Forsiden

Høringssvar fra Vestland fylkeskommune

Dato: 10.11.2022

Svartype: Med merknad

Samrøystes vedtak i Fylkesutvalet i Vestland - 8.11.2022

1. Vestland fylkeskommune vil legge vekt på at det vert gitt gode vilkår for heile det litterære kretsløpet og lagt til rette for like konkurransevilkår for aktørane i bokbransjen, samt lik tilgjenge til litteratur for folk i heile landet.

2. Vestland fylkeskommune ser det som positivt at Bokloven har som mål å sikre ein brei og mangfaldig litteraturproduksjon, og lik tilgjenge til litteratur over heile landet. Ein formålsparagraf styrker forankringa av loven i den overordna kulturpolitikken, noko fylkeskommunen ser som viktig.

3. Vestland fylkeskommune ser det som riktig at den nye loven ser både bokmål, nynorsk og dei samiske språka som viktige når det gjeld styrking av skriftkulturen. Ein bør likevel vurdere om alle dei nasjonale minoritetsspråka skal nemnast i formålsparagrafen slik dei gjer i Språklova.

4. Vestland fylkeskommune er positive til at digitale lydbøker kjem inn i bokloven, og at det er skrive inn ei plikt til å levere digitale lydbøker til bibliotek. Om dette punktet skal resultere i endra praksis, vil det vere viktig å ta med ein innkjøps- og utlånsmodell for bibliotek i ei forskrift til loven.

5. Vestland fylkeskommune støtter forslaget om å gjere fastprisperioden lik for alle bøker, og ser ein fastprisperiode på 18 månader som fordelaktig for forfattarar, forlag og mindre bokhandlarar, utan at det i for stor grad er til ulempe for lesarane. Forfattarøkonomien er sårbar innanfor eit lite språkområde, og bør styrkast for å oppretthalde breidde og mangfald i norsk litteratur. Det er likevel viktig at det framleis skal vere mogleg å gi rabatt til bibliotek.

6. Vestland fylkeskommune ser at nye format, digitalisering og ein global marknad byr på både nye problem og moglegheiter både for forfattar, forlag og bokhandlarar. Det er viktig at ein ny boklov også kan vere open nok til å kunne ta opp i seg utviklinga, og vareta dei ulike ledda i åra framover.

7. Vestland fylkeskommune vedtek å sende over dette saksframlegget til Kultur- og likestillingsdepartementet som høyringssvar til forslag til lov om omsetning av bøker (bokloven).

Vedlegg