Forsiden

Høringssvar fra Nynorsk forum

Dato: 22.09.2022

Svartype: Med merknad

Nynorsk forum består av organisasjonane i BUL i Oslo, Dag og Tid, Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Jærmuseet/ Garborgsenteret, Kringkastingsringen, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Norsk Barneblad, Norsk Målungdom, NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter, Nynorskfylket Vestland, Nynorsk kultursentrum og Nynorsk pressekontor. Me er samde om dette innspelet til ny boklov.

Nynorsk forum er oppteken av at boklova må ha ein språk- og litteraturpolitisk føremålsparagraf. Lovutkastet har dette, men lova tek ikkje tilstrekkeleg omsyn til norsk språkpolitikk. I kapittel 4.1 vert det gjort greie for samanhengen mellom språklova og boklova. Gjengivinga av tilhøvet mellom bokmål og nynorsk er likevel ikkje presist nok. I dette lovframlegget er det berre slått fast at bokmål og nynorsk er jamstilte skriftspråk. Språklova går lenger. I § 1 er det i siste leddet slått fast at det er «[…] eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket».

Nynorsk forum meinerr med bakgrunn i dette å føreslå at § 1 vert endra til:

§ 1. Formål

Lovens formål er å legge til rette for bredde, mangfold og kvalitet i norsk litteratur og å sikre god tilgjengelighet til litteraturen for alle i Norge.

Loven følger opp formålet i lov om språk, skal sikre bokmål, nynorsk og de samiske språkene og skriftkulturene i Norge. Det språkpolitiske ansvaret omfatter et særlig ansvar for å fremme nynorsk og de samiske språkene som mindretallsspråk.

Loven skal også ivareta forfatter- og leserinteresser og legge til rette for et mangfold av aktører og bidra til å fremme kultur- og kunnskapsformidling.

Dette tydeleggjer mindretalsansvaret. Det bør også opne for at forskriftene som det er laga heimlar for i denne lova skal kunne inkludere tiltak for å fremme litteratur på nynorsk og dei samiske språka. Nynorsk forum ventar at ein proposisjon om språklova inneheld politiske tiltak for å sørgje for fleire bøker på nynorsk og dei samiske språka.

Nynorsk forum minner om at det er eit politisk mål å auke talet og delen lovar på nynorsk. Kultur- og likestillingsdepartementet bør sørgje for at nye lovar vert lagt fram på nynorsk slik at delen aukar.

Beste helsingar frå

Per Magnus Finnanger Sandsmark
sekretær Nynorsk forum
direktør Nynorsk kultursentrum