
Høgskulen på Vestlandet støtter fastpris på alle bøker i alle format. I tillegg til fastpris, bør fritak frå meirverdiavgift gjelde alle bøker, både trykte og bøker i lyd- eller e-bokformat.
Fastpris på fagbøker og lærebøker for høgare utdanning er eit viktig språk- og litteraturpolitisk verkemiddel. Det vil sikre faste prisar på pensumbøker og en aktiv fagbokproduksjon på norsk. Dette er spesielt viktig for små fagfelt. I tillegg sikrar det at ein kan oppretthalde eit spreidd forhandlarnett med mangfald og breidde av titlar.
(4.5.2.3) Berekning av varigheita på fastprisen
Det blir føreslått at fastprisen skal være rullerande, med ei varigheit på 12 eller 18 månader frå utgjevingsdato. Nokre pensumbøker kjem hyppig i nye utgåver. Desse vil med lengre fastprisperiode kunne få «evig fastpris». Vi meiner difor at fastprisen ikkje bør vere lengre enn 12 månader. Her er det viktig å peike på at frå eit studentperspektiv er prisen på lærebøkene ein vesentleg faktor, og det er viktig å passe på at ei ny boklov ikkje bidrar til auka prisnivå.
(4.6.2.1) Rabattar til bibliotek, kvantumsrabattar og tittelrabatt på ulike format
Høgskulen på Vestlandet støtter departementet sitt forslag om å gi rabattar til sluttkundar som bibliotek. For ein høgskule er bibliotekrabatten på minimum 20 prosent avgjerande for at vi skal kunne ha et breitt tilbod til studentane.
Vi støtter rabatt ved kjøp av forskjellige format av same tittel. Dette er viktig for både bibliotek og studentar. Biblioteket har brukarar med ulike behov. Studentar på campus vil helst ha trykte bøker og fjernstudentar kan dra betre nytte av e-bokversjonen. Mange studentar vil likeins kunne dra nytte av å kjøpe bøkene i begge format utan å måtte betale dobbelt. E-bøker og trykte bøker har ulike fortrinn og kan brukast om kvarandre.
(4.7) Plikt til å skaffe og levere bøker
Det er viktig at skaffe- og leveringsplikta blir oppretthalden. Ordninga kan avgrensast til bokhandlarar som har bokhandel som hovudverksemd.
Høgskulen på Vestlandet støtter departementet sitt forslag om at leveringsplikta lovfestast til også å gjelde for eksemplarsal av e-bøker.
Beste helsing
Språkpolitisk utval ved HVL