Forsiden

Høringssvar fra Eininga for ergo, fysio og friskliv Ørsta kommune

Kommentar til forskrift

Dato: 07.11.2017

Svartype: Med merknad

Kommentar til høringsnotat vedr. forslag om endring av forslag om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator

 

  1. Vi stiller spørsmål ved konsekvensar dette har i praksis. Å ikkje definere rehabilitering som tidsavgrensa kan på mange måter bli vanskelig – slik vi les forslaget til definisjonen vert f.eks. all fysioterapi definert som rehabilitering, også såkalla «vedlikhaldstrening». Altså; kurativ verksemd for fysioterapeutar vert då definert som rehabilitering, for nokre i livslang tid. Er dette å femne om definisjonen rehabilitering litt langt?

 

  1. Korleis kan vi passe på at dei pasientane vi definerer pr. i dag som rehabiliteringspasientar vert ivaretekne med planar, koordinatorar og tverrfagleg samarbeid? Tidligare definisjon har fokus på TVERRfaglegheit og tidsavgrensa tiltak. Slik den nye definisjonen er foreslått, er rehabilitering like mykje rehabilitering dersom berre ein yrkesutøvar har tiltak.

 

  1. Ordet tverrfagleg bør framleis omfatte den nye definisjonen. Dette manglar. Den gamle definisjonen var tydeleg på tverrfaglegheit (der fleire profesjonar samarbeider), medan den nye definisjonen har meir fokus på fleirfaglegheit (profesjonar jobber på «kvar si tue» eller heilt åleine om rehabilitering).

 

  1. Kva er då forskjell på for eksempel fysioterapi og rehabilitering? Den nye definisjonen gir moglegheit for å tolke at rehabilitering = fysioterapi. Det er absolutt ikkje ønskeleg. Man har i mange år jobba for å få ein definisjon som syner at rehabilitering er meir enn å trene med fysioterapeut – med den nye definisjonen vert det vansklegare å argumentere med det sett ut frå eit brukarperspektiv.
  1. Kvardagsrehabiliteringsteama i kommunene jobbar utfrå den gamle definisjonen – der tiltak vert iverksett tverrfagleg og tidsavgrensa. Det same er brukarar som er er på rehab opphald i helseforetaka. Når kan dei i praksis sei at pasienten er ferdig rehabilitert?

 

  1. Vert det slik at alle med f.eks vondt i rygg og har fått ein slitasje i ryggen kan kalle seg rehabiliteringspasient? Gjerne for livet ut?

Vi stiller oss noko undrande til konsekvensane i praksis – og om vi lager fleire rehabiliteringspasientar ute blant brukarane utifrå ein breiare definisjon. Og ikkje minst: Om alle pasientar som treng f.eks fysioterapi no vert å definere som rehabiliteringspasientar. Då fryktar vi at det man har jobba veldig mykje med i årevis om å få ein forståing av at rehabilitering er samansett, tverrfagleg og føregår 24 timar i døgnet for dei dette gjeld forsvinn heilt.

 

Mvh.

Eininga for ergo, fysio og friskliv i Ørsta kommune,

V/ Einingsleiar Ragnhild Svensli