Høring - Endring i forskrift om kommunal betaling for utskrivningsklare pasienter - Innføring av betalingsplikt for utskrivningsklare pasienter i psykisk helsevern og TSB

Høringssvar fra Bø kommune i Telemark

Dato: 23.11.2016
Svartype: Med merknad

 

Bø kommune er einige med departementet om at det skal settast krav om tidleg kontakt mellom spesialisthelsetenesta og kommunen, og at det skal utarbeidast ein oppfølgingsplan (som definerer vidare oppfølging frå både kommunen og spesialisthelsetenesta). Når det gjeld dei to alternativa:

Alternativ 1: Krav om tidleg kontakt skal gjelde for pasientar i psykisk helsevern og TSB med behov for tenester frå både helse- og omsorgstenestane i kommunen og frå spesialisthelsetenesta etter utskriving

Alternativ 2: Krav om tidleg kontakt skal gjelde pasientar i psykisk helsevern og TSB som spesialisthelsetenesta antar vil ha behov for omfattande kommunale helse- og omsorgstenester etter utskriving

Tenkjer vi at alternativ 1 er å føretrekke. Årsaka til dette er at det er det alternativet som best signaliserer at det vil vere behov for oppfølging frå både det kommunale tenesteapparatet og spesialisthelsetenesta etter utskriving (begge desse tenestenivåa er særs viktige i det vidare arbeidet for desse pasientane etter utskriving).

Bø kommune stør forslaget om å ta i bruk ei ordning med betalingsfrie karensdagar dei tilfella kommunen må skaffe til veie eit adekvat bu-tilbod for pasientar som har behov for det. Det er likevel grunn til å påpeika, særleg for mindre kommunar, at tre karensdagar ofte vil vere for lite viss det handlar om kommunen sin reelle muligheit til å ordne bustad. Dette gjeld dei tilfella der dette med bustadproblematikken kjem opp først når pasienten definerast som utskrivingsklar, eller når pasienten har eit veldig kort behandlingsløp i spesialisthelsetenesta (få dagar frå innskriving til utskriving). Bø føreslår at ein sett ei grense på 5 karensdagar. Viss det i desse tilfella og er snakk om å få på plass fleire årsverk vert utfordringa for kommunen enda større (tilsettingsprosessar tek ofte fleire månadar). Det er likevel å håpe at det nye kravet om tidleg kontakt mellom spesialisthelsetenesta og kommunen, vil bidra til at ein i dei aller fleste tilfella vil kunne handtere desse utfordringane på ein god måte. Når det gjeld nytt andre punktum i forskrifta § 8 første ledd: "Forventer spesialisthelsetjenesten at pasienten vil stå uten egnet bolig etter utskrivningen skal varselet opplyse om dette.", meiner vi dette må formuleras på ein annan måte. Det er først etter dialog med kommunen at ein kan konkludere om pasienten har/ikkje har ein egna bustad. Vi tenkjer det ville vere betre om ordlyden var "Hvis spesialisthelsetjenesten i dialog med pasienten får mistanke om utfordringer i fht om pasienten er uten egen bolig, står i fare for å miste boligen eller bor i en uegnet bolig etter utskrivningen skal varselet opplyse om dette.". Med denne ordlyden har ein ikkje slått fast noe, men ein har signalisert mistanke om noe, som det er viktig å følgje opp i den vidare dialogen mellom kommune, pasient og spesialisthelseteneste.

Bø kommune stør forslaget om erstatte omgrepet «sjukehus» med «døgnopphold i helseinstitusjon som omfattes av spesialisthelsetjenesteloven" eller "helseinstitusjon" i kortform

Bø kommune er einige i forslaget om at omgrepet «helsefaglig» utvides til «helsefaglig og psykososial vurdering»

Bø kommune er einige i departementets vurdering om å utvide fagkretsen som kan definere om ein pasient er utskrivingsklar til også å gjelde psykologar, samt at omgrepet «innleggande lege» erstattas med «innleggande instans».

Bø kommune stør forslaget om at spesialisthelsetenesta i dialog med pasienten finn ut kor vedkommande ønskjer vidare oppfølging, og at spesialisthelsetenesta på bakgrunn av det tek kontakt med den kommunen pasienten ønskjer tenester frå (jf. krav om tidleg kontakt). Viss det ikkje er samsvar med den kommunen pasienten ønskjer tenester frå, og den vedkommande er folkeregistrera i, meiner vi at spesialisthelsetenesta må varsle begge kommunane. I dette ligg det ei forståing av at sjølv om ein pasient har rett til å bestemme kor han/ho ønskjer å bu, må vedkommande pasient ta omsyn til at det kan ta tid for den «nye» kommunen å få på plass naudsynte tenester (bustad og årsverk). Samstundes meiner vi og at den kommunen pasienten opphavleg er folkeregistrera i ikkje bør kunne fråskrive seg sitt «ansvar», sjølv om pasienten gir utrykk for at han/ho ønskjer å flytte, rett og slett fordi kommunen er forplikta til å følgje opp sine innbyggarar inntil dei formelt sett har flytta (meldt flytting). Viss denne venteperioden medfører at betalingsplikta for utskrivingsklar pasient slår inn, meiner vi difor den kommunen vedkommande var folkeregistrert i ved innleggingstidpunktet må ta den kostnaden. Vi ser at det er utfordringar med ei ordning der ein legg opp til at ein kommune må betale for ein pasient, mens ein ventar på at ein annan kommune skal få på plass eit forsvarleg tilbod, utan å sjølv kunne påverke denne prosessen. Vi tenkjer at den kommunen kor vedkommande pasient er folkeregistrera i eventuelt da må vurdere om det er mest føremålstenleg å legge til rette for at pasienten flyttar «heim» til dei, mens ein ventar på at den nye kommunen blir klar med sitt tilbod. Vi meiner at denne måten å gjere det på skapar størst rettferdighet i forhold til inntektssystemet kommunane må forholde seg til per i dag, samstundes som det skapar ryddigheit i forhold til folkeregisterlova (ved å handtere det på denne måten kan vi i større grad unngå at desse pasientane flyttar rundt utan at det vert meldt om flytting, som ofte er ei utfordring for denne pasientgruppa).

Bø kommune er einige i departementets vurdering om å bruke meir tid på å finne rett datagrunnlag, slik at den økonomiske overføringa mellom rammene til helseføretaka og kommuneramma kjem til å reflektere dei faktiske forhold i tenesta. Bø kommune stør også departementets vurdering om å sette døgnprisen lik den vi har per i dag innanfor somatikken for å unngå uønskte vridings- og prioriteringseffektar.