Høringssvar fra Bjørnafjorden kommune
Uttale til høyringsnotat
Me er bekymra for at det kan verta mindre fokus på helsefremjande og førebyggjande arbeid dersom tenesta vår i tillegg skal driva behandling av psykiske og somatiske plager.
I flg endringsforslaget skal tenesta ikkje få nye oppgåver og plikter. Føremålet er likevel at tenesta skal endrast til også å inkludera behandling og oppfølging for både psykiske og somatiske helsetilstander. Dette oppfattar me som sjølvmotseiande.
Forskrifta er ikkje tydeleg på kva ein legg i lettare psykiske og somatiske helseplager. Korleis og av kven skal dette definerast?
Helsestasjon- og skulehelsetenesta skal utjevne sosial ulikskap. Endringa vil truleg føre til ulike tenestetilbud til barn og unge, sidan kommunane står fritt til å organisere tenesta.
Med helsing
Leiande helsesjukepleiarar i omegnskommunar til Bergen