Forsiden

Høringssvar fra Hjelmeland kommune

Dato: 17.02.2020

Hjelmeland kommune har følgende kommentarer til endringsforslaget

Hjelmeland kommune er glad for at departementet vil styrke helsehjelpa til barn og unge i kommunane. Ei slik satsing vil kunne bidra til mindre lidelse, og at færre barn og unge treng hjelp fra spesialisthelsetenesta. Vi ønsker likevel ikkje at det åpnes for at denne utvida oppfølginga skal skje i helsestasjon- og skulehelsetjenesta, men at ein heller knytter utvida behandling til familiesenter/tverrfaglige team.

Redusert helsefremmande og forebyggande tilbud til alle barn og unge

Helsestasjon- og skulehelsetenesta er den einaste tenesta som har som formål å fremme helse og utvikling, og forebygge sjukdom og skader. Tenesta blir derfor ofte omtalt som hjørnesteinen i folkehelsearbeidet. Ved å åpne for enda meir behandling, koordinering og annen individuell oppfølging, frykter vi for at det grupperetta folkehelsearbeidet nedprioriteras, og at også denne tjenesta bruker det meste av ressursane på enkeltbarn og unge. Presset på individuell oppfølging er allerede stort. Helsesjukepleiarne bruker svært mykje, kanskje det meste av si tid på individuell oppfølging allereie. Dersom ein åpnar opp for enda meir behandling og annen individuell- og kanskje langvarig oppfølging, forventar vi at det grupperetta helsefremmande og forebyggande arbeidet som nå tilbys alle barn og unge, vil lide. Forslaget harmonerer slik ikkje med departementets og kommunens satsing på det universelle folkehelsearbeidet.

Det seies at forslaget ikkje vil medføre ekstra kostnader, og at det heller ikkje er meint å medføre konsekvensar for den forebyggande og helsefremmande innsatsen. Vi vurderer at økt innsats i behandling og annen individuell oppfølging nødvendigvis vil medføre ekstra kostnadar eller reduksjon av det universelle, helsefremmande og forebyggande arbeidet.

Heller tverrfaglig og spisset kompetanse

Dei fleste problem det søkast hjelp for i helsestasjon- og skulehelsetenesta, er knytta til psykiske vanskar. Ein utviding av helsesjukepleiars individuelle oppfølging vil etter vårt syn ikkje være av det gode, fordi barn og ungdom vil ha langt bedre nytte av tverrfaglig og spisset kompetanse når kortvarig hjelp av helsjukepleiar ikkje er tilstrekkelig.

Dersom ein legger BEON (beste effektive omsorgsnivå) prinsippet til grunn, må ein være opptatt av at hjelpa som gis er rett og effektiv. Det er svært gode erfaringar med kommunale familiesenter/tverrfaglige team som struktur for utvida tilbud om lavterskel psykisk helsehjelp når det trengs meir hjelp enn helsestasjon- og skulehelsetenesta kan tilby. Dette har Hjelmeland kommune god erfaring med.

Det er nokre gongar nyttig, men sjelden tilstrekkeleg å berre gi veiledning og behandling til barnet/den unge. I tillegg til høy og tverrfaglig kompetanse, har ofte familiesenter ein systemisk praksis, som sikrer at barn og unge får heilhetlig hjelp ved at viktige voksne rundt barnet/ungdommen får hjelp til å møte dem på ein utviklingsstøttande måte.

Vi er bekymra for at barn og unge ikkje får rett og god hjelp tidlig nok, om ein legg til rette for at helsestasjon- og skulehelsetenesta kan følgje opp barnet/den unge lengre. Helsesjukepleiar er generalist, og har spesialkompetanse i helsefremmande og forebyggande arbeid. Vi er redd for at det som presenteres som ein mulighet, kan bidra til at kommunar ikkje tilbyr hjelp av god nok kvalitet (jf. krav om forsvarlig standard og omfang).

Da mange, kanskje dei fleste kommunar allereie har lavterskel tverrfaglige tilbud som fungerer svært godt, er vi undrande til kvifor ein ikkje heller tydeliggjer forventningane til kommunane om kva kommunane skal tilby av lett tilgjengeleg behandling og anna oppfølging, og at kommunane må ha ein organisering av hjelpa som bidrar til at familiane kan ta direkte kontakt og ikkje opplever tenestane som byråkratiske og fragmenterte.

Somatiske plager

Det er få barn i Norge som har somatiske plager av ein slik art at dei trenger behandling. Vi opplever at disse barna får god hjelp av fastlegar og spesialisthelsetenesta, og at det vil være lite helsestasjon- og skulehelsetenesta kan bidra med her.

Oppsummering

Etter vår vurdering vil endringsforslaget ikkje bidra til formålet om effektiv ressursbruk og god hjelp, heller det motsatte. I tillegg vil det universelle helsefremmande og forebyggande arbeidet settes under press.