Forsiden

Høringssvar fra Møre og Romsdal fylkeskommune

Dato: 08.11.2022

Svartype: Med merknad

Samrøystes vedtak i Fylkesutvalet i Møre og Romsdal - 31.10.202

1) Fylkesutvalet i Møre og Romsdal er positiv til at lovforslaget legitimerer biblioteka som ein viktig aktør på litteraturfeltet og at lovforslaget vil sikre tilgangen på digitale lydbøker i tillegg til papirbøker og e-bøker. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vil samstundes peike på utfordringar kring Nasjonalbibliotekets anbefaling til modell for utlån av e-bøker og digitale lydbøker i bibliotek, og oppmodar Kultur- og likestillingsdepartementet å utarbeide ei forskrift som erstattar denne.

2) Fylkesutvalet i Møre og Romsdal er uroa for at lærebøker for grunn- og vidaregåande skular er ekskludert frå lova, og oppfordrar Kultur- og likestillingsdepartementet å sikre tilgang til bøker for elevar som ikkje er inkludert i eit vanleg skuleløp. Samstundes er fylkesutvalet positiv til at lovforslaget legg opp til at fagbøker for profesjonsmarknaden og lærebøker for høgare utdanning skal inngå i lova sitt verkeområde, og at lovforslaget inneber skaffe- og leveringsplikt for lærebøker i høgare utdanning uavhengig av format. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal meiner dette kan styrke den allmenne tilgangen til kunnskap for innbyggarane.

3) Fylkesutvalet i Møre og Romsdal viser elles til dei vurderingar som er gjort av fylkeskommunedirektøren.

Vedlegg